Historisk arkiv

17. mai-tale til Den Norske Klub i London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Den Norske Klub, London, 17. mai 2004

Kultur og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

17. mai-tale til Den Norske Klub i London

Den Norske Klub, London, 17. mai 2004

Kjære publikum

Dagens 17. mai feiring med flaggheising, festgudsteneste og barnetog er lagt bak oss, og det kan vera på sin plass med nokre refleksjonar rundt utgangspunktet for feiringa av dagen.

Grunnlova av 17. mai 1814 på Eidsvoll la grunnlaget for ein sjølvstendig norsk nasjon.

For meg som kulturminister er det òg nærliggjande å tenkja på at kulturen var viktig for utviklinga av den norske nasjonalstaten.

Eit namn som Henrik Wergeland, som sjølv hadde ein far som var Eidsvollsmann, er sterkt knytt til feiringa av 17. mai. Henrik Wergeland gjesta faktisk England i 1831, og var inspirert av dei store engelske romantiske diktarane som Shelley, Keats og Byron, diktarar som på sitt sett var så fridomselskande at dei måtte bu mesteparten av liva sine i eksil utanfor England.

Grunnlova var ein viktig føresetnad for unionsbrotet med Sverige i 1905. Ein annan viktig føresetnad var at desse åra var ein gullalder i norsk litteratur, musikk og målarkunst. Ei rekkje diktarar, komponistar og biletkunstnarar bidro til at Noreg blei eit kjent namn og at det å vera norsk blei sett på som noko spesielt.

Dei verdskjente polarforskarane Fridtjof Nansen og Roald Amundsen var også viktige i arbeidet for norsk sjølvstende. Særleg gjorde Nansen, også som norsk ambassadør her i London, eit viktig arbeid for å opna for engelsk aksept av ein komande norsk nasjon.

Då to erklærte republikanarar som Christian Michelsen og Fridtjof Nansen begge gjekk inn for arveleg monarki som styreform i den nye nasjonalstaten, var det ein strategi for å gjera nasjonalstatens fødsel noko lettare. At kongekandidaten, den danske prinsen Carl, var gift med den engelske prinsessa Maud, medverka ytterlegare til å gjera England sympatisk stilt overfor eit sjølvstendig Noreg.

Demokrati, fridom og fellesskap er omgrep som utgjer kjernen ved danninga av nasjonen Noreg. Under 2. verdskrig budde som kjent Noregs konge og regjering her i London under den tyske okkupasjonen av Noreg. Det gjorde også diktaren Nordahl Grieg. Grieg arbeidde med informasjon og journalistikk, og styrkte gjennom dei kjende dikta sine mange nordmenns tru på siger og nytt sjølvstende.

”Vi er så få her i landet” seier Nordahl Grieg i eit av dikta sine. Det er riktig, og derfor er det viktig at vi tar vare på kvarandre. Nordmenn er ein liten del av ei stor og uoversiktleg verd, derfor er samarbeid og solidaritet særleg viktig.

Då kan vi også bli betre i stand til å tilpassa oss til verda utanfor, med den tillit og optimisme som Grunnlova av 17. mai har vore med på å gi oss.

La meg avslutta med eit dikt av Olav H. Hauge, som budde ved Hardangerfjorden, der eg sjølv voks opp. Olav H. Hauge var ofte inspirert av internasjonal lyrikk, han omsette ei rekkje dikt til nynorsk, og han skreiv til og med eit dikt: ”Til Shelley”. Det diktet eg har valt i dag, er ikkje noko utprega 17. mai-dikt, men det inneheld mykje av den optimismen og entusiasmen som høyrer heime på denne dagen.

ALLTID VENTAR EG Å FINNA

Alltid ventar eg å finna
noko som gjev livet verd,
noko som er verdt å vinna,
som kan lyfta meg og tvinna
stål i viljen, stø mi herd.

Løysa meg frå tvils forbanning
so eg audmjuk bøygjer kne
for ei evig livsens sanning
som kan gje meg rettvis kanning,
mål å gå mot, tru og fred.

Sæl er den som sterkt er dregen
og ser Herrens finger skriv.
Orm vert stav, og logeslegen
busk vert grøn att. Leit deg vegen
fyrr den stutte dagen sviv!

Framleis god 17. mai-feiring.