Historisk arkiv

Det 69. norske bibliotekmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Molde, 24. mars 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Det 69. norske bibliotekmøte

Molde, 24. mars 2004

Kjære møtedeltakarar,

Takk for invitasjonen - og høvet til å møta så mange bibliotekvener!

ABM-meldinga frå 2000 og den nye kulturmeldinga som Stortinget skal drøfta om ei veke, vil danna grunnlaget for den statlege bibliotekpolitikken i åra framover. Utvikling av biblioteksektoren skal sjåast i samanheng med arkiv og museum, men også med utdanning, språk og litteratur. Dette reflekterer at biblioteka har viktige oppgåver m.a. når det gjeld

  • kulturpolitikk
  • utdanningspolitikk
  • styrking av demokratiet
  • utdanning og informasjonstilgang
  • litteratur- og kulturformidling

I kulturmeldinga er det lagt til grunn at det skal gjennomførast eit utgreiingsarbeid om sentrale problemstillingar på bibliotekområdet, med ABM-utvikling som hovudaktør og koordinerande instans. Eit hovudformål med utgreiinga er å utforma eit strategidokument som skisserer ein plan for heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor. Framtidige utfordringar må identifiserast, og heile det norske biblioteklandskapet skal analyserast med vekt på å vurdera ulike typar verkemiddel på sektoren: organisatoriske, økonomiske, informative, og legale. Departementet arbeider no med å utforma mandatet og setja saman referansegruppa. Arbeidet vil bli igangsett før sommaren.

Dette er det fyrste bibliotekmøtet etter etableringa av ABM-utvikling. Innanfor bibliotekområdet skal ABM-utvikling ta vare på både folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka. Dette gir eit godt grunnlag for utvikling av eit stadig meir saumlaust bibliotektilbod og for felles tenester for dei forskjellige bibliotektypane.

Det var i i ABM-meldinga at visjonane om det saumlause biblioteket vart lansert – ein visjon, eit omgrep og eit konkret mål som biblioteka har gjort til sitt. Eg vil nemna to større prosjekt som prøver å realisera det saumlause biblioteket - begge har fått prosjektstønad frå ABM-utvikling:

Det saumlause bibliotek Oppland og Biblioteket Østfold
Begge prosjekta legg vekt på at innbyggjarane skal få eit heilskapleg bibliotektilbod på tvers av forvaltningsnivå og sektortilknyting. Tilboda skal tilpassast individuelle behov i eit moderne IKT-samfunn. Informasjonsressursane som norske bibliotek samla rår over, skal gjerast tilgjengelege for alle.

Prosjekta omfattar både det ”fysiske” saumlause bibliotek og det virtuelle døgnopne biblioteket.

Prosjektet i Østfold omfattar til dømes samarbeid om samlingar, søking og tinging av materiale på nett, felles lånekort, transportordning, kompetanse.

I ABM-meldinga vært det sagt følgjande:

Den noverande strukturen med folkebiblioteka som allmennbibliotek og fag- og forskingsbiblioteka som hovudressurs innanfor utdanning og forsking vil vera naturleg i framtida med, men kombinasjonen IKT og eit samfunn som vil verta prega av livslang læring og etter- og vidareutdanningstiltak, vil krevja tettare samhandling mellom alle delar i eit samla biblioteknettverk. Det ideelle målet er å få til eit tilnærma saumlaust bibliotektilbod til brukarane. Det inneber at ein som brukar ikkje skal måtta tenkja på kva for ein type bibliotek ein vender seg til når ein treng bibliotektenester.

I lys av dette vil eg nemne nokre at dei viktigaste utfordringane på bibliotekområdet:

  • å få til strukturendringar slik at flest mogeleg får tilgang til dette samfunnsgodet uansett kvar ein bur i landet
  • å sikra eit sterkt samarbeid mellom bibliotek og andre verksemder, og mellom kommunar, slik at ressursane blir utnytta best mogeleg
  • god organisering og fordeling av ressursar når det gjeld økonomi og kompetanse slik at sluttbrukarane får best mogeleg tenester
  • utvikling av ny kompetanse som sikrar innovasjon og mangfald slik at biblioteka kan vera i framkant av samfunnsutviklinga
  • utviklingsprogram for biblioteka når det gjeld etter- og vidareutdanning – noko som lenge har vore etterspurt. Her kan også fylkesbiblioteka spela ei viktig rolle
  • å gi utdanningssøkjande på alle nivå eit bibliotektilbod som tilfredsstiller dei krava som kvalitetsreforma stiller
  • å sikra folkebibliotektilbod av eit omfang og med ein kvalitet som tilsvarer dei behov innbyggjarane har.

Kva er gjort så langt?
§ 5 i lov om folkebibliotek, med krav om fagutdanna biblioteksjef i alle kommunar, blir ikkje endra m.a. etter eit sterkt engasjement frå bibliotekmiljøet. De gav meg høve til å reversera forslaget frå Stoltenberg-regjeringa. Eit forslag eg var ueinig i. Det er viktig å ta vare på kompetansen i folkebiblioteka. ABM-utvikling har tatt initiativ til ei ny nettbasert utdanning for biblioteksjefar utan fagutdanning, i regi av bibliotekutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Samtidig er det ønskjeleg å stimulera til samarbeid over kommunegrensene for å gi eit kvalitativt godt tilbod til innbyggjarane både når det gjeld innhald og kompetanse i biblioteka.

Norsk digitalt bibliotek er eit prosjekt som har som visjon å gi enkel tilgang til dei samla ressursane i norske bibliotek.

”Norsk digitalt bibliotek" vart starta som eit program i ABM-utvikling hausten 2003. Det er organisert med ein prosjektleiar i ABM-utvikling, med eit rådgivande utval for heile programmet og fleire arbeidsgrupper for nasjonal koordinering av dei ulike komponentane og tenestene i programmet.

Dei største biblioteka, Nasjonalbiblioteket, universitetsbiblioteka og storbybiblioteka, vil få ei rolle som lokomotiv i utviklinga av "Norsk digitalt bibliotek", men det er definitivt tenkt som ein felles innsats for det samla norska bibliotekvesenet.

Norsk digitalt bibliotek skal vera meir enn ein portal, det skal vera ei organisert samling av tenester og innhaldsressursar som gir brukarar tilgang til informasjon i digital form formidla via eit datanett. Slik tilgang kan også gjelda ikkje-digitalt innhald. Tenester og innhald skal kunna givast av ulike leverandørar, og tenestene skal samvirka ved hjelp av definerte og standardiserte grensesnitt, slik at brukarane oppfattar "Norsk digitalt bibliotek" som eit einsarta system (dvs. saumlaus tilgang til kunnskapsressursar). Det skal leggjast vekt på lett tilgang og relevant, kvalitetssikra innhald. Utfordringar for det digitale biblioteket er ikkje berre knytte til teknologi og standardisering. Når materialet skal gjerast tilgjengeleg digitalt, er det minst like viktig å finna løysingar i høve til dei som har opphavsrettar til materialet. Eg vonar at eg kan leggja fram ein proposisjon om endringar i åndsverklova i sommar, som i alle fall på nokre punkt kan gjera livet lettare for biblioteka.

Norsk digitalt bibliotek er tema for fleire programpunkt på dette møtet, og det gir høve til å få meir inngåande kunnskap om programmet.

Nasjonalbiblioteket står framfor store utfordringar. For å møta utfordringane er ny organisasjonsstruktur etablert, ny toppleiing og avdelingsdirektørar som nett er tilsette skal saman med andre tilsette realisera utfordringane. Det er knytt store forventningar til opninga av bygget på Drammensveien sommaren 2005.

Det er også fleire programpunkt om Nasjonalbiblioteket på Bibliotekmøtet, slik at ein kan bli orientert om planar og pågåande utviklingsarbeid.

Bibliotek og læring
Universitets- og høgskulebiblioteka, ja også folkebiblioteka, merkar i høg grad den auka satsinga på høgare utdanning. Nye læringsformer krev auka tilgang til bibliotektenester.

Studentar kan karakteriserast som brukarar på tvers, som i stor grad hentar bibliotektenestene sine der dei er lettast tilgjengelege. Dette gjeld både dei som er studentar ved campus, og fjernstudentar.

Universitets- og høgskulebiblioteka er svært viktige bidragsytarar for eit saumlaust bibliotektilbod. Dei har dei største og mest omfattande samlingane, i tillegg til spesialsamlingar. Universitets- og høgskulebiblioteka har fleire utfordringar til

  • å utvikla tenester for studentar og lærarar/forskarar
  • å utvikla læringssentra for å vareta behovet i forhold til nye lærings- og undervisningsmetodar
  • å møta behovet til brukarane for både fysiske og digitale dokument
  • å styrkja nettverkssamarbeid, slik at brukarane kan ha tilgang til samlingar og ressursar utover det som finst i eigen institusjon
  • etablering av tenester for fjernstudentane for fysiske og digitale dokument på lik linje med studentane ved lærestaden
  • samarbeid med folkebiblioteka om fjernstudentar
  • å vera kunnskapssenter for alle: opne bibliotek også for alle, sjølv om nokre av tenestene må vera øyremerkte forskarar og studentar.

Bibliotek som er tilgjengelege for alle er viktig for at vi skal nå kvalitetsreforma sin ambisjon om at Noreg skal vera ein leiande kunnskapsnasjon.

Folkebiblioteka kan tilby ein lokal studiestad og til ein viss grad også faglitteratur for elevar og studentar. Mange studentar bruker folkebiblioteka som sitt fagbibliotek, men samlingane er ikkje - og kan ikkje vera - dimensjonerte for denne brukargruppa. Samarbeid med universitets- og høgskulebiblioteka er heilt nødvendig.

I tillegg viste den siste brukarundersøkinga at 66 % av brukarane som nyttar folkebiblioteket som læringsarena, ikkje er studentar tilknytte nokon institusjon.

Folkebiblioteka som offentleg møtestad og som arena for livslang læring blir stadig viktigare.

Litteratur – lesing og formidling i eit vidt perspektiv
Kulturmeldinga peikar på folkebiblioteka som allmenne formidlingsinstitusjonar, både gjennom gratis utlån av bøker og anna eigna materiale, som referansepunkt og som vegvisar i informasjonsflaumen og som arena for ulike kulturarrangement i lokalsamfunnet. Dei formidlar også faglitteratur og læremiddel og gir lese- og arbeidsplass i samband med vaksenopplæring, etter- og vidareutdanning og anna fjernundervisning. På innhalds- og formidlingssida vil folkebiblioteket framleis kunna ha ei særleg kulturpolitisk rolle å fylla.

Folkebiblioteka er dei viktigaste litterære formidlingsinstitusjonane i landet – her blir litteraturen stilt til fri disposisjon for alle.

Biblioteka har ei viktig oppgåve når det gjeld demokratiutvikling. Dei skal medverka til å sikra ytringsfridom gjennom tilgang til informasjon, ikkje minst ved innkjøp av litterære verk. Dei skal sikra brukarane sin rett til anonymitet i forhold til kva dei låner og les. Her kan vi sjå problematiske eksempel frå til dømes USA etter 11.september, der anonymiteten blir satt under press. Ein eigen organisasjon innanfor IFLA har til oppgåve å forsvara og fremja menneskerettane slik dei er definerte i Artikkel 19 i FN si erklæring om menneskerettar. IFLA krev fritt tilgang til informasjon og ytringsfridom, direkte eller indirekte, i relasjon til bibliotek og bibliotekarar. Intellektuell fridom er kjernen i bibliotekkonseptet og er knytt til individet sin rett til å ha og uttrykkja meiningar og til å søkja og motta informasjon. Intellektuell fridom er ein basis for demokratiet, og biblioteka har ei viktig rolle å spela her.

Vidare skal biblioteka sikra folk flest tilgang til kunst- og kulturtilboda som offentleg produserte samfunnsgode, og sikra alle tilgang til den norske samtidslitteraturen.

Innkjøpsordningane medverkar sterkt til tilgangen på den norske samtidslitteraturen i folkebiblioteka. Innkjøpsordningane vart evaluerte i 2001. Høyringssvara viste at verkemidlet fungerar etter føresetnadene. Ordningane samlar fleire gode formål – både i forhold til kunstnarane, litteraturen, og språk- og bibliotekpolitikken – og kjem lesarane til gode. Innkjøpsordningane sikrar lik tilgang til den norske originale samtidslitteraturen i biblioteka våre. Kulturmeldinga foreslår å innføra ei ny selektiv innkjøpsordning for verdifull sakprosa, men til dette trengst det nye midlar.

Biblioteka skal også gi tilgang både til tidlegare tiders litteratur og til den omsette, og i eit visst omfang til utanlandsk litteratur på originalspråket. Kunnskap om norsk kultur, historie og litteratur er viktig i eit internasjonalt og globalt perspektiv; det gir danning og er ein nødvendig bakgrunn også i møte med det internasjonale.

Folkebiblioteka har viktige formidlingsoppgåver i eit lesande samfunn:
Dei skal vera eit kvalifiserande og støttande ledd for det behovet samfunnet har for litteratur- og kulturopplevingar for barn og vaksne, og danning og utdanning i eit kunnskapssamfunn der kultur blir vektlagd i aukande grad.

  • Dei har ei sentral rolle for å skapa eit lesande samfunn og vera ein kunnskaps- og opplevingsarena.
  • For barn er biblioteket ofte den einaste tilgjengelege kulturarenaen og det ”frivillige” læringssentret i lokalsamfunnet.
  • Barneprofilen i biblioteka må ha det nysgjerrige barnet som utgangspunkt: barn må sikrast eit aktivt forhold til samfunnet og kulturen.
  • Biblioteka må ha eit samarbeid på lokalt og sentralt plan med aktørar som arbeider for lesing og kunnskaps- og kulturformidling.
  • Barneavdelingane bør brukast som kulturfyrtårn for utvikling av nye metodar for formidling, nye samarbeidsformer, ny institusjonsprofil og nye, profesjonelle roller.

Folkebiblioteka står framfor mange utfordringar. Mellom dei er utvikling av formidlingsstrategiar og metodar i litteraturformidlinga, både for born, ungdom og vaksne. Nettbasert informasjon vil kunne vera eit godt supplement til annan informasjon. Forfattarmøte og presentasjonar har i mange fora opplevd ein renessanse dei seinare åra. Det er ønskjeleg at også biblioteka gir høve til å skapa møte mellom forfattarar og lesarar. Det er òg ei utfordring å få til eit tettare gjensidig forpliktande samarbeid mellom aktørane innanfor bibliotekområdet og skulen for å utnytta ressursane betre, og dermed kunna gi eit betre tilbod.

Det er viktig å drøfta korleis vi best kan løysa fellesoppgåver innanfor eit felt der folkebiblioteka er eit kommunalt ansvar, og høgskule- og universitetsbiblioteka er institusjonar som fyrst og fremst oppfattar at dei skal gi tilbod til studentane sine.

Biblioteka har i mange år gjort eit stort arbeid med litteraturformidling til barn, ved tiltak som

  • utplassering av litteratur i barnehagar og helsestasjonar
  • orientering om biblioteket og bokprat der formidling av litteraturen blir sett i sentrum, tilpassa barna sin alder og leseinteresser
  • orientering om litteratur for førskulelærarar, lærarar, helsepersonell og andre
  • opne litteraturarrangement på biblioteka, med forfattarbesøk og liknande.

Den innsatsen biblioteka gjer for å formidla den kunstnariske barne- og ungdomslitteraturen, bør ha ein sentral plass i Den kulturelle skulesekken. Forfattarbesøk og dramatiseringar kan gi ekstra opplevingar som kan stimulera leselysta.

I tillegg til Skulesekken og Gi rom for lesing er Foreningen !Les og Foreningen leser søker bok tiltak som biblioteka bør ha eit aktivt samarbeid med.

Biblioteka har i aukande grad vektlagt aktiv formidling av litteratur til born, ut frå kunnskap om at born må oppleva leselyst og leseglede for å få lyst til å lesa vidare. Det er berre omfattande lesing som gir god leseevne. Det er derfor viktig å formidla eit vidt spekter av uttrykk: skjønnlitteratur, faglitteratur, tidsskrifter, teikneseriar osv. Formidling via nettet kan vera ein måte å nå unge på, ikkje minst gutar som les mindre enn jenter, og som er nettbrukarar i langt høgare grad. Lesegledene og opplevingane blir gjerne etablerte tidleg i livet, gjennom høgtlesing heime eller i barnehagen. Formidlinga til foreldre og andre vaksne er derfor viktig.

Astrid Lindgren sa det slik i si tid - omsett til nynorsk:

”Å mektige feer! Gi barnet mitt i faddergåve ikkje berre venleik, helse og rikdom og alt det der som de brukar å koma stikkande med - gi barnet mitt lesehunger, det ber eg om med brennande hjarte. Eg vil så gjerne at barnet mitt skal få i handa si nøkkelen til eventyrlandet, der ein kan henta den mest sjeldne av alle gleder

- slik burde kvar einaste mor tenkja!”

Vi som har erfart at born har fått denne lesehungeren ved at dei er blitt lest for frå dei er ganske små, og seinare har halde fram med eiga lesing, veit at lesing også blir eit grunnleggjande dagleg behov, som følgjer ein gjennom heile livet

For å oppnå dette vil ABM-utvikling leggja vekt på å stimulera til aktiv litteraturformidling til alle aldrar, også til vaksne i biblioteka - her trengst det både utvikling av nye formidlingsstrategiar og metodar. ABM-utvikling vil i tida framover også leggja vekt på korleis ein kan formidla røynslene frå gode tiltak og prosjekt i biblioteka.

Det trengst heilskapleg tenking, ein langsiktig strategi på litteraturfeltet. Behovet for tiltak blir framheva av Norsk kulturråd i fråsegna ”Litteraturpolitiske tiltak” frå desember 2002:

”Skal det oppnås resultater i arbeidet med å styrke bevisstheten omkring språk og litteratur blant barn og unge, og dermed lese- og skriveferdigheten i en ny medietid, er det riktignok viktig å sikre og utvide innkjøpsordningene, men det er et særlig behov for originalitet i tenkningen omkring økt tilgjengelighet, nye litterære møteplasser og nye innfallsvinkler i formidlingen, slik at litteraturens evne til å ryste og fascinere i enda høyere grad kan bli en del av unge leseres virkelighet. I denne sammenhengen er det viktig å være klar over at litteratur presentert i digitale former kan ha appell til nye grupper av skrivende og lesende”.

Det vil vera viktig å utvikla eit systematisk og langsiktig samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og institusjonar og miljø som representerer skriftkulturen, med sikte på gjensidig utveksling av idear og røynsler, vidareføring av prosjekt, evaluering og kontinuerleg utvikling av god formidlingsmetodikk. I ein slik strategi vil folkebiblioteka, som er dei fremste formidlarne av litteratur til alle landets lesarar, spela ei nøkkelrolle.

Bibliotektilbod for framandspråklege er svært viktig. Biblioteka har sidan dei fyrste arbeidsinnvandrarane kom til landet på 1970-talet, vore aktive for å skaffa og formidla litteratur til både innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar på morsmålet deira. Det har vist seg at biblioteka er eit lågterskel kulturtilbod for dei framandspråklege, for born og vaksne, for jenter og gutar. Deichmanske bibliotek har etablert etter avtale med staten det framandspråklege biblioteket som har ei sentral rolle i litteraturformidlinga når det gjeld oppbygging av samlingar på aktuelle språk for innvandrarar og flyktningar, men det er også bygd opp samlingar på aktuelle språk ved mange andre bibliotek. Gledeleg her er at ein fleire stader har fått til eit samarbeid med dei kommunale innvandrarkontora, også på det økonomiske planet. Deichmanske bibliotek har utvikla Bazar som er ei informasjonsteneste på 14 forskjellige språk, skreddarsydde for innvandrarar, flyktningar og språklege minoritetar i Noreg. Bazar inneheld informasjon om norsk samfunn og kultur, lenker til aviser frå heile verda, adresser til organisasjonar for språklege minoritetar og eit oversyn over bøker til lesetrening i norsk.

Folkebiblioteka spelar med andre ord viktige roller i vårt fleirkulturelle samfunn. Det er ein viktig diskusjon korleis folkebiblioteka og andre bibliotek kan vera med å møta dei utfordringane som det fleirkulturelle samfunnet gir oss.

Bibliotektilbod til blinde og døve er ei prioritert oppgåve. For tida pågår det eit utviklingsprosjekt i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek med det overordna målet å betra tenestene for blinde og synshemma. Dette gjeld produksjon og distribusjon av både folkebiblioteklitteratur og studielitteratur. Som eit hovudaspekt i prosjektet blir det utvikla eit nærmare samarbeid mellom NLB og Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana, slik at ny teknologi blir utnytta til beste for brukarane. Det blir lagt opp til eit breitt samarbeid på områda lagring, produksjon, distribusjon og formidling. NLB skal leggja fram ein rapport om oppfylte målsettingar for departementet 1. juli 2004, slik at vi kan gjera ei ny vurdering av institusjonen til hausten og ta ei avgjerd når det gjeld framtidig organisering av verksemda. ABM-utvikling fordeler årleg midlar til produksjon av teiknspråkvideoar for born. Midlane rekk berre til 3-5 årlege produksjonar, årleg sum til fordeling er ca. 560 000. Det er utarbeidd ein opptrappingsplan med eit mål om 13-14 årlege produksjonar. Dit er det altså eit stykke att.

Fengselsbibliotek har vore i søkelyset fleire gonger i det siste, og er eit felt som må prioriterast. Bibliotektilbodet i fengsla blir brukt mykje, dette er eit viktig tilbod til dei innsette, både som stønad for den utdanninga mange av dei tar, og som eit fritidstilbod. Eit samarbeid med organiseringa av utdanningstilboda i fengsla vil kunne gi eit betre samla tilbod. Eg har tidlegare svart på spørsmål i Stortinget om bibliotektilbod i fengsla, og det er gitt signal om ei opptrapping slik at tilbodet skal kunne vera meir i samsvar med behovet. Ei målsetjing må vera at alle innsette får eit tilbod så raskt som mogeleg. Dette er eit krav som ligg i Lov om folkebibliotek, og som ikkje er oppfylt i dag.

Litteraturformidlingsprosjekt finn vi i fleire variantar. Eg vil nemna nokre av dei.

Prosjekt leseombod har fått prosjektmidlar frå ABM-utvikling. Telemark-prosjektet: leseombod i tre kommunar, går ut på at leseomboda skal lesa for dei som sjølv ikkje kan lesa, her psykisk utviklingshemma, og inspirera andre tilsette til å lesa. Dei som arbeider nær dei psykisk utviklingshemma i bufellesskap, dagsenter og liknande skal bruka litt av arbeidstida si til å lesa for dei. Leseomboda skal få opplæring i prosjektet.

Lesehola er eit prosjekt som blir gjennomført av Deichmanske bibliotek. Lesehola skal ta i bruk ei ny formidlingsform for barnelitteratur, gjennom å bruka breiband og ny teknologi i samband med Internett. Hovudmålsetjinga er å auka barn si leselyst og leseglede gjennom å gjera tilgjengeleg og formidla barnelitteraturen ved hjelp av ny teknologi. Lesehola skal bli ei kjelde til oppleving omkring den gode samtidslitteraturen for barn. Målgruppa for prosjektet er barn mellom 8-12 år.

Foreningen !les ønskjer i samarbeid med ABM-utvikling, ”Den kulturelle skulesekken” og ”Noreg 2005” å arrangera eit leseår i 2005. Målsetjinga for Leseåret er å få fleire menneske til å lesa fleire bøker, gjera breiare deler av den norske litteraturen kjend for fleire, og ikkje minst å inspirera ungdom til å ta steget inn i litteraturens verd. Foreningen !les vil bruka leseåret til å setja i gang ein del tiltak som kan halda fram etter at leseåret er over. Eit slikt år vil då både kunne vera ein eingongsinspirasjon for mange, samtidig som det vil ha varig verdi for litteraturformidlinga i Noreg.

Til slutt vil eg seia noko om IFLA 2005: Libraries: A voyage of discovery, som skal finna stad i Oslo, 14.-18. august 2005.

IFLA-konferansen har to gonger tidlegare vore arrangert i Oslo, i 1947 og i 1975. Norsk Bibliotekforening tok i 1999 initiativet til å søkja IFLA om å få konferansen ein tredje gong og sende i 2000 den formelle søknaden om å bli arrangør for konferansen i 2005. Oslo vart gitt arrangementet i skarp konkurranse med andre søkjarland.

  • Eit stort og viktig internasjonalt arrangement er altså lagt til Noreg og Oslo i 2005. Og det er ikkje heilt tilfeldig at det fell saman med 100 årsmarkeringa av Noreg som sjølvstendig nasjon.
  • Konferansen vert støtta av KKD og UFD, og Biblioteksentralen er hovudsponsor.
  • Det er oppretta eit stipendprogram via Norad på 1,2 mill. for at bibliotekfolk frå den tredje verda skal kunna delta. Dette er svært viktig!

Foreningen IFLA 2005 Oslo vart stifta 19. mars 2001. Leiar Jon Bing og medlem av hovudkomiteen vart valde, eit arbeidsutval vart sett ned og vedtekter fastsatt. Hausten 2002 oppretta foreininga eit eige sekretariat og det vart tilsett ein generalsekretær.

IFLA og organa deira har ansvar for det faglege programmet under konferansen. Den nasjonale organisasjonskomiteen har ansvar for den totale ramma rundt arrangementet og har oppretta ei rekkje underkomitear for å vareta dei ulike sidene.

Nasjonalbiblioteket sitt bygg på Drammensveien i Oslo vil stå ferdig – det må visast fram!

Det er viktig at norske bibliotekarar deltek i kongressen som vertskap for å marknadsføra norsk bibliotek- og kulturpolitikk og for å skaffa seg internasjonale kontaktar. IFLA 2005 treng 200 frivillige, fagkyndige bibliotekarar for å skapa den konferansen og det vertskap Noreg har lyst til å visa i 2005. Vi skal saman gjera IFLA 2005 til ein vellykka internasjonal bibliotekkonferanse.

Til slutt i dette innlegget vil eg gjerne gi biblioteket eit ord med på vegen. Eg fann nokre aforismar av Olav H. Hauge, der han reflekterer over liv og lesing.

Sanningi er sjeldan ny. Og har som
oftast vore sagd før. Men me lyt segja
og forma henne på nytt - før er ho
ikkje vår.

Ein les ein forfattar for å verta styrkt i
trui på eigne meiningar.

Les du lenge nok og mykje nok um det
nye, vert det gamalt. Nytt må luktast
eller anast gjennom skodda.