Historisk arkiv

Ei sterk kultursatsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Dagbladet, 1. april 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Ei sterk kultursatsing

Dagbladet, 1. april 2004

I fjor la regjeringa fram ei ambisiøs kulturmelding som inneber ei brei satsing på kultur det komande tiåret. Når Stortinget i dag drøftar meldinga, er det ein merkedag for norsk kulturliv. Eg er glad for å konstatera at det er brei tilslutnad til hovudlinjene i kulturmeldinga. Kulturkomiteen si innstilling viser at det framleis er stor semje om grunnprinsipp og hovudprioriteringar i norsk kulturpolitikk.

Men FrP står utanfor på enkelte viktige punkt. FrP er det einaste partiet som ikkje tar til orde for ein auke i offentlege løyvingar til kulturformål. Tvert om går partiet inn for at løyvingane gradvis skal reduserast. Representantane for FrP meiner òg at ein ikkje skal ”kludre med våre kulturelle tradisjoner” og at ein ikkje skal ”blande sammen norsk kultur og fremmede kulturer”.

Kulturar er opne prosessar i kontinuerleg endring. Dei oppstår, veks fram og utviklar seg der ulike menneske og kulturar møtest. I vår globaliserte tid er det fleire arenaer for slike møte enn nokon gong tidlegare, og kulturelt mangfald er ein sentral premiss for danninga og utviklinga av eit moderne kulturliv over heile verda. Å fremja kulturelt mangfald og utnytta eit utvida spelerom for internasjonal kulturutveksling er difor eit gjennomgåande perspektiv i kulturmeldinga.

Også den norske kulturen har oppstått og utvikla seg i eit internasjonalt samkvem som går hundrevis av år tilbake. Særleg kystkulturen har hatt eit internasjonalt preg. Tenk berre på kva Hansa-kulturen har tilført Noreg av internasjonale impulsar. Sjølv element som vi i dag oppfattar som særnorske (t.d. hardingfela, rosemåling og hardangersaum), er inspirert av eller importert frå andre land og kulturar.

For første gong er kultur og kyrkje tema i ei kulturmelding. Eg er glad for at heile komiteen omtalar kristendomen og kyrkja som ein viktig del av kulturen, og at fleirtalet sluttar seg til forslaget om ei særskild støtteordning for kyrkjemusikk.

AP, SV og SP har alt halde ein eigen pressekonferanse før offentleggjeringa av innstillinga. Her la dei fram ei rekkje punkt under overskrifta ”Kulturløftet.” Men her gjer dei lite anna enn å slå inn opne dører, ettersom det meste alt er å finna i kulturmeldinga, og er i tråd merknadene frå regjeringspartia.

Det er gledeleg at desse partia i all hovudsak sluttar seg til ei kulturmelding som tilseier ei ganske markant opptrapping av løyvingane til kulturformål. Eg vil hevda at vår kulturmelding er langt meir ambisiøs enn Kultur i tiden, som vart fremja av ei Ap-regjering tidleg på 1990-talet. Medan Kultur i tiden la til grunn at nye prioriteringar måtte skje innanfor eksisterande rammer, skisserer Kulturpolitikk fram mot 2014 ei opptrapping på om lag ein milliard innanfor ein tiårsperiode. Av dette utgjer allereie vedtekne planar rundt halvparten. den andre halvparten refererer seg til ei rad nye forslag som er skisserte i kulturmeldinga. Desse er svar på nye utfordringar innanfor fleire felt. Ei samla opptrapping på rundt ein milliard er ikkje langt frå ”Kulturløftet” til AP, SV, og SP på 1,3 milliardar. Den store skilnaden er at vi må kjempa for dette internt i regjeringa for kvart budsjettår.

I det store og heile sluttar AP, SV og SP seg til dei overordna prioriteringane i meldinga og gjer mange av våre forslag til sine eigne. Dei sluttar seg også til at det framleis skal satsast på norsk film. Dei økonomiske rammevilkåra for norsk filmproduksjon er det gjort greie for i ei eiga melding. Under budsjettdebatten i fjor haust bad eit fleirtal i komiteen om å få ei eiga melding om dette innan 1. mars 2004. Grunngjevinga for dette hastverket var at Trond Giske ville sjå ei slik utgreiing i samanhang med kulturmeldinga. Eg presiserte den gongen at det ikkje var mogleg å gjennomføra ei forsvarleg utgreiing på under to månader. Departementet la likevel fram ei melding 12. mars. Men no har komiteen sjølv utsett behandlinga av meldinga. Eg må da kunne spørja kvifor det no likevel ikkje er så viktig å sjå dei to meldingane i samanheng.

Eg er svært nøgd med at fleirtalet i komiteen ser behovet for ei sterkare kultursatsing det komande tiåret. Det er viktig å streka under at oppfølginga av kulturmeldinga skal skje over ein tiårsperiode. Det er ikkje slik at alle tiltak kan prioriterast i 2005-budsjettet. Oppfølginga av meldinga må sjåast i eit samla kulturpolitisk perspektiv, og dei mest påtrengjande behova må dekkjast opp først.

Vi står alt i alt overfor store kulturpolitiske utfordringar. Brei semje om grunnprinsipp og hovudlinjer i kulturpolitikken gir eit godt utgangspunkt for ein heilskapleg kulturpolitikk som kan gjera sitt til å vidareutvikla ein kreativ og veksande kultursektor.