Historisk arkiv

Helsing til kyrkjemøtet 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kyrkjemøte i Bodø, 15. november 2004

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Helsing til kyrkjemøtet 2004

Kyrkjemøte i Bodø, 15. november 2004

Gode kyrkjemøte!

Det er ei stor glede å vera saman med dykk igjen. Eg har gledd meg til å koma til kyrkjemøte her i Bodø. De er ei aktiv og engasjert forsamling! Gjennom arbeidet mitt som kyrkjestatsråd i 3 år, har eg møtt mange av dykk i den kvardag og samanheng de står i kyrkja. Den erfaringa de ber med dykk frå kvardagen i ulike arbeidslag og frå ulike delar av landet, er viktig for kyrkjemøtet sitt arbeid. Dykkar arbeid pregar på mange vis kyrkja gjennom kvardag og fest. De har eit stort ansvar, og eg ser at de ber det ansvaret på ein måte som er egna til å skapa respekt. Det er flott.

Sidan vi er her i Bodø er det og naturleg for meg å nemna det gode og interessante samspellet som er mellom kultur, samfunn og kyrkjeliv her i denne byen, også med lokale produksjonar som Herr Petters lovsang og Ragnhilds Draum som ble framført under Musikkfestuka i sommar.

Eg ser fram til gudstenesta her i kveld – ei annleis gudsteneste med mykje kultur – ei jubelmesse!

Og sidan eg er innom kulturen, må eg og understreka at eg ser fram til kyrkja si eiga Kulturmelding. Eg høyrde et foredrag av leiaren, Einar Solbu, sist veke, og det gav meirsmak. Det føregår mykje spennande i samspelet mellom kyrkja og kulturen. Vi hadde alle vore mykje fattigare utan dette samspelet.

Kyrkja har ei synleg og viktig plass i samfunnet. Det har ho reint materielt ved at kyrkjene ofte ligg godt synleg i bygd og by. Men det har ho og i samfunnsdebatten. Det vedkjem enkeltmenneske og samfunn – både lokalt og nasjonalt kva kyrkja meiner og står for. Det skal vi vera glade for. Kyrkja er ei levande organisme som står i dialog med omverda. Når religion, livssyn og verdiar kjem på dagsorden, er Den norske kyrkja ein viktig dialogpartnar med andre kyrkjer, religions- og livssynssamfunn.

I haust vart det arrangert ein dialogkonferanse i regi av Noregs Kristne råd og Samarbeidsrådet for trus- og livssynsamfunn. På denne konferansen vart statens verdigrunnlag drøfta: Kva slags verdigrunnlag skal og bør liggja til grunn for staten i framtida? Skal staten i det heile ha noko fastsett verdigrunnlag? Og korleis vil kyrkjeordninga i framtida, som Gjønnes-utvalget snart skal legga fram ei utgreiing om, verka inn på eit eventuelt verdigrunnlag?

På dette seminaret var det utfordrande å lytta til muslimen frå England som omtalte erkebiskopen av Canterbury også som sin leiar. Ikkje fordi han som muslim slutta seg til kristen tru, men fordi han oppfatta at erkebiskopen representerte eit religiøst leiarskap i samfunnet. Som øvste leiar for eit religiøst samfunn sikrar han rom for dei religiøse verdiane. Dette leiarskapet må sjølvsagt utøvast i respekt for dei ulike religionar, og skaffa rom, gjensidig respekt og felles innsats. Også i Noreg møter vi muslimar som ynskjer skular og andre samfunnsinstitusjonar som har tydeleg verdiar.

Innspela på seminaret i september skapte og skaper rom for ei endra dialog også hos oss. I staden for polemiske relasjonar mellom religionar og sekulære livssyn, og mellom Den Norske Kirke og dei andre livssynssamfunna, vart ein utfordra til å byggja relasjonar mellom ulike religiøse samfunn der det som er felles blir synleg. På den måten kan vi øva oss i å konkretisera kva verdiar vi snakkar om, og læra å lytta til andre partar i dialogen. Det kviler på Den norske kyrkja, som det største livssynssamfunn i Noreg, et særskilt ansvar i det å lytta til dei andre religiøse samfunn på same tid som ho står fram tydelig i debatten om verdiar. Ei bekjennande og levande kyrkje må vera med å halda denne dialogen open. Uavhengig av framtidig organisering av kyrkja, vil dette vera ei viktig side av kyrkja sitt liv – og dialogen vil vera svært viktig i eit stadig meir fleir-religiøst Noreg.

Så må eg innrømma at eg er glad for kyrkja si handsaming av midlane som Stortinget har løyva til trusopplæring så langt. 99 kyrkjelydar er med i ulike prosjektet det første året! Dei har ikkje vore arbeidsredde i styringsgruppa, prosjektleiinga og Kyrkjerådet. Men kyrkjelydane har ikkje vore arbeidssky, dei heller! Eg har sett utlysingane etter kateketar og dåpslærarar i aviser veke etter veke og har tenkt: ”Her er mykje mot og tru – men òg mykje arbeid!” Vi må motivera kvarandre til å sjå langt fram og høgt opp! Eg er overtydd om at reforma vil lukkast og bli til signing – men er òg sikker på at ho ikkje kjem av seg sjølve. Det krev tung innsats over lang tid; alt vi har og får av tru og håp og kjærleik. Også her handlar det om å sjå den enkelte, – og det har gledd meg å sjå at det såkalla ”diakonale aspektet” går som ei raud tråd i reformtenkinga.

Eit av elementa i evalueringa som Regjeringa ber om, er informasjon om og vurdering av kjønnsaspektet i alle sider av reforma. Kven lagar planane? Kven utarbeidar det visuelle og skriftlege materialet? Kven sit i den sentrale og lokale leiinga, kven underviser - og kven deltar? Er det ein samanheng? Er det nokon forskjell mellom aldersgruppene? Vi vil at både kvinner og menn og jenter og gutar skal delta i trusopplæringa og dermed vera med å forma kyrkja.

Så langt har eg ikkje høyrt om problem med å rekruttera kateketar og dåpslærarar. Det er bra. Men det er langt fram og behov for mange stillingar i samband med trusopplæringa. Òg for prestar, diakonar og kantorar er innsats for rekrutteringa viktig. Det er nødvendig at kyrkja arbeider systematisk og bevisst med gode og langsiktige rekrutteringstiltak for alle vigsla stillingar. Vi må tru at kvalifikasjonskrava de no skal vedta, vil virka i rett retning. Internettsidene kirken.no/jobb lovar godt. Gjennom rekrutteringsprosjektet er det òg etablert eit rekrutterande nettverk i bispedøma, som eg håpar vil inspirera nye til å arbeida i kyrkja.

De er eit Kyrkjemøte som likar forsøk. For tida prøver vi ut det første av fleire forsøk de har tatt fatt på: nye reglar ved nominasjon m.v. av biskop. Dette er spanande. Det ser ut til at vi gjer ein del erfaringar både om korleis vi vil - og ikkje vil - utvikla prosessen før biskopar blir utnemnde.

Liturgiar for gravferd og vigsel er prøvd ut over tid og er blitt ei god og velkomen fornying i det liturgiske livet i kyrkja. Involvering og det å gjera handlinga til si eiga har vore stikkorda. No har de tatt fatt på gudstenestelivet og høgmessa. ”Ta ikkje høgmessa frå meg!” seier eg – om lag som Kyrkjemøtet sa etter kyrkje/stat utgreiinga dykkar. Men eg er sjølvsagt glad for at de arbeider med høgmessa! Eg vil tru at eigarforhold og involvering også er viktige stikkord når det gjeld gudstenestelivet.

Kyrkjemøte og Kyrkjeråd har tatt initiativ til eit reformarbeid som skal setja kyrkja betre i stand til å utføra arbeidet sitt. Det er nødvendig for kyrkja å vinna erfaring gjennom forsøk og utviklingsprosjekt, samstundes som desse mobileserar for endring i lokalkyrkja. Ein må gjennomføra forsøk slik at bredda i den kyrkjelege kvardagen blir fanga opp. Departementet ynskjer å gi fullmakter til eit breitt spekter av forsøk, men ber kyrkja sørgja for ei kvalitativ god evaluering og at resultata vert tilgjengelege slik at mange kyrkjelydar kan gjera seg nytte av desse.

Nytt i år er tenesteordningar for prostar og endringar i tenesteordningar for kyrkjelydsprestar. Sjølv om dei i sak handlar om leiinga og organiseringa av prestetenesta, vedkjem dei i høg grad også kyrkjelydane. Ny organisering kan ikkje skje utan at kyrkjelydsmøtet har uttalt seg. Det gir kyrkjelydane høve til å seia noko om kva slags presteteneste dei treng på grunnlag av kva slags presteteneste det vil vera mogeleg å skaffa. Dei nye tenesteordningane gir høve til å organisera ei betre innretta presteteneste og vil kunna stimulera utviklinga av samarbeidet i prostia, bispedøma og kyrkja i det heile.

Gjønnes-utvalet skal koma med si utgreiing om forholdet mellom stat og kyrkje innan utgongen av neste år. I dette året – 2005 – skal vi markera frigjering frå Sverige/Noreg som eige kongedøme, ei ordning vi ikkje har klaga på at forfedrane våre valde. Vi har vore heldige med kongane våre. Dei har gjort si plikt og bore sitt ansvar for land og folk og kyrkje. Mange ser ein samanheng mellom utgreiinga av forholdet mellom stat og kyrkje og feiringa. Dei meiner at det passar bra at utgreiinga kjem samstundes med jubileet. Det er eg einig i. Når utviklinga går så fort som ho gjer i våre dagar, er røtene og samanhengen vi står i, viktigare enn nokon gong. Samanhengen mellom konstitusjon og folk og kyrkje er djup her i landet og har i seg sjølve gitt og lært oss mykje. Dette skal drøftast grundig når utgreiinga kjem.

Og så til slutt, ei lita oppfordring til dykk: Då regjeringa i fjor auka summen for frådrag for skattefrie gåver, vart eg kritisert av mange for at ikkje Den Norske Kirke var med i ordninga. Eg vart også utfordra av fleire av dykk om å inkludera kyrkja. Så gjorde eg det – og det kosta nokre millionar. Kva skjer så? Eg har ikkje ein einaste gong opplevd at denne ordninga blir ”reklamert ” for i kyrkja. Kan henda eg har vore uheldig med kyrkjebesøka mine, eller er de for tafatte. Er det berre karismatikarane som skal nyta godt av dette – og organisasjonane? Dette er jo eit ypparleg høve til å oppfordra til fast gjevarteneste! Kvifor brukar de ikkje ordninga meir offensivt?

Eg er takksam for Kyrkjemøtet og arbeidet de gjer. De bruker mykje tid og engasjement på kyrkja, ikkje berre denne veka – men gjennom heile året og i mange år, nokre så og seia heile livet. Takk for det!

Lukke til med Kyrkjemøtet 2004!