Historisk arkiv

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Hauglands orientering til Stortinget om NRK 4. mai 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Orientering til Stortinget om NRK, 4 mai 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Hauglands orientering til Stortinget om NRK 4. mai 2004

Innleiing

Bakgrunn

President,

Eg har bede om å få halde denne orienteringa fordi Stortinget i budsjettinnstillinga for 2004 bad om å få seg førelagt arbeidet med presisering av NRK sitt oppdrag som allmennkringkastar.

Eg har tidlegare ved fleire høve vist til at departementet arbeidar med å presisera allmennkringkastaroppdraget til NRK. Noko av bakgrunnen er krava i EU-kommisjonens og ESAs retningsliner for offentleg finansiering av allmennkringkastarane. Noreg er bunden til desse gjennom EØS-avtalen. Desse retningslinene gir få føringar når det gjeld kva oppdraget skal omfatta. Dette er det opp til kvart einskilt land å fastsetja. Formålet med EU-kommisjonen sitt krav om presisering er først og fremst å hindra at offentlege midlar blir nytta til å subsidiera konkurranseutsett verksemd. Lisensen kan ikkje nyttast til å finansiera kommersielle tenester som fell utanom oppdraget allmennkringkastarane har.

Det er mange oppfatningar og forventningar om kva NRK skal vera. Ein gjennomgang og ei presisering av NRK sitt oppdrag vil derfor òg vera positivt fordi det kan klargjera både for publikum, styresmaktene og verksemda sjølv det samfunnsansvaret NRK har. Ei presisering er òg naudsynt fordi det vil gjera det klart kva for oppgåver NRK kan nytta lisensmidlar til utan at det er i strid med EØS-avtalen.

NRKs oppdrag går i dag fram av kringkastingslova og vedtektene. Kringkastingslova slår fast at NRK har til formål å driva allmennkringkasting og verksemd som har samanheng med dette. Vedtektene utdjupar kva dette oppdraget inneber.

TV2, Kanal 24 og P4 har òg eit allmennkringkastaroppdrag. Krava går fram av konsesjonane deira. Dersom ein les vedtektene og konsesjonane til desse selskapa isolert, kan det sjå ut som dei kommersielle kringkastarane har strengare programkrav enn NRK. Programkrava til dei kommersielle selskapa er meir detaljert utforma enn det som no gjeld for NRK. Og kvifor er det slik, President? Jo, programkrava til dei kommersielle kanalane kan vi i røynda berre fastsetja når konsesjonane blir tildelte. Med NRK er det annleis. Her kan vi kontinuerleg justera kursen, mellom anna gjennom vedtak i generalforsamlingar.

Eg vil her nytta høvet til å minna om at Allmennkringkastingsrådet har vurdert programma i NRK etter dei same kriteria som for dei andre kringkastarane. Det er gledeleg å konstatera at rådet gjennomgåande har vore svært nøgd med allmennkringkastingstilbodet til NRK. Det er ingen tvil om at NRK leverer eit kvalitetsprodukt som fyller krava til allmennkringkasting sjølv om krava ikkje går klart fram av vedtektene til selskapet.

Tida er likevel mogen for å gi ei nærare presisering av NRK sitt oppdrag som allmennkringkastar. Grunnane til dette har eg nemnt.

Formålet med NRK

Ikkje noko anna medium kan konkurrera med fjernsynet når det gjeld gjennomslag i folket. Heile 84 prosent såg fjernsyn på ein vanleg dag i 2003. Kvar person såg i gjennomsnitt 141 minutt. Sidan fjernsynet i så stor grad pregar kulturen vår og den kulturelle utviklinga, er det klart at allmennkringkasting er eit sentralt verkemiddel i norsk kultur- og mediepolitikk. Dette gjeld òg for radio. Omgrepet allmennkringkasting var lenge jamgodt med NRK. I dag omfattar det også TV2, Kanal 24 og P4.

Eg vil understreka at det offentlege engasjementet i NRK er basert på at NRK skal ha ei viktig samfunnsrolle. Dette gjeld både den offentlege eigarskapen, lisensfinansieringa og programkrava. President, NRK er og skal framleis vera Noregs fremste kultur- og medieverksemd.

NRK har eit særskilt ansvar for å fremja demokratiske, sosiale og kulturelle verdiar i samfunnet. NRK spelar ei viktig rolle når det gjeld å fremja kulturelt mangfald, tilby program som er allmenndannande, informera folket på ei objektiv måte, garantera mangfald og tilby kvalitetsprogram. Som lisensfinansiert allmennkringkastar har NRK større økonomisk fridom enn andre medium, og må difor ivareta fleire og andre område i samfunnet enn kva kommersielle medium er pålagde. Målet, President, er mangfald og ikkje like programtilbud.

Det er klart at NRK må ha stor oppslutning i folket. Men lyttar- og sjåaroppslutning kan aldri vera det einaste suksesskriteriet for ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar som NRK. Med andre ord må NRK også i beste sendetid senda program som ikkje er for det breie lag av folket.

President, når staten eig aksjeselskap, er det vanlegvis fordi staten vil tena pengar. Slik er det ikkje med NRK. NRK skal sjølvsagt ikkje gå med underskot, men selskapet skal heller ikkje generera økonomisk overskot til eigaren. NRK skal gi heile det norske folk avkastning i form av best mogleg allmennkringkasting Dette skal òg dei kommersielle aktørane gjera, men dei skal i tillegg gi økonomisk avkastning. Vi må difor kunna stilla strengare og fleire krav til NRK enn til dei kommersielle aktørane. Eg meiner det er heilt avgjerande å sjå pliktene til NRK som allmennkringkastar og forventningane til NRK frå brukarar og eigar i samanheng med lisensfinansieringa og offentlig eigarskap.

NRK har betre økonomiske rammevilkår enn nokon gong. NRK vil i 2004 ha tre og ein halv milliardar kroner i inntekter. Dette er mykje pengar - like mykje som heile løyvinga til kulturformål i statsbudsjettet. I tillegg kjem ordninga med redusert sats for meirverdiavgift. Det er rimeleg at vi forventar mykje tilbake. I tillegg til høge krav til programtilbodet, må det stillast krav om at pengane blir nytta så effektivt som mogleg. NRK går no i balanse etter fleire år med underskot. Eg vil nytta høvet til å rosa leiinga i NRK for den økonomiske utviklinga i selskapet.

President, kringkastingsmediet er i ferd med å bli digitalisert. Stortinget har sagt ja til at det kan byggjast ut eit digitalt bakkenett for fjernsyn. Dette gir nye utfordringar, både når det gjeld formidling, teknisk kvalitet og innhald. NRK vil vera ein sentral aktør i dette arbeidet. Eg legg vekt på at NRK skal vera vår viktigaste allmennkringkastar også etter at eit digitalt bakkenett er ein realitet.

Allmennkringkastaroppdraget

Prinsipp for definisjon av allmennkringkasting

President, utgangspunktet for arbeidet med å presisera oppdraget til NRK var som nemnt EU-kommisjonens retningsliner. EU aksepterer ein vid definisjon av allmennkringkastaroppdraget. Samstundes må definisjonen vera presis nok til å kunna kontrollera at lisensen ikkje har vore nytta til aktivitetar som fell utanfor oppdraget. EU slår òg fast at aktivitetar som ikkje har samanheng med dei demokratiske, sosiale og kulturelle behova i samfunnet, ikkje kan omfattast av oppdraget.

Utfordringa blir å presisera oppdraget på ein slik måte at det samsvarar med EUs krav, samstundes som definisjonen ikkje blir så detaljert at han blir ei tvangstrøye i høve til nyskaping og utvikling for NRK. Definisjonen må samstundes gjera det klart for publikum kva NRK skal levera. Definisjonen må også vera så klar at staten på ein enkel måte kan føra tilsyn med verksemda og føra ho i rett retning dersom noko går gale.

Kva ligg i omgrepet allmennkringkasting?

President, det er ikkje mogleg å finna ein heilt eintydig og allmenngyldig definisjon av omgrepet allmennkringkasting. Innhaldet i omgrepet varierer frå land til land ut frå kulturelle og sosiale skilnader. Men òg i dei einskilde landa er det ofte debatt mellom blant anna kringkastarar, medieforskarar og politikarar kva omgrepet inneber.

Nokre overordna prinsipp knytta til allmennkringkasting finst det likevel. Allmennkringkastarane skal tene dei demokratiske verdiane i eit samfunn, dei skal ta vare på og utvikla nasjonal kultur og identitet og dei skal sikra kulturelt mangfald. Viktige prinsipp er òg breidde i programtilbodet, redaksjonelt sjølvstende og at det skal vera mogleg for heile folket å ta i mot sendingane.

Avgrensing av NRKs allmennkringkastaroppdrag

President, eg meiner det er logisk å dela NRKs oppdrag inn i tre nivå. Det første nivået, kjerneverksemda, er å driva dei tre riksdekkjande radiokanalane og dei to riksdekkjande fjernsynskanalane. Dette nivået vert finansiert i hovudsak av lisensmidlar, men kan òg i nokon grad finansierast av sponsormidlar.

Det andre nivået omfattar anna redaksjonell verksemd, som til dømes tekst-tv og ulike Internett-tilbod. Dette nivået har i dag blandingsfinansiering, med sponsing og reklame i tillegg til lisensen.

Det tredje nivået omfattar ymse typar kommersiell verksemd som ligg utanfor det klassiske oppdraget som allmennkringkastarane har, til dømes lisensiering av produkt og sal av program. Dette nivået kan ikkje finansierast med lisensmidlar. Overskotet frå den forretningsmessige drifta skal nyttast til å finansiere programproduksjon og programkjøp.

Hovudoppgåva for NRK skal framleis vera å senda radio og fjernsyn av høg kvalitet til heile folket. Eg meiner det er viktig at NRK har ein sentral posisjon i den norske mediemarknaden også i framtida. Det vil ikkje vera mogleg dersom NRK til dømes ikkje kan satsa på Internett. Med andre ord må NRK kunna satsa breiare enn berre tradisjonell kringkasting, levera andre medieprodukt, driva produksjon og distribusjon i andre medium og nytta lisensmidlar til det. Vedtektene må spegla dette.

NRK kan i dag driva med kommersiell verksemd slik selskapet sjølv vil. Det har Stortinget vedtatt. Eg meiner dette er positivt, mellom anna fordi det gjer det mogleg for NRK å skaffa auka midlar til allmennkringkasting. Den kommersielle verksemda er skild ut i dotterselskapet NRK Aktivum.

President, grensene mellom kommersiell verksemd og kjerneoppgåvene til NRK er ikkje alltid klare. NRK kan i dag få sponsormidlar til å produsera og senda visse typar program mot å identifisera sponsorane i eigne plakatar. Mange meiner at dette minner om rein reklame. NRK opplyser at verdien av sponsormidlane er om lag 30 – 35 millionar kroner årleg. NRK er lisensfinansiert, og skal vera ein ikkje-kommersiell motvekt til dei kommersielle kanalane. Eg vil difor nytta høvet, President, til å reisa ein debatt om ikkje kjerneverksemda i NRK burde vera heilt fri for slike kommersielle uttrykk.

Presisering av NRK sitt allmennkringkastaroppdrag

President, eg tolkar det slik at det særleg er kjerneverksemda i NRK, allmennkringkasting i radio og fjernsyn, som Stortinget ønskjer å drøfta før vedtektene blir presiserte

Redaksjonelle prinsipp
Som allmennkringkastar skal NRK driva si programverksemd etter prinsippa for ytringsfridom og redaksjonelt sjølvstende. Dette inneber at NRK skal vera uavhengig av politiske, religiøse, økonomiske eller andre interesser. NRK skal gjennom programverksemda medverka til å fremja informasjonsfridom, dei demokratiske grunnverdiar og grunnleggjande menneskerettar. Eg vil peika på at programverksemda skal vera prega av høg etisk standard og vera balansert.

NRK må leggja særleg vekt på høg etisk standard på den journalistiske dekninga si. Dette må òg gjelda val av journalistiske metodar.

President, eg vil nytta høve til å minna om det eg har sagt tidligare om dei overordna prinsippa for staten sin styring av NRK, som fleirtalet i Stortinget har slutta seg til: NRK må ha stor fridom innanfor rammene av allmennkringkastaroppdraget. Staten som eigar av NRK skal først og fremst styra på overordna politisk nivå. På den andre sida må avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvensar for sjølve allmennkringkastingstilbodet vera ei politisk sak, som krev handsaming i generalforsamlinga. I særlege høve kan det òg vera naudsynt å leggja saka fram for Stortinget. All styring må skje med respekt for NRK si rolle som redaksjonell verksemd. Spørsmål om redaksjonell profil og innhaldet i konkrete program ligg under redaktøransvaret og skal ikkje handsamast i politiske organ.

Overordna krav til sendingane
NRK har eit særskilt ansvar for å tilby det norske folket eit breitt tilbod av nyhende, aktuell informasjon og kulturstoff. Dette inneberer at programmenyen skal ha tematisk og sjangermessig bredde, både når det gjeld samansettinga av programkategoriar og samansettinga innanfor den einskilde programkategori. Programtilbodet skal ha eit innhald som appellerer til breie lag av folket og som sikrar interessene til minoritetar og særskilte grupper. Slike grupper kan til dømes vera barn og unge, eldre, funksjonshemma, den samiske befolkningsgruppa og andre etniske og språklige minoritetar. Som lisensfinansiert kringkastar har NRK òg eit særleg ansvar for å tilby kvalitetsprogram, smale program og program som går analytisk til verks.

NRKs oppdrag, President, inneber òg eit ansvar for å formidla scenekunst og musikk frå dei institusjonane som får ein stor del statlege midlar frå kulturbudsjettet. NRK har eit viktig ansvar i å bringa oppsetningar og konsertar ut til heile landet. Dette vart tatt opp i Kulturmeldinga som vart drøfta her i salen for kort tid sidan. Det var ingen som ytra seg mot dette i debatten.

Men allmennkringkastarar kan ikkje berre driva med formidling av det andre produserer. NRK må òg sjølv ta ansvar for å produsera drama som tar utgangspunkt i norsk språk, kultur og røyndom. Eg legg òg vekt på, President, at NRK skal ha eit ansvar for sjølv å produsera musikk, både som del av eigne program og som sjølvstendige sendingar.

I tillegg til å informera og underhalda skal NRK vera ein aktiv aktør i det norske kulturlivet og medverka til å fremja norsk og samisk språk, identitet og kultur. Som lisensfinansiert kringkaster har NRK eit særskilt ansvar for å tilby program på norsk og med grunnlag i norsk kultur og tradisjon, og for å formidla kultur og sikra kulturelt mangfald. President, dei fleste har i dag i praksis grenselaus tilgang til utanlandske medium gjennom Internett og utanlandske fjernsynskanalar. NRK har ei viktig rolle i å tilby norskspråklege sendingar, og dette må i framtida bli ein enno meir sentral del av verksemda. Programtilbodet til NRK må difor i hovudsak bestå av sendingar på norsk. P4 og Kanal 24 er forplikta til å senda 35 og 30 prosent norsk musikk. NRK må liggja høgare enn dette, og det gjeld alle kanalane, både i radio og fjernsyn.

Vidare ligg det fast at begge dei offisielle målformene skal nyttast. Minst 25% av verbalinnslaga skal vera på nynorsk. Dette bør òg gjelda teksting på TV. NRK sitt ansvar for nynorsk må også komma til uttrykk på deira Internettsider og i tekst-TV. Eg vil òg minna om at NRK sine distriktssendingar har ei viktig språkpolitisk rolle i nynorskfylka. Styret i NRK har vedtatt at det skal opprettast eit kompetansesenter for nynorsk i Sogn og Fjordane. Senteret skal i fyrste omgang driva opplæring av seks til åtte nynorskpraktikantar i året. Neste steg er å utvikla det til eit nasjonalt nynorsk kompetansesenter som etter planen skal vera i drift frå 1. januar 2005. Formålet er å fremja bruken av nynorsk i etermedia, men også nynorsk på Internett. Dette er eit spanande prosjekt som eg vil følgja nøye.

Barn og unge
President, barn og unge nyttar mykje tid til ymse medium. TV-tilbodet til barn og unge aukar ved at kommersielle kanalar utvidar tilbodet eller etablerer nytt innhald for denne målgruppa. Etableringa av norskpråklege internasjonale barnekanalar kan vera ein trussel mot oppslutninga om NRK sine barneprogram. Dei sender program frå barna vaknar om morgonen til dei legg seg om kvelden. Dei etablerer seg over heile verda med enorme arkiv som dei kan senda frå utan at det kostar dei mykje. Desse kanalane vil vera ein trussel for produksjon av nasjonale barneprogram – og for barn sin kulturelle identitet. Dei internasjonale barnekanalane er sterkt kommersielle, og sender frå avsendarland med andre reglar for reklame retta mot barn enn dei norske.

Det er likevel gledeleg at når NRK sender barneprogram er sjåarane til stades. NRKs Barne-TV har ein marknadsdel på mellom 95 og 99 % i aldersgruppa 3 – 6 år. President, satsinga på barn og unge må likevel styrkast, slik at NRK kan laga eit nasjonalt alternativ til dei kommersielle kanalane med eit betydeleg innslag av eigenproduksjon. Denne satsinga må òg komma dei samiske barna til gode, der fjernsynstilbodet på samisk for barn i dag berre er 15 minutt i veka.

President, når NRK 2 blir tilgjengelig for alle gjennom digital distribusjon bør NRK 2 òg utnyttast med auka tilbod til barn og unge som ein motvekt til dei kommersielle kanalane.

Auka satsing på program for barn og unge skal gjelda både i radio og i fjernsyn. Som lisensfinansiert allmennkringkastar må NRK sørga for å ha eit best mogleg tilbod til barn og unge. Dette tilbodet må vera mest mogleg fritt for kommersiell påverknad.

Teksting for hørselshemma
President, det er om lag 600.000 hørselshemma i Noreg. Det er viktig at denne gruppa får tilgang til fjernsynet. Det ideelle hadde vore om alle sendingane til NRK var teksta for hørselshemma. NRK har saman med TV2 drive forsøk med automatisk teksting av alle tv-program, men tekniske problem gjer at dette systemet ikkje fungerer. NRK tekstar no omlag 60 pst. av sendingane sine, sjølv om det ikkje er stilt noko formelt krav til dette. Dette er svært bra samanlikna med andre europeiske land. Det er likevel eit mål at NRK tekstar enno fleire av fjernsynsprogramma sine, særleg direktesende aktualitets- og debattprogram. NRK driv, som ein av få kringkastarar i verda, ein eigen satellittsend kanal med teiknspråk særskilt for døve.

Minoritetsgrupper
NRK skal spegla folket og gi alle eit tilbod. Eg føreset difor at NRK også styrkjer tilbodet til andre minoritetsgrupper. Dette tilbodet er ikkje godt nok i dag, korkje i radio eller fjernsyn.

Distrikta
NRK sine distriktssendingar med radio og fjernsyn er ein veldig viktig del av informasjonstilbodet. NRK sender no distriktssendingar med fjernsyn i 10 regionar i landet. Dette har vore ein suksess, og sjåartala aukar. Eg legg til grunn at NRK må ha eit like godt distriktstilbod i fjernsyn i heile landet. NRK opplyste i 2002 at det frå tredje kvartal i 2002 ville bli etablert eigne sendingar i Nordland, men i eit svært avgrensa omfang. Stortingets føresetnader i denne saka krev at det blir etablert eit fullt utbygd distriktstilbod i Nordland. Eg har difor lagt til grunn at dei sendingane som tok til i Nordland frå hausten 2002 var ein start, og at programtilbodet seinare ville bli utvida. Eg held fast ved at Nordland skal ha det same distriktstilbodet som andre delar av landet, og vil gjennom vedtak i generalforsamlinga påleggja NRK å gjennomføra dette frå og med 1. januar 2005.

Internett
Eg har merka meg at NRK i aukande grad sørger for at tidlegare sendingar i størst mogleg grad er tilgjengeleg for sjåarane via Internett. Det er gledeleg og viktig i ei tid der folks bruk av medieprodukt i aukande grad er uavhengig av sendeskjema. Dette gjeld ikkje minst historisk viktig materiale.

Avslutning

President, lisensfinansieringa inneber kort og godt at NRK ikkje einsidig skal la marknadskreftene påvirka programprofilen. Tilbodet frå NRK skal vera breitt og smalt, men det skal òg vera noko anna enn det vi får frå reklamefinansierte kanalar. NRK skal gi eit tilbod til dei norske sjåarane og lyttarane som gir heile folket ein meirverdi.

President, dei krava til sendingane i NRK som eg no har gjort greie for, vil danna grunnlaget for ei presisering av NRKs oppdrag som allmennkringkastar. Vedtektene til NRK vil etter dette bli fastsette i generalforsamlinga.