Nordens stemme — Det finsk-norske kulturrfellesskapet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Fanehallen Akershus Festning, 8. juni 2004
Tale/innlegg | Dato: 08.06.2004
Statsråd Valgerd Svarstad Hauglands tale ved åpningen av "Nordens Stemme på Akershus 2004"
Nordens stemme - Det finsk-norske kulturfellesskapet
Fanehallen Akershus Festning, 8. juni 2004
Kjære Norden-venner,
Det er ei stor glede for meg å delta ved opninga av ”Nordens stemme”, som denne gongen har fokus på det finsk-norske kulturfellesskapet og på Finland, Noreg sin nabo i aust.
Det er viktig at dei små nordiske landa ved Europas yttergrense held saman som gode naboar med alt det vi har felles av kultur og historie. Saman står vi sterkare og kan få til meir, og språket vil alltid vera vår viktigaste kommunikasjonskanal.
Det er ei utfordring at det finske språket skil seg så sterkt frå dei andre nordiske språka. For kontakten mellom landa våre betyr det mykje at det svensk-finske språket skaper ei bru mellom finsk og norsk.
Akershus Festning for Kunst og Kultur har tatt initiativ til å skapa gode kontaktar mellom ungdommar i dei nordiske landa. Eg har tru på at det vil vera eit viktig steg når det gjeld å byggja nettverk for framtida.
Eg ser det som positivt at Nordens Institutt i Finland, Foreningen Norden i Oslo og skoleetaten i Oslo har sagt ja til eit samarbeid der ungdom får større kjennskap til mellomalderen og korleis dei levde i dei nordiske landa på den tida. Det er viktig at dei unge får kunnskap om dei tverrnordiske samfunnsforholda, historiske hendinger og samanhengen i utviklinga av dei nordiske samfunna.
Eg kjenner meg trygg på at dette vil styrkja dei unge sitt engasjement når det gjeld Norden og det nordiske samarbeidet, og at det vil gi kjensle av å høyra til den nordiske regionen av Europa.