Historisk arkiv

Operakonferansen i Kristiansund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kristiansund, 5. februar 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Operakonferansen i Kristiansund

Kristiansund, 5. februar 2004

Eg takkar for invitasjonen og eg er glad for å få vera i lag med dykk i dag.

Vi står på norsk operahistorisk grunn her i Kristiansund­ - der Edvard Bræin i 1928 tok initiativet til å setja opp ein opera basert på eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Den norske folkeoperarørsla fekk med dette sin spede start. Bræin ville sikkert ha vore stolt over å sjå at initiativet hans har bore så rike frukter som det har, ved at det i dag er etablert ein opera med heilårs drift i Kristiansund og ved at ideane hans har inspirert til operainitiativ over heile landet.

Eg må seia at det er eit privilegium å få vera saman med representantar for eit kunstfelt som har så mange positivt tenkande og kreative menneske - menneske som er opptatt av å gi lokalsamfunnet sitt eit positivt kulturtilbod. Det er mange som kunne læra av pågangsmotet, dugnadsånda og ikkje minst innsatsviljen til operafolket.

Opera-Noreg er inne i ei svært spennande tid. Det blir bygt nytt operahus i Oslo, og dei seinare åra er det etablert ei rekkje nye operatiltak rundt om i landet. Det er i dag 10 region- og distriktsoperatiltak som får tilskot over statsbudsjettet. I fjor la vi fram kulturmeldinga, der sjølvsagt opera og dans vart behandla. Omtalen kunne basera seg på høyringsdokumentet ”Nasjonal plan for produksjon og formidling av opera og ballett”, og på alle høyringssvara som kom inn frå heile landet.

Kulturmeldinga skal behandlast av Stortinget 1. april i år. Dermed blir det også lagt viktige føringar for utvikling av operafeltet dei komande åra. Og for dansefeltet! For vi må heller ikkje gløyma alle utfordringane dansefeltet står overfor i 10-årsperioden.

Tittelen på foredraget mitt er ”Opera for heile landet”, noko som gir ei vid ramme. Eg har likevel valt å konsentrera foredraget om enkelte tema som eg synest er spesielt viktige, tema som også er sentrale i kulturmeldinga.

Norsk operarepertoar

Eg vil byrja med å snakka om norsk operarepertoar og nyskaping, fordi dette temaet har så stor interesse i dag.

Noreg har ikkje lange og store tradisjonar når det gjeld operarepertoar. Dei første norske operaene vart komponerte på 1800-talet. Det må vel også kunne seiast at det er få norske operaer som har hatt eit slikt gjennomslag at dei er blitt del av eit nasjonalt standardrepertoar. Dette gjer at det er enda viktigare at vi no, når vi skal løfte operakunsten nasjonalt, stimulerer til nyskaping. Nyskaping inneber både at operaer blir skrivne og at dei blir framførte.

Den aukande interessa for operakunsten i Noreg viser seg heldigvis no også hos komponistane våre. Det blir komponert fleire nye operaer no enn nokon gong tidlegare. Det er eit teikn i tida at Norsk komponistforenings fagseminar neste veke har den nye musikkdramatikken som tema.

De som har ansvar for å formidla opera i Noreg, har også eit ansvar for den nye musikkdramatikken. Og det er gledelege tendensar å sjå. Nyskrivne verk blir tinga og spela rundt om på forskjellige stader i landet. Dette er eit særdeles viktig bidrag til at vi kan skapa våre eigne tradisjonar på operafeltet. Det er ei investering i framtida.

Regionopera og distriktsopera

Det er som nemnt 10 operatiltak som får tilskot over posten ”Region- og distriktsopera” på departementets budsjett. Det er stor spennvidd mellom dei, både med omsyn til ambisjonar, økonomi, rammevilkår og publikumspotensial.

Regionopera omfattar dei store byane. Dette er operaer som søkjer å vera profesjonelle i alle ledd, med unntak for operakor. I desse byane er det profesjonelle symfoniorkester og teater som får løyvingar over statsbudsjettet, noko som er viktig for å kunna ha profesjonell operaverksemd i alle ledd. I desse byane er det såleis eit godt potensial for å utvikla operaen vidare.

Distriktsopera omfattar Operaen i Kristiansund, Ringsakeroperaen, Steinvikholm Musikkteater, Musikkteater i Bodø og Opera Nordfjord. Forskjellane mellom desse er store. Operaen i Kristiansund står i særklasse samanlikna med dei andre, og har heilårleg verksemd. Fellesnemnaren for desse operaene er likevel at verksemda er basert på eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. I tillegg til dei kunstnariske ambisjonane har desse tiltaka også allmennkulturelle målsetjingar med store ringverknader for lokalsamfunnet.

Vi må vera medvitne om forskjellen mellom ei verksemd som satsar på profesjonalitet i alle ledd og ei verksemd som også har allmennkulturelle mål. Eit heilt ut profesjonelt operatiltak vil og skal vurderast ut frå kunstnariske kriterium aleine. Distriktsoperamodellen må imidlertid vurderast ut frå både kunstnariske og allmennkulturelle kriterium. Mellom dei allmennkulturelle kriteria er ringverknader og engasjement i lokalsamfunnet veldig viktige. Frå departementets synsvinkel har vi med andre ord å gjera med operaer som er like viktige ut frå sine premissar, men som er forskjelligarta.

Som eit godt eksempel på ein distriktsopera kan vi ta Opera Nordfjord, som får ei ganske beskjeden støtte frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Det er nesten ufatteleg kva Opera Nordfjord får til. Årleg blir det sett opp operaframføringar i Eid, i ein kommune der det bur knapt 6 000 menneske. I oktober 2003 viste dei heile åtte framføringar av Puccinis Tosca! Vi veit kor arbeidskrevjande eit operaarrangement er, kor mange menneske som er involverte. Og tenk på alle kostyma som må syast og alle musikarar og korsongarar som må engasjerast. Opera Nordfjord har 140 frivillige på og bak scenen, noko som viser ei heilt eineståande dugnadsånd. Ei slik dugnadsånd og eit slikt lokalt engasjement er verkeleg noko som det viktig å ta vare på og som fortener støtte frå det offentlege.

Nedanfrå-og-opp-perspektivet

Eit av dei fremste kjenneteikna ved framveksten av operakunsten i Noreg er at han oppstod nedanfrå - gjennom engasjement frå eldsjeler. Forhistoria til Den Norske Opera er sjølv eit godt døme på dette. Vi hadde aldri fått ein nasjonalopera og ein nasjonalballett i Noreg på slutten av 1950-talet om det ikkje hadde vore for eldsjelene.

På same måten er det med distriktsoperaene og regionoperaene rundt om i heile landet. Alle har oppstått som resultat av pågangsmot og vilje hos lokale entusiastar, og fordi også dei lokale styresmaktene har hatt ein aktiv rolle i etableringsprosessen. Departementet har ikkje vore med på å etablera nokon av dei eksisterande region- og distriktsoperaene. Vi oppnemner heller ikkje styremedlemmer, men avgrensar vår medverknad til å gi eit årleg driftstilskot. Det er viktig at dei ulike tiltaka får visa livskraft ut frå sine ressursar.

Dette vil seia at det ikkje er aktuelt for departementet å ta initiativ til nye operatiltak rundt om i landet. Men vi vil i framtida vera opne og respondere positivt på nye initiativ som blir tatt. Og departementet har sjølvsagt eit ansvar for at det blir god geografisk spreiing av tilboda etter ein slik modell.

Det har vore hevda at dette er ein passiv og tilbakelent måte å driva statleg kulturpolitikk på. Eg meiner ikkje det. Det lokale og regionale engasjementet for eit kulturtiltak er eit særs viktig kriterium for om tiltaket skal få støtte frå staten.

I klartekst tyder dette at dei lokale og regionale styresmaktene må støtta tiltaket finansielt og leggja forholda til rette for verksemda. Hvis ikkje er det vanskeleg å argumentera for at staten skal gjera det. Det er dette prinsippet departementet også har lagt til grunn for utviklinga av festivalfeltet, som organisatorisk liknar mykje på operafeltet.

For store delar av kulturfeltet er det i dag etablert faste fordelingsnøklar for dei offentlege tilskota mellom lokal, regionalt og statleg nivå. Det har vore eit stabilt, men ganske statisk system. Når vi ønskjer å byggja opp opera rundt i landet, meiner vi at slike faste fordelingsnøklar ikkje er vegen å gå. Eg ser då bort frå den innarbeidde fordelinga for Operaen i Kristiansund som har fungert svært godt, og som vi legg til grunn at blir ført vidare.

Kontinuitet og fleksibilitet

Eg veit at fleire av dei minste operaene i dag slit med å få finansiert den årlege oppsetjinga si. Eg innser at livskraftige operatiltak over heile landet er avhengige av at staten tar delansvar for ei basisfinansiering. Fleire av operaene, som for eksempel Steinvikholm Musikkteater, arbeider systematisk med å henta inn inntekter frå alternative kjelder, deriblant næringslivet. Mange av operaene har då også høg eigeninntening, men desse inntektene er usikre og variable frå år til år. Årlege statstilskot medverkar til trygg og pårekneleg planlegging. Statstilskotet reduserer derfor også risikoelementet ved aktiviteten, og sikrar kontinuitet.

På den andre sida ønskjer departementet å sikra fleksibilitet i kunstpolitikken - det vil seia at nye midlar til kunstformål i mindre grad enn tidlegare blir bundne opp i faste årlege rammetilskot og nye institusjonar. Kulturmeldinga, som eg tidlegare har nemnt, viser at den offentlege kunstpolitikken - som for eksempel nettopp på scenekunstområdet - står i fare for å bli for statisk. Å balansera stabilitet mot fleksibilitet på ein optimal måte er ei av dei store utfordringane for kunstpolitikken i åra framover.

Spørsmål om auka offentlege tilskot og framtidige avsetningar til scenekunstformål under Norsk kulturråd må derfor sjåast i samanheng med behovet for kontinuitet og fleksibilitet på feltet. Slike støtteordningar er omtalt i ”Nasjonal plan for produksjon og formidling av opera og ballett” og dei er tatt inn i kulturmeldinga.

Operatiltaka rundt om i landet kan ikkje basera seg på at det offentlege skal fullfinansiera aktiviteten deira gjennom faste årlege tilskot. Dei statlege tilskota til operaene vil berre utgjera eit delbidrag eller ei grunnfinansiering. Men for å sikra kontinuitet og regularitet i verksemdene betre enn i dag, er det nødvendig å auka dei faste årlege tilskota til operaene. Det kostar å halda sjølv ein liten prosjektorganisasjon gåande, og når først verksemda er etablert, ønskjer vi jo at ho også skal ha evne til å produsera kunst!

Sjølv om opera i utgangspunktet er ei ressurskrevjande kunstform, har fleire av operatiltaka signalisert at sjølv ein liten auke i tilskotet vil kunna utløysa ny aktivitet. Og her er vi ved spørsmålet om god ressursutnytting.

Tiltaka må sikrast ei grunnfinansiering som på den eine sida sikrar eit minimum av kunstproduksjon, og som på den andre sida legg grunnlaget for at flest mogeleg skal få oppleva kunsten. Vidare er det viktig for staten å medverka til å gjera operaene til fleksible og attraktive samarbeidspartnarar. God ressursutnytting er ikkje det same som å bruka minst mogeleg pengar, men å få mest mogeleg ut av dei midlane som er tilgjengelege. Det er ikkje nokon fasit på kva som er ei tilfredsstillande grunnfinansiering. Kvar opera må vurderast for seg, også fordi ambisjonsnivået varierer så mykje. Den store spennvidda mellom operaene gjer heller ikkje dette enkelt å vurdera. Men saksfeltet er ei viktig og interessant utfordring for Kultur- og kyrkjedepartementet.

Parallelt med arbeidet med å auka grunnfinansieringa av operaen må det arbeidast for å etablera meir fleksible finansieringsformer. Dette er, som nemnt i ”Nasjonal plan” og kulturmeldinga, foreslått gjennom auka avsetningar til støtteordningar i regi av Norsk kulturråd.

For regionoperaene er det dessutan viktig å framheva nokre strukturelle føresetnader som det er viktig å trekkja vekslar på. Eg tenker då særleg på symfoniorkestra og teatra i dei store byane. Den institusjonelle infrastrukturen inneber at det eksisterer ein profesjonell scenekunstkompetanse i desse byane, som både omfattar arrangør- og utøvarsida. Etter mitt syn vil ein regionopera først kunna fungera fullgodt når desse kunstinstitusjonane blir dregne med i eit forpliktande samarbeid. Vi ønskjer at dei eksisterande ressursane skal utnyttast best mogeleg. Eg held det for eksempel for heilt uaktuelt at operaene i byar med profesjonelt symfoniorkester skal tilsetja eigne musikarar. Eg meiner også at det er sjølvsagt at operaene i byane vurderer eit administrativt samarbeid med eksisterande kunstinstitusjonar. Slik situasjonen er i dag, blir det kort og godt ikkje profesjonell opera i dei større byane utan at dei store institusjonane på teater- og orkesterfeltet går inn i eit forpliktande samarbeid om saka.

Dei same strukturelle føresetnadene eksisterer ikkje for distriktsoperaene. Dei må trekkja vekslar på andre typar ressursar i lokalmiljøet.

For begge kategoriar operatiltak vil avsetningar gjennom Kulturrådet kunna bli viktige.

Riksoperaverksemda

Heilt sidan Den Norske Opera vart etablert, har Riksoperaverksemda vore eit heilt sentralt element i den nasjonale formidlinga av opera og ballett i Noreg. Vi føreset at Riksoperaen vil vera ein slik hjørnestein også vidare. Eg ser behov for at riksoperaverksemda må styrkjast og utviklast i åra framover.

Riksoperaen har i dag eit samarbeid på om lag 15 stader over heile landet. Verksemda er avhengig av lokale arrangørar som kan delfinansiera arrangementa. Verksemda er også avhengig av at det lokalt finst kor og orkester og høvelege lokale.

Etter mi oppfatning spelar Den Norske Opera ei heilt sentral rolle for operaaktivitet over heile landet. Operaen sit inne med unik kompetanse som han er forplikta til å dela med heile opera-Noreg. Med nytt operahus vil Operaen få langt betre føresetnader for å vidareutvikla turnéproduksjonane sine, mellom anna fordi prøvesalkapasiteten blir vesentleg betre. Det er viktig at Den Norske Opera også vurderer ulike typar samarbeidsprosjekt. Dei lokale føresetnadene er variable og dette må speglast i samarbeidsforma. Operaen må derfor ta sikte på å vidareutvikla den nasjonale verksemda dei kommande åra.

Den Norske Opera har alt etablert eit aktivt samarbeid med nokre av region- og distriktsoperaene, men det er eit stort uutløyst potensial på dette området. Dette heng saman med spørsmålet om finansiering, men også saman med det faktum at operalandskapet har endra seg ganske kraftig dei seinare åra.

Avslutning - det nye operahuset - for heile landet

For meg som kulturminister er det unaturleg å halda eit foredrag om opera i Noreg utan å omtala det nye operahuset, som er den største kulturpolitiske enkeltsaka vi har i landet. Arbeidet med å byggja huset er i full gang, og i løpet av 2004 vil grunnarbeida ha kome så langt at vi kan sjå konturane av huset.

Det har vore understreka at operahuset skal vera for heile landet, og at huset skal leggjast praktisk til rette også for dette. I ei framtid der vi ser for oss aukande produksjon av opera utanfor hovudstaden, er det viktig at det beste som blir laga andre stader også kan visast i det nye operahuset. Det vil vera ein inspirasjon for heile landet.

Det vil til slutt vera rett å minna om at då Stortinget i juni 1999 vedtok å byggja eit nytt operahus, vart det samtidig vedtatt at det skal ”utvikles en modell for opera- og ballettformidling innen ferdigstillelsen av det nye operahuset”. Dette må vi forstå slik at det skal satsast på opera- og ballettkunst i Noreg, og det ikkje berre i hovudstaden.

Eg har meint at det ville vore klokt om den nasjonale planen kunne koma raskare enn det som eigentleg ligg i Stortingsvedtaket, og eg er glad for at vi har kunna presentera ein plan som eit høyringsdokument alt i 2002, og som ein integrert del av kulturmeldinga i 2003. Eg har også merkt meg at stortingsfleirtalet er nøgd med denne forseringa.

I sum har vi spennande år framfor oss når det gjeld operakunsten i Noreg. Og vi har år der vi har stor bruk for alle dykk entusiastar. Vi treng å ynskja kvarandre lukke til!