Historisk arkiv

Opning av Den norske filmfestivalen i Haugesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Haugesund, 21. august 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Den norske filmfestivalen i Haugesund

Haugesund, 21. august 2004

Kjære festivaldeltakarar,

Så er vi ved starten for den store filmfesten på ettersommaren. Det er ei stor glede for meg i år igjen å helsa Den norske filmfestivalen frå Regjeringa. Vi er glade for at årets festivalprogram har mykje norsk filmkultur på programmet. Dette er enno eit teikn på at det for tida står bra til med norsk film på norske kinoar.

Gjennom ei veke kan ein velja i et breitt spekter av norsk, nordisk og internasjonal film. Filmfestivalen i Haugesund tar den nordiske utfordringa på alvor gjennom New Nordic Films, som er blitt ein stor suksess. Det er eg glad for.

I kveld opnar festivalen med nytt og norsk. Fjorårets feira skodespelar Aksel Henie debuterer i år som regissør med filmen Uno. For ei tid tilbake var eg så heldig å besøke settet under innspelinga av filmen. Eg tok med meg kake for å feira dei gode besøkstale norske filmar har på kino. Der møtte eg ein energisk gjeng som stod på det dei kunne for at vi snart skal få ein god filmoppleving. Norske filmar gjer det veldig godt på kino, og eg er sikker på at filmen vi snart skal få sjå ikkje blir noko unntak.

Filmfestivalen gir oss menyen for kva vi kan oppleva på kino i det kommande filmåret. Vi har mykje godt i vente. Våre eigne produksjonar skal måla seg med noko av det beste av internasjonal produksjon som skal visast på kino.

Det er all grunn til å tru at norsk film no er eit sjølvsagt val for eit stort kinopublikum. Ikkje minst skal barn vera sikra gode filmar med utgangspunkt i vårt eige språk og vår eigen kultur. Ein av dei nye norske barnefilmane er Gråtass, som opnar Barnefilmfesten på måndag.

Som Kulturminister vil eg òg nytta høvet til å gratulera med 20 års jubileet for Amanda neste fredag. Det er bra at også manusforfattarane får sin Amanda frå i år av. Det var på tide! Utan eit godt manus, blir det vanskeleg å laga god film.

Film er ein viktig del av kulturpolitikken. I 2004 brukar vi nærare 230 millionar statlege kroner på å produsera god norsk film.

Film er ein bransje som utviklar seg raskt, både teknologisk og kunstnarleg. Vi som skal leggja til rette for ein politikk som fremjar den norske filmen, må difor følgja utviklinga særdeles nøye slik at dei offentlege verkemidla er i tråd med det den norske filmen treng for å utvikla seg.

Kulturdepartementet står no i startgropa for ei stor evaluering av filmpolitikken, og som skal leggja grunnlaget for dei framtidige verkemidla. Vi vil leggja opp til eit breitt samarbeid med heile bransjen. Vi får betre tid på oss enn vi hadde i vinter med stortingsmelding nr 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon. Eg oppmodar dykk her og no til å vera aktive i denne prosessen. Eventuelle endringar som følgje av evalueringa vil bli sette i verk frå 2007.

Eg ynskjer alle aktørar som jobbar profesjonelt med film i Noreg –filmprodusentar, distributørar, politikarar, kinosjefar og andre filmfolk lukke til med årets filmfestival her i Haugesund !

Dear foreign guests, FERA delegates

On behalf of the Government of Norway, I wish the European film directors a warm welcome to Norway and to the film festival here in Haugesund. For Norway, it is of great importance to be part of the European film community. We have the pleasure of being long established members of several European organizations and programs. This has given us the opportunity to be a part of the European film marked. It has resulted in meeting points and from time to time co-productions between Norwegian and European film producers.

Our aim is that European film shall have its own expression, and that European films shall share a common audience in Europe. It is a great challenge to tear down the borders that might exist between film and foreign audience, and thereby greatly increase the potential audience for each film.

The FERA meeting here in Haugesund suits well our involvement in European film. We hope you will benefit from your stay, and that you in between the committee meetings and debates will find time to make connections with the numerous Nordic film people that is gathered here in Haugesund through the programme New Nordic Films.

As the Minister of Culture and Church Affairs I like to express my greetings to all the participants who are here to meet Nordic film, Nordic film producers and film makers. I would also like to greet the hopefully numerous buyers, press, festival directors and others from the European countries and the world. It is important that Nordic films are seen in Europe and in the rest of the world.

I will also take the opportunity to congratulate Scandinavian Films with their jubilee. The work that Scandinavian Films do abroad is highly appreciated.

I wish you all a pleasant stay and best of luck with the festival!