Historisk arkiv

Opning av "Film frå Sør-festivalen"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Vika kino i Oslo, 7. oktober 2004

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Film frå Sør festivalen

Vika kino i Oslo, 7. oktober 2004

Kjære festivaldeltakarar

Det er ei stor glede for meg å få opna Film frå Sør festivalen i år. Noreg har etter kvart mange flotte filmfestivalar, og eg har hatt æra av å vera med på fleire av dei. Film frå Sør skil seg likevel ut med sitt fokus på filmar frå den ikkje-vestlege delen av verda. Denne festivalen er ein flott måte å visa eit utval av filmar med eit anna verdigrunnlag enn det vi til vanleg får sjå på norske kinoar.

I år kan festivalen vera stolt av å vise filmar som har merkte seg ut på store internasjonale festivalar som Cannes, Berlin, Shanghai og Havana. 90 filmar frå 47 land i Asia, Afrika og Latin-Amerika står på programmet. Eg trur vi kan venta oss mange sterke historier og sterke bilete.

Den siste tida har vi sett fryktelege mediebilete frå den sørlege og austlege delen av verda. Andleta til døyande russiske born i Beslan og dei fortvilte foreldra deira sit att på netthinna. Frå Midt-Austen får vi daglege rapportar om død, naud og redsle hos sivile på begge sider av konflikten, og både israelarar og palestinarar lir. Der nyhenda ofte gir eit fragmentert inntrykk av slike hendingar og av verda rundt oss, kan filmen vera eit middel til å koma bak det fjernsynet viser. Både fiksjonsfilm og dokumentarfilm kan gi oss ei betre forståing av samanhengen desse sterke bileta er ein del av.

Dei norske filmfestivalane tar dette på alvor. I Tromsø delar dei ut ”Den norske filmfredsprisen” og Bergen Internasjonale Filmfestival har ambisjonar om å bli den viktigaste festivalen for dokumentarfilm. Den nye festivalen i Trondheim vil fokusera på både samfunnsengasjerte filmar og filmar om mellommenneskelege relasjonar. I år har Film frå Sør ein eigen serie som er kalla ”Det kritiske rom”. Temaet her er film som drivkraft for debatt. I denne serien inngår fleire dokumentarfilmar frå Israel og Palestina, og det vert seminar etterpå der ein kan diskutera filmane. Kva er det som gjer at nokon vert sjølvmordsbombarar? Dette er spørsmålet Institutt for fredsforsking stiller på eit av seminara. Filmen som vert vist før dette seminaret er The Terrorist av Santosh Sivan, som handlar om ei ung tamilsk jente som har vorte plukka ut til å bli sjølvmordsbombar.

Å skapa arenaer der ein kan diskutera slike vanskelege problemstillingar er ei viktig oppgåve for Film frå Sør. Kvardagen er fylt av språk, bilete og historiar frå vår eigen vestlege verden. Ofte er dei einaste inntrykka vi får frå land i andre delar av verda rapportar i media om svolt, fattigdom og naturkatastrofar. Nokre gonger kan det vera lett å gløyma at Afrika er så mykje meir enn krig og liding, eller at ein i Austen finn kulturar som er mykje eldre og rikare enn vår eigen. Mottoet til Film frå Sør er ”Sjå verda frå ein annan vinkel”. Dette mottoet gjeld ikkje berre for filmar med voldelege og vanskelege tema, men også like mykje for alle dei morosame, vakre, kule og tøffe filmane som vert laga i land i sør. Eg har fått høyra at det også finst mange slike på programmet i år.

Filmen som har fått æra av å opna Film frå Sør i år gjorde sterkt inntrykk og fekk ståande applaus under filmfestivalen i Cannes tidlegare i år. Filmen var ein av kandidatane i hovudkonkurransen, og rykta seier at formannen i juryen, Quentin Tarantino, bukka djupt i akting og takka Zhang Yimou og hans team for den flotte filmopplevinga. Her på opninga av Film frå Sør er det første gongen filmen vert vist i Noreg.

Film frå Sør feirar 14 år i 2004. Det har skjedd mykje sidan festivalen vart starta av ei gruppe idealistiske studentar på Blindern i 1991. Den gongen vitja omlag 300 festivalen. I fjor vart det selt heile 19 000 billettar og det er ny rekord! La oss håpa at det kjem endå fleire til festivalen i år.

Berebjelken bak festvalen har alltid vore arbeidet til dei frivillige, akkurat slik det er med mange andre kulturarrangement i Noreg. Utan entusiastiske enkeltmenneske som stiller opp og tar av si eiga dyrebare fritid ville kulturlivet i Noreg ha vore mykje fattigare.

Filmfestivalen i Cannes har sin Gullpalme, Berlin har sin Sølvbjørn og i Haugesund har vi Amandaprisen. Heilt sidan starten har Film frå Sør delt ut prisen ”The Oslo Films From the South Award” til den filmen som vinn konkurranseprogrammet. Prisen er på 75 000 kroner som vert gitt i støtte frå Norsk filminstitutt til den distributøren i Noreg som lanserer filmen på kino her til lands. I år lyste festivalen ut ein konkurranse for å gi denne prisen eit litt betre og enklare namn. Juryen i konkurransen stilte seg spørsmålet: skal festivalen spegla samfunnet eller vera ein hammar som kan forma det? Konklusjonen vart at Film frå Sør som kulturarrangement aldri kan verta ein hammar med direkte kraft til å forma, men at den kan vera ein spegel som viser oss verda med større bredde og djup enn det vi som sjåarar får i andre medium. Prisen har derfor fått namnet ”Sølvspeilet 2004”.

Med dette erklærer eg årets Film frå Sør festival for opna. Ha ei god filmoppleving.