Historisk arkiv

Opning av Mostraspelet: ”Kristkongane på Moster”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Bømlo, 29. mai 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Mostraspelet: ”Kristkongane på Moster”

Bømlo, 29. mai 2004

Kjære teatervener,

Det er ei stor glede for meg å vera her på Bømlo ved premieren på ”Kristkongane på Moster”. Det er sagt mange godord om denne teaterframsyninga i dette storslåtte amfiet, og det vert sagt at ingen som har vore her og opplevd spelet gløymer henne!

Mange viktige hendingar har funne stad på denne øya. Det var her Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting i år 1024 og sette kristenretten som vart starten på Noregs lover. Dette er soga om dei to kristkongane som kom heim og gjorde krav på kongemakt, og som kombinerte kongekall og kristningsarbeid. Det er ei sterk historie! Det er så ein kan kjenne det historiske suset!

Alt i vikingtida var Vestlandet sentrum i Noreg. Bømlo og Moster hadde ei viktig rolle i landet si historie. Det er rart å tenkja på at også Håkon den Gode vandra rundt i dette området, og at mor hans – Tora – hadde oppveksten sin her på Moster.

Tre av dei store kongane i norsk historie frå denne tida er knytte til denne staden. Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldson. På kvart sitt vis har dei alle band til Moster, og her er det mange minnesmerke etter dei.

I ”Kristkongane på Moster” går vi 1000 år tilbake i Noregs historie. Vi møter kongane Olav Tryggvason og Olav Haraldson, han som fekk tilnamnet Olav den Heilage. Vi skal vera vitne til ei dramatisk brytningstid i Noreg, striden mellom gamal og ny tru og kristninga av landet. Heldigvis har metodane for evangelisering endra seg sidan den gong, men bodskapen står ved lag, til signing for oss som har fått del i det.

Bak soga om kristkongane ligg eit stort engasjement og ei djup kristen tru. Det historiske dramaet som ein gong fann stad her, var nok grunnen til at den største økumeniske samlinga som nokon gong har funne stad i Nord-Europa, i 1995 vart lagd akkurat til Moster. - Det var stort at Den Norske Kyrkja då kunne høgtida at gudstenestetradisjonen i Noreg kunne feira sitt 1000-årsjubileum! Ein kan nesten seia at trådane på denne måten blir knytt mellom gamal og ny tid!

Vi som var her i 1995, opplevde fantastiske dagar! I mellomalderen var dette ein av dei mange stadene i Sunnhordland der folk tok ut og brente kalk. Det er rart å tenkja på at eit av desse kalkbrota i dag er Moster Amfi.

Eg veit at det ligg mykje planlegging og eit stort arbeid bak dette sogespelet, og at mange frivillige har lagt ned tid og krefter for å nå fram til denne dagen! Det må bli eit godt resultat når ei heil bygd og ein kommune løfter i flokk, slik de har gjort her. På denne måten tar de vare på nasjonen si soge, ei soge som vi alle er stolte av!

Bømloteateret har alt ei lang historie, nesten ein mannsalder. Eg veit at det rår stor idealisme bak teateret og at mange sterke krefter står saman om å lyfta sogespelet om kristkongane opp til eit høgt kunstnarleg nivå.

Eg har sett fram til denne opplevinga. Med dette har eg gleda av å opna Mostraspelet 2004 om ”Kristkongane på Moster”!