Historisk arkiv

Opning av seminar Emmy 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Losby Gods, 30. november 2004.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av seminar Emmy 2007

Losby Gods, 30. november 2004.

Velkommen til seminar alle saman!

Det er ei stor glede for meg å få opna seminar Emmy 2007. Det høyres kanskje ut som om eg rotar litt med årstala her, men det er faktisk ikkje tilfellet. Namnet på dette seminaret reflekterer nemleg at Norsk filmutvikling i samarbeid med Norsk filmfond har satt seg eit spanande mål for framtida og for tv-miljøet i Noreg; at Noreg skal vinna si første Emmypris i 2007!

International Emmy Awards blir delt ut kvart år i New York av The International Academy of Television Arts and Science. Prisane blir delte ut for mellom anna beste dramaserie, for beste tv-film/miniserie og for beste barne- og ungdomsserie. Sverige fikk ein Emmy i 1998 og Danmark vann både i 2002 og i 2003. Når Sverige og Danmark kan produsera dramatikk av ein slik kvalitet at dei vinn Emmy-prisar, tyder det på at det å vera eit lite land og eit lite språkområde ikkje er ei hindring for å bli lagt merke til i internasjonal samanheng. Det bør difor vera ein ambisjon for det norske film- og tv-miljøet at Noreg vinn sin fyrste Emmy i 2007.

Det har vore satsa på norsk kinofilm dei siste åra. Satsinga har gitt resultat og vi har fått mange flotte filmar frå norske filmskaparar. Marknadsdelen for norske filmar har stege til nærmare 20 prosent. Dette er ei utvikling vi tar i mot med stor glede. Likevel må vi vel innsjå at film på kino er noko som ikkje når alle, vi veit at det å gå på kino er mest populært blant dei unge og blant dei som bur i byar og i tettbygde strok av landet vårt. Ei stor del av alle nordmenn får difor sett lite av norsk audiovisuell dramatikk.

Fjernsynet er ein viktig formidlar av norsk kultur og norsk språk. Kvar dag ser nordmenn i gjennomsnitt 2,5 timar på TV, og ei stor del av denne tida vert brukt på dramaproduksjonar. Norske sjåarar ynskjer å sjå norsk drama på fjernsyn, og slike produksjonar har som oftast eit stort publikum. Historiar som utspeler seg på TV-skjermen opplever ein ofte nærmare og tettare enn det ein kinofilm gjer. Du kan sitja i di eiga stove og ta del i dramatikken. På fjernsyn blir han tilgjengeleg for alle, uansett alder, kjønn eller bustad. Historiane speglar våre eigne liv og vår eiga samtid, og vi som sjåarar får ein felles referanse til både fortida og den verda vi lever i.

I løpet av ei vanleg veke får norske fjernsynssjåarar tilbod om to norske dramatitlar fordelt på 3, 5 timar. Vi har ein mykje mindre del nasjonal TV-dramatikk i Noreg enn det som er vanleg i andre europeiske land som vi brukar å samanlikna oss med. Det er også tankevekkande at desse få norske produksjonane kvar veke må konkurrera med over 100 amerikanske seriar og over 140 timar med amerikanskprodusert drama.

Norsk TV-dramatikk konkurrerar altså heilt klart når det gjeld kvantitet, men like viktig er det at norske produksjonar kan konkurrere med internasjonale tv-seriar når det gjeld kvalitet. Det er heilt avgjerande at norsk fjernsynsdramatikk held eit kvalitetsnivå av internasjonal standard. Slike ambisjonar kostar pengar. Det er ikkje billig å laga TV av høg kvalitet i Noreg, og med få sjåarar blir kostnadane pr. sjåar høge. Noreg bør difor ha ambisjonar om å nå eit større publikum med norsk TV-dramatikk. Det er ikkje nokon grunn til at Noreg ikkje skal kunna eksportera nasjonale dramaproduksjonar til utlandet. Tenk berre på den glede norske TV-sjåarar har hatt av å sjå seriar frå andre nordiske land som for eksempel svenske ”Fanny og Alexander”, danske ”Matador”, ”Nicolai og Julie” eller ”Krøniken”. Dette er TV-seriar som har rørt og prega heile generasjonar av TV-sjåarar, også i Noreg.

I desember 2002 vart det nye ”TV-fondet” ein del av Norsk Filmfond, og for fyrste gong vart det mogleg for TV-seriar å søkja om offentlege midlar. NRK har også varsla at dei frå 2005 vil leggje 10 % av sitt budsjett ut til eksterne produsentar. Ein stor del av desse midlane vil gå til produksjon av norsk TV-dramatikk. TV2 har også sagt at dei ønskjer å ha meir fokus på norsk drama. At vi får fleire produsentar av norsk TV-drama fører med seg nye utfordringar for det audiovisuelle miljøet i Noreg.

Det norske TV-miljøet er lite. Når midlane nå skal delast ut til fleire produserande einingar, vert det difor viktig at alle arbeider mot dei same måla. Slik kan heile bransjen dra nytte av kvarandre og utvikla dei ressursane vi har. Eit slikt felles mål kan vera at vi i 2007 skal ha ein norsk vinnar av den mest prestisjefylte internasjonale prisen innan TV-dramatikk: International Emmy Awards. Det er viktig å understreka at ei felles satsing på TV-dramatikk også vil gi det norske filmmiljøet eit løft. Om vi skal heva nivået på norske filmproduksjonar, må vi også heva nivået på norske tv-produksjonar og omvendt.

”Han sette seg så høge mål i livet at det var meiningslaust å arbeide for å nå dei”. Skriv den norske forfattaren Nils-Fredrik Nielsen. Det trur eg ikkje er tilfellet her i dag. Emmy 2007 er både eit konkret og eit symbolsk mål, og det er eit realistisk mål. Dette seminaret er det fyrste steget på vegen mot den raude løparen i New York.

Ha eit flott seminar!