Historisk arkiv

Opninga av konferansen " Statens verdigrunnlag-felles verdier-menneskerettigheter-tradisjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Oslo Kongressenter, 16. september 2004

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opninga av konferansen "Statens verdigrunnlag-felles verdier- menneskerettigheter-tradisjon"

Oslo Kongressenter, 16. september 2004

Kjære alle saman.

Først av alt vil eg få lov til å takka for at eg fekk koma hit i dag. Dette er ein stor og viktig konferanse, som set på dagsorden saker som både regjeringa og eg som Kultur- og kyrkjestatsråd følgjer med interesse og synes er viktig å ta opp.

Eg vil difor også nytta høve til innleiingsvis å takka initiativtakarane og arrangørane, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og Noregs kristne råd. De har sett opp eit spanande og variert program, og eg er sikker på at vi alle vil gå ut herifrå i dag litt rikare og meir kunnskapsrike enn då vi kom – og vonleg med ein auka entusiasme for å gå vidare med arbeidet!

Noreg har endra seg i løpet av dei siste åra til eit meir fleirkulturelt og fleirreligiøst Noreg. Dette byr på fleire utfordringar i å forstå kvarandre. I media les vi om muslimske kvinner som går i demonstrasjonstog for retten til å bæra hijab. Vi les òg om muslimske kvinner som går ut og åtvarar mot denne retten til å bæra hijab. Vi les om terrorfrykt, ofte kopla til frykt for muslimar. Oftast blir tvangsekteskap blant innvandrarar kopla til muslimar. I tillegg har det blitt vanleg at religion i det heile har komen i media sitt søkelys. Det kan vera oppslag om kriminalitet kopla til religiøsitet, brot på menneskerettar, alternativ religiøse behandlingsmetodar osv.

Undersøkingar som vert gjort seier noko om vårt forhold og haldningar til religion, tradisjon og verdirelaterte spørsmål. I det heile trur eg ikkje det går ein einaste dag utan at vi les noko i avisene som er kopla til nettopp desse emnene!

Denne utviklinga ber med seg både positive og negative tendensar.

Det positive er ein samling som i dag og som de som organisasjonar og enkeltpersonar driv med dagleg. Det er viktig å setja tema som religion, kultur, verdiar, tradisjon og menneskerettar på dagsorden. Slik kan ein fremma dialog og nyansert informasjonsutveksling. Og det er heilt avgjerande for at vi i framtida skal unngå ein kvardag prega av konflikt og framandfrykt.

Kunnskap er ein viktig nøkkel til toleranse, og gjennom at desse tema no er sett så klart på dagsorden, er vi komen eit langt stykke på veg mot å ta på alvor dei utfordringane som på godt og vondt følgjer i kjølevatnet av eit aukande fleirkulturelt samfunn.

Mykje av denne typen positiv informasjonsutveksling trur eg også kjem fram gjennom media sitt fokus på religion og verdirelaterte spørsmål. I motsetning til ein slik konferanse, som berre samlar eit knippe folk, når media ut til det breie lag av folket. Dei har makt til å setta dagsorden, informera og vera dialogforum på ein positiv måte, men dei har også presset om å selja hengande over seg. Som vi alle er kjent med,sel ei kraftfull og dramatisk historie betre enn ein sakleg artikkel. Difor vert ofte ting slått opp tabloid, forenkla for å gjera det meir fengande og forståeleg, i tillegg til at ein gjerne får ein pussig versjon av sanninga. Diverre.

Den meir negative form for informasjonsformidling, har krafta til å dyrka fram fordommar basert på einsidig og manglande kunnskap. Kultur vert blanda saman med religion og omvendt og det ein person gjer vert tatt til inntekt for noko alle gjer. Når vi i tillegg veit at vi menneske av natur ofte syntest at det som er framand er litt skummelt, kan denne generaliseringa og mangel på kunnskap leia i feil retning. Vi treng å gjera det framande mindre framand. Vi treng å forstå meir av kvarandre og vi treng vekka interessa for å vita meir om kvarandre.

Fokuset må rettast mot korleis vi på best mogleg måte skal kunne leva saman i aksept for både skilnadar og likskapar, og det trur eg best kan gjerast gjennom nettopp dialog, informasjonsutveksling, forsking og nyansert kunnskapsformidling. Vi må starte ein plass og gjera verdidebatten kvardagsleg.

I eit samfunn med raske endringar både kulturelt, sosialt og teknologisk sett, er det viktig med forankring i verdiar, felles så vel som ulike. Regjeringa ønskjer difor å legga til rette for at den nødvendige kunnskapsutvekslinga får plass i samfunnet vårt og at individet sine rettar og kulturelle identitet vert akseptert og sikra, samtidig som vi kan skapa og vedlikehalda ein felles plattform.

Som eit ledd i dette arbeidet står barna sin rett til å få opplæring i eiga tru. Gjennom slik opplæring får ein kunnskap og tryggleik i sin eigen kulturelle og religiøse bakgrunn – ein tryggleik som gjer det mogleg å utvisa toleranse i møte med andre som ikkje deler eins eigen bakgrunn. Denne tryggleiken skaper òg ein plattform for dialog. Når ein kjenner seg sjølv er ein klar for å kjenne andre. Eg har difor stor tru på at regjeringa si satsing på trusopplæring vil bæra frukter i framtida!

Reforma legg til grunn det økonomiske likebehandlingsprinsippet, der alle trus- og livssynssamfunn får tilsvarande støtte pr medlem som det Den norske kyrkja får. For Regjeringa er det viktig at alle trus- og livssynssamfunn i Noreg skal ha like økonomiske vilkår, rettar og sjansar, og ikkje berre lik rett til å uttrykke trua si i samsvar med sin eigen religiøse overbevisning. Retten til opplæring i eiga tru, skal ikkje vera avhengig av kva trussamfunn ein tilhøyrer.

Av andre økonomiske tiltak som har vorte prioritert i arbeidet med å skapa ein plattform for toleranse og likeverd, er dei såkalla dialogmidlane som denne konferansen blant anna har fått støtte frå. Desse midlane skal gå til arbeid som er med på å styrka dialogen mellom trus- og livssynssamfunna, og som eg har vore inne på før, trur eg ein slik konferanse som denne ikkje berre er eit godt utgangspunkt for informasjonsutveksling, men også for det å skapa og vedlikehalda nettverk som kan bringa ein vidare i arbeidet og gi næring til entusiasmen.

Kultur- og kyrkjedepartementet er i gang med å etablera eit stipend for å auka kunnskapen om og byggja respekt mellom trus- og livssynssamfunna i det norske samfunnet. Stipendet skal brukast til utvikling av praktisk kunnskap som kan vere nyttig for å betra dialogen i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg. Dette er i tråd med ønsket vårt om å styrkja arbeidet med den gode dialogen.

Nok ein gong vil eg difor takka for det arbeidet de alle gjer, med ei spesiell takk til Noregs kristne råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Sidan de starta organisasjonsarbeidet har de gjort ein uvurderleg innsats for det økumeniske arbeidet mellom kristne trussamfunn og mellom ulike trus- og livssynssamfunn!

Når vi no går mot kortare og mørkare dagar og ser litt framover på kva vi har i vente, er det ei spanande og vonleg lang lys tid vi kan sjå fram mot.

No i haust vil Regjeringa leggja fram ei stortingsmelding om det fleirkulturelle Noreg. ”Om mangfold gjennom inkludering og deltakelse – ansvar og frihet” er det førebelse namnet, og vi håpar sjølvsagt at ho vil få positive ringverknadar når det gjeld det vidare arbeidet med integrering og god sameksistens.

Litt seinare, i løpet av 2005, vil Gjønnes-utvalet leggja fram si innstilling om forholdet mellom stat og kyrkje. Det knyter seg stor spaning til innstillinga.

Vi vil mest sannsynleg gå ei tid i møte der debattar om tru og livssyn, verdiar, tradisjonar og statens verdigrunnlag vil bli mykje vanlegare kvardagskost enn det alt er i dag. Denne dagen er med andre ord ikkje siste gongen vi set desse tema øvst på dagsorden. Vi går ei spanande tid i møte!

Lykke til med konferansen!