Historisk arkiv

Opninga av Norsk Husflidslags utstilling "Emnetre"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Norsk Skogbruksmuseum, Elverum, 17. januar 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opninga av Norsk Husflidslags utstilling ”Emnetre”

Norsk Skogbruksmuseum, Elverum, 17. januar 2004

Kjære publikum.

Koplinga mellom husflid og skogmuseet er innlysande og naturleg. I dag skal vi få sjå utstillinga ”Emnetre”, som har til formål å vekkja interesse for husflid og ulike bruksområder for tre i gjenstandskulturen. Utstillinga skal vera ein arena for handlingsboren kunnskap som læringsform og er fyrst og fremst retta mot barn og unge.

Husflidstradisjonane våre går til kjernen av norsk samfunnsstruktur, økonomi og historie. I eit land der befolkninga var spreidd på grisgrendte bygder og enkeltgardar, var ein avhengig av å utnytta ressursane rundt seg for å overleva.

Eilert Sundt kallar husfliden ”allmenne ferdigheter på bygdene”. Dette utvikla seg til eit personlegdomsideal som innebar at ein skulle greia seg sjølv ved å laga og vedlikehalda reiskapane, bruksgjenstandane og kleda sine sjølv. Dette var både ein dyd og helt naudsynt.

Vi har gått inn i eit nytt tusenår der world wide web er den mest kjente veven vi har. Dei fleste av oss bur i byar eller større tettstader der vi kan få kjøpt alt vi treng av materielle gode i butikkar, og der tida er blitt ein viktig ressurs. Behovet for husflid har derfor endra seg i takt med samfunnsutviklinga.

Samfunnsutviklinga skjer i stadig raskare takt. Verdssamfunnet kjem nærmare og informasjonsflommen er større enn dei fleste klarer å ta inn over seg. I eit skiftande og uoversiktig samfunn ser det ut som om vi blir meir medvitne om verdiane i vår eigen kultur. Denne bevisstgjeringa er ein internasjonal tendens. Her i Noreg viser den seg bl.a. i den store interessa for bunadene våre.

Vi har behov for kunnskap om eigen kultur og identitet for å vita kven vi er, men kanskje også som ei plattform for å kunne forstå og kommunisera med menneske med andre kulturbakgrunnar.

Kunnskap om eigen kultur er viktig både for eigenutvikling og for ein betre kommunikasjon menneske imellom. Når kvar og ein av oss går lenger inn og djupare ned for å utforska eigne særtrekk, kan vi håpa at vi vil oppdaga det fellesmenneskelege avtrykket – fellestrekka som sameinar på tvers av landegrenser og kulturar.

Den kulturelle skulesekken er eit eksempel på ei stor satsing på kulturformidling til barn i grunnskulen. Alle kulturuttrykk skal vera representerte, også husflid. Formålet er bl.a. å gi barna ei felles plattform – vårt felles minne. Vi vil også utvikla kreativitet og skaparglede som kan ha stor innverknad på livskvaliteten til den einskilde eleven.

For å lukkast med Den kulturelle skulesekken, må mange aktørar samarbeida med skulane. Dette gjeld mellom anna kulturberarane, dei frivillige organisasjonane og musea.

Vandreutstillinga ”Emnetre” saman med kampanjen ”Gjør eit spikk” er eit godt døme på ein tilrettelagt arena for barn der dei får kunnskap om materialet tre og tradisjonane knytte til dette, samtidig som dei får ei meiningsfull oppleving ved å skapa sjølve.

Å arbeida med hendene er som å gå inn i ”eit langsamt rom” har forfattar Inge Eidsvåg uttalt – eit rom fylt av ro, kreativitet og refleksjon. Vi brukar hendene i ei rytmisk rørsle samtidig som hovudet reflekterer over potensialet til materialet når det gjeld form og brukseigenskapar. I så måte har både vaksne og barn behov for å bli kjent med ”det langsame rommet”, og dersom vi går inn dit, vaksne og barn saman, får vi gleda av å oppleva fellesskapet som ekstragevinst.

Aktivitetsheftet som er utarbeidd til denne utstillinga, er ein framifrå reiskap til fellesaktivitetar ikkje berre i skulen, men også for foreldre og barn heime og når ein er ute på tur i skog og mark.

Dei frivillige organisasjonane er viktige både for kulturlivet og for samfunnet elles. Frivillige organisasjonar utfører mange tusen timar i arbeidsinnsats for fellesskapet. For å kunna få ein større effekt av det frivillige arbeidet, kan det ofte vera nyttig at organisasjonane samarbeider. Samarbeidet mellom Norges Husflidslag og Det norske Skogselskap er eit døme på organisasjonar som utfyller kvarandre og kor resultatet har blitt eit meir heilskapleg tilbod til elevar i grunnskulen over heile landet.

Oppleving av kultur bidrar til å forma tenkinga, fantasien og åtferda vår. Kultur gir inspirasjon til endring, skaparkraft og fridom og er utgangspunktet for nye alternativ. For grupper og samfunn betyr kultur energi, inspirasjon og krefter. Husflid er ein viktig del av denne kulturen.

Eg vil derfor utfordra skulane til å ta i bruk vandreutstillinga ”Emnetre” og kampanjen ”Gjør eit spikk”. Bruk arenaen, arbeidshefta og den kompetansen som både Norges Husflidslag og Det norske Skogselskap har.

Våre husflidstradisjonar er ein krevjande arv å føra vidare. Dei ber i seg kunnskap om materiale, arbeidsmåtar, former og dekor. Vi bør bruka vår tids formspråk i dagens husflidsprodukt, slik at tradisjonen held fram med å utvikla seg og vera levande. Eg utfordrar derfor Noregs Husflidslag til å halda denne kulturarven levande gjennom opplæring, vidareutvikling og samarbeid med andre organisasjonar og kulturar.

Eg erklærer med dette vandreutstillinga ”Emnetre” for opna og ønskjer lukke til på ferda rundt i landet.