Opninga av Nynorsk mediesenter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Førde, 2. september 2004
Tale/innlegg | Dato: 02.09.2004
- Nynorsk mediesenter her i Førde kan visa seg å bli eit svært viktig tiltak i arbeidet både for å utvikla og utbreia godt nynorsk mediespråk spesielt, og for å styrkja nynorsk språk og kultur generelt, sa kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland ved opninga i dag. (02.09.04)
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Opninga av Nynorsk mediesenter
Førde, 2. september 2004
Gode nynorskvener, sunnfjordingar
Kjære mediefolk, i og utanfor NRK, praktikantar og tilsette ved Nynorsk mediesenter.
Eg vil starta med å fortelja om ein journalist som i lag med to studiekameratar starta eit satirisk vekeblad. Artiklane hans kunne vekkja både interesse og indignasjon. Etter kvart utvikla han eit identitetsproblem. Han fann seg stadig mindre til rette i det skriftspråket han brukte. Til slutt publiserte han eit språkleg avskjedsbrev, der han bad lesarane tilgi han, fordi – som han skreiv:
”jeg har vanæret min norske Haand med å skrive dansk,
at jeg saaledes syndede mot Fædrelandets Aand
og gjorde Mit til å slukke den sidste Rest av dens Liv;
jeg skal ikke gjøre det mere.”
Frå no av gjekk han fullt og heilt over til landsmål. Han starta eit nytt vekeblad, som vart ei mektig kraft i samtida. Her gjorde han ikkje minst ein framifrå innsats for å utvikla ordtilfanget i det nye landsmålet. Han hadde journalistisk teft, var kvikk til å gripa det som fall i hans veg. Han kunne òg skapa journalistiske blinkskot av nesten ingenting. Han grunnla ein heilt ny avisstil her i landet.
Aasmund Olavsson Vinje var ein pioner i norsk journalistikk og nynorsk målbruk. Gjennom journalistikken omskapte han eit nykonstruert skriftspråk til eit praktisk uttrykksmiddel som viste seg fullt brukande, anten emnet var stort eller lite. Gjennom originalitet og kvalitet gjorde han kvardagsjournalistikk om til høgverdig litteratur.
Ikkje alle kan bli som Vinje, verken som journalist eller som språkleg balansekunstnar.
Og både mediesituasjonen og språksituasjonen er mykje endra på 150 år.
Nynorsk mediesenter her i Førde kan likevel visa seg å bli eit svært viktig tiltak i arbeidet både for å utvikla og utbreia godt nynorsk mediespråk spesielt, og for å styrkja nynorsk språk og kultur generelt.
I dag er det ikkje berre gjennom skriftspråket at journalistikk og språk påverkar kvarandre. Etermedia har i tillegg gjort talespråket til ein journalistisk arbeidsreiskap. Og dermed er det skapt eit breiare grunnlag for journalistikk som språkleg premissleverandør – på godt og vondt.
For nynorsken sin status og posisjon er det knapt noko som har meir å seia enn gode språklege føredøme i riksdekkjande etermedium. Her har NRK rike tradisjonar å visa til. Mange framståande og dyktige nynorsktalande radio- og fjernsynsjournalistar har gjort ein uvurderleg innsats for å profilera nynorsk som eit levande bruks- og kulturspråk.
NRK har dagleg – i tiår etter tiår – ført nynorsken inn i kvart hus og kvar heim i dette landet. På den måten har nynorsk språk blitt ein integrert del av vårt kulturelle felleseige.
No kan vi ikkje hevda i dag – slik Vinje gjorde med landmålet – at den einaste vegen til nasjonal ånd og identitet går via nynorsken. Men her i Sogn og Fjordane – og i store delar av det nynorske kjerneområdet elles – representerer nynorsken ein viktig kulturell identitetsberar.
Ikkje minst fungerer dei nynorskbaserte distriktssendingane i radio og fjernsyn som ei sterk samanbindande kraft. Det er m.a. dei høge lyttartala her i Sogn og Fjordane eit klart uttrykk for.
Vi kan knapt overvurdera den rolla NRK har spelt for nynorsk språk og kultur, anten det er for å markera nynorsken på riksplan, som ein del av vårt språklege og kulturelle mangfald, eller som kulturelt forankringspunkt og lokal identitetsbyggjar i nynorskregionane.
Det er viktig at NRK fører vidare begge desse funksjonane. Men vi kan ikkje rekna med at dette er noko som går av seg sjølv; det må påaktast og prioriterast. Derfor er det svært gledeleg at NRK no etablerer eit nynorsk mediesenter som skal arbeida systematisk og målretta med praktisk opplæring og kvalifisering av nynorskbrukande journalistar.
Det er all grunn til å rosa NRK for ideen og initiativet. Eg vel å sjå dette som eit talande uttrykk for at NRK tar det kulturpolitiske ansvaret sitt på alvor. Det vil avgjort vera med å byggja opp under den breie politiske legitimiteten som NRK framleis nyter godt av.
Eg vonar at Nynorsk mediesenter vil føra til enda sterkare vektlegging av nynorsk språk og kultur i NRK, og at det blir lettare å leva opp til både kvantitative krav og kvalitative ambisjonar.
Nynorsk mediesenter skal auka tilgangen på nynorskbrukande journalistar som er skreddarsydde for etermedia. Det er i første omgang tale om 8 – 10 praktikantar årleg. Men det er ikkje berre NRK som vil dra direkte nytte av dette. Ingen av praktikantane er bundne til NRK. Alle medieverksemder vil kunna rekruttera nynorskjournalistar frå Førde.
Nynorsk mediesenter skal også driva utoverretta kommersiell kursverksemd om media og nynorsk, mellom anna for å auka utvalet at folk som kan delta i debattar i radio og fjernsyn. At opplæringa skjer i ein redaksjon utanfor Oslo, gir von om at praktikantane får ein alternativ journalistisk ståstad. For det er viktig at ikkje alle journalistar og mediefolk jagar i flokk, tenkjer likt og berre intervjuar Tordenskiolds soldatar.
NRK Sogn og Fjordane har lenge vore ein sentral lærestad for mange gode, nynorskbrukande journalistar, både i og utanfor NRK. Ideen til Nynorsk mediesenter er resultatet av eit mangeårig engasjement her ved distriktskontoret for å rekruttera nynorskjournalistar for eigne behov. Ofte viste det seg at ein måtte læra dei opp sjølv. God teft for talent og klare mål og resultatkrav har kjenneteikna det som enkelte i NRK har omtala som Førde-skulen. Gode attestar herifrå gjorde det lett å få jobb andre stader.
Magni Øvrebotten har vore distriktsredaktør ved NRK Sogn og Fjordane dei siste 14 åra. No skal ho leia det nye mediesenteret. Det skulle borga for at tradisjonane og røynslene frå Førde-skulen fullt ut vil koma den nye verksemda til gode.
Det er over to år sidan eg var i Førde sist og møtte ideen om Nynorsk mediesenter for fyrste gongen. Det var ein idé eg utan vidare fall for.
I kulturmeldinga har vi omtalt mediesenteret som eitt av mange ulike tiltak som skal leggja til rette for å styrkja nynorsk språk og kultur fram mot 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel i 2013. Meldinga understrekar at ein slik innsats må skje over eit breitt felt, i eit samspel mellom private og offentlege aktørar.
Vi har elles gitt uttrykk for at det bør leggjast til rette for tett samarbeid og tenleg arbeidsdeling mellom Nynorsk mediesenter, Nynorsk kultursentrum Ørsta og det nye kompetansesenteret for norsk språk, som skal etablerast gjennom omdanning av Norsk språkråd.
Her er det òg relevant å nemna eit anna tiltak som er kome til seinare. I regi av Utdannings- og forskingsdepartementet skal det etablerast eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Verksemda skal knytast Ivar Aasen-senteret for nynorsk skriftkultur ved Høgskolen i Volda.
Men i dag er det her i Førde det skjer!
Eg har med meg ei gåve for å markera dagen.
Departementet vil årleg stilla til rådvelde 50 000 kroner som Nynorsk mediesenter skal kunna bruka til eit særskilt motivasjonsfremjande tiltak, til dømes som stipend- eller prispengar. Formålet må vera å støtta eller honorera god nynorsk journalistikk.
Visjonen for Nynorsk mediesenter er ”Stolt nynorsk”.
Og i kampen for nynorsken er det ikkje noko som er viktigare enn sjølvkjensle og tiltru til vårt eige språklege opphav.
Det same gjeld også i kampen for det norske språket i det heile, uavhengig av målformer og talemålsvariantar.
Å vera stolt av sitt eige, anten det er språket eller kulturen i vidare meining, det er også det beste utgangspunktet for å utvikla toleranse og respekt for andre kulturytringar, for å fremja eit ekte kulturelt mangfald.
Det lovar godt for framtida at det er mange unge kunstnarar og kulturarbeidarar her i landet som synest å ha forstått denne samanhengen.
Det kjem meir enn éin ”luring” frå bygdene også no til dags!
Journalistar er i høg grad kulturarbeidarar – om enn dei ikkje alle kan liknast med song- og ordkunstnarar frå Vinje.
La meg avslutta med to små dikt av
kunstnaren Aasmund Olavsson Vinje.
Det er formaningar til oss alle, kanskje noko å hugsa også
for journalistar og politikarar!
Det fyrste er noko vi kan trøysta oss med dersom vi møter
folk som hoverer over nynorsken, i fall slike framleis skulle
finnast:
1) Si Livsens Gjerning mange gjorde
paa slik ein Vis, som tidt me sjaa:
Dei tru seg sjølv at gjera store
med det, at gjera Andre smaa.
2) Tala di maa vera sann,
fager ogso, om du kann.
Men om annat vantast maa,
Sanning maa du halda paa.
Med dette erklærer eg Nynorsk mediesenter for opna!
Gratulerer med dagen, og lykke til med viktig kulturarbeid!