Historisk arkiv

Opninga av Sildajazz

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Maritim Hall, Haugesund, 11. august 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opninga av Sildajazz


Maritim Hall, Haugesund, 11. august 2004

Kjære jazzentusiastar

Endeleg er det min tur til å opna Sildajazzen i Haugesund! Eg har vore fleire gonger i Haugesund i kulturærend, men ikkje i jazz-samanheng.

Sildajazzen har no blitt 18 år. Ikkje ein av dei eldste, men ikkje desto mindre ein av dei mest markante jazzfestivalane i landet. Når ein har vore i regjering eller partileiing saman med Einar Steensnæs, er det ikkje til å unngå å bli meir nysgjerrig på Sildajazz frå år til år. Eg røper ikkje stats-løyndomar når eg seier at Sildajazzen har vore svært dyktig marknadsført inn i Regjeringa takk vere den tidlegare olje- og energiministeren. No er eg her og eg gler meg til å bli nærare kjend med Noregs svar på New Orleans.

Sist eg reiste til Haugesund var i samband med Fartein Valen-festivalen i april. No handlar det om heilt andre tonar. Spennet mellom Fartein Valens musikk og den musikken vi skal låna øyre til og oppleva i ulike samanhengar i dagane som kjem, fortel også mykje om musikk- og kulturengasjementet i denne byen. Mens Fartein Valen-festivalen er blant dei minste musikkfestivalane i landet, er Sildajazzen ein av dei største både når det gjeld programinnhald, musikkinnhald og talet på gjestande musikarar. At Haugesund kan samla meir enn 50.000 publikummarar rundt jazzen, er meir enn imponerande. Ikkje minst har eg merka meg at denne festivalen har eit tilbod til alle, frå barnehagene til eldresenteret.

Jazzen har fått eit godt fotfeste i landets musikkliv. Molde, Kongsberg ,Oslo og Haugesund spelar ei svært viktig rolle for å få jazzen ut til folket og ikkje minst gi jazzmusikarar høve til å møta eit stort og opplagt publikum. I kjølvatnet av dei store jazzfestivalane gror det også opp viktige jazzmiljø og jazzklubbar rundt omkring i landet, og slik og her i byen.

I Stortingsmelding nr. 48 Kulturpolitikk fram mot 2014 seier Kultur- og kyrkjedepartementet følgjande:

”Norsk jazz har stor breidd i uttrykksformer, god rekruttering og er internasjonalt orientert. Å tryggja grunnlaget i jazzen i Noreg tilseier særleg ein innsats for å vidareutvikla spele- og møtestader for denne musikkforma.”

Ein av desse viktige spele- og møtestadene vi tenkjer på i kulturmeldinga er jazzfestivalen her i Haugesund . Vidare står det å lesa i kulturmeldinga at: ” norsk jazz har dei siste åra hausta stor fagnad langt utover landets grenser. Norske jazzmusikarar har ein sterk posisjon innanfor europeisk og internasjonalt jazzliv. Mange musikarar har synt vilje til å testa ut nye retningar og har slik vore med på å skapa nye spenstige stilartar.”

Eg konstaterer at ei rekke av dei framståande jazzmusikarane som Noreg har fostra, er på plass i Haugesund under årets Sildajazz.

Eg ynskjer jazzmusikarar, publikum og arrangøren av Sildajazz hjarteleg til lukke med årets jazzfestival her i Haugesund og synest at Gunnar Jægers gamle motto for festivalen om å koma hit og ”få swing på livet ”er aldeles glimrande, noko vi alle kan slutta oss til.

Eg erklærer hermed den 18. Sildajazzen for opna.