Historisk arkiv

Pressepolitiske utfordringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Mediebedriftenes årsmøte i Stavanger, 9.september 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Pressepolitiske utfordringar

Mediebedriftenes årsmøte i Stavanger, 9.september 2004

Kjære representantar for den fjerde statsmakta.

Utviklinga på medieområdet
Tolstoj meinte at menneske som er tilbøyelege til å tenka over sine handlingar, gjerne blir alvorleg stemt når dei står framfor eit oppbrot eller ei viktig forandring i livet.

Og kanskje er det slike tankar som pregar mange av dei alvorlege andleta som eg kan sjå nede i salen i dag. Den teknologiske utviklinga har i dei siste åra ført til store endringar på mediesektoren, og utviklinga berre fortsetter. Digitalisering av innhald, distribusjon og forbruk gjer at ein ikkje lenger kan ta etablerte sanningar for gitt.

Det er blitt sagt at dagspressa er gått ned i spagaten, med det eine beinet på papiret og det andre på nettet. Dei fleste aviser har i dag ei nettutgåve, stadig fleire etablerar mobiltenester og nokre er organisert i ”mediehus” der papiret berre er ein av fleire måtar å distribuera innhaldet på.

Mange meiner at det er mobiltelefonen som vil stå for den neste store ”medierevolusjonen”. Ikkje noko anna medium har vakse så raskt som mobilen. På verdsbasis er det i dag om lag 1,2 milliardar mobileigarar. Dette er dobbelt så mange som det finst aviskjøparar i verda. Eg vil tru at dette er tal som kan halda den mest erfarne aviseigar vaken om natta...

Parallelt med den teknologiske og marknadsmessige utviklinga, skjer det ei utvikling av sjølve medieprodukta. Skarpare konkurranse og nye eigarformar fører til endringar både i form og innhald. Vi ser framveksten av nye programsjangrar i fjernsynet og nye journalistiske arbeidsmetodar i dei trykte media.

Og det er nok av dei som meiner å sjå farar i denne utviklinga. Ytringsfridomskommisjonen peika på at utviklinga av ein eigen yrkesideologi for journalistar kunne føre til utvikling av felles standardar for kva som skal bringast fram for allmennheten og korleis det skal bringast fram. Maktutgreiinga meinte på si side å kunne konstatera at media er blitt meir personfokuserte, intimiserande og pågåande kritiske i forhold til aktørane innanfor politikk og næringsliv.

Og kritiske skal media sjølvsagt vera! Ein amerikansk historikar skal ha sagt: ”Skal demokratiet blomstra, må det ha kritikk; skal ei regjering fungera må ho ha opposisjon.”

Faren er etter mitt syn dersom måten media fungerer på i for stor grad blir styrande for dei offentlege avgjerdsprosessane. Til dømes kan det sjå ut til at det stadig aukande behovet for dramatikk gjer kulturpersonar, næringslivsfolk og politikarar anten til heltar eller til skurkar. Det finst eventyrleg suksess og framgang eller sjokkerande tap og skandalar, sjeldan noko midt i mellom. Media er ein viktig arena for offentleg samtale og eit viktig bindeledd mellom politikarane og folket. For denne arenaen gjeld det eigne lover som politikarane må tilpassa seg og beherska om dei vil nå fram til publikum. Eg ser ei fare i dette, mellom anna for at enkeltsaker og personspørsmål kan kome til å ta merksemda bort frå dei viktige prinsipielle spørsmåla og dei lengre politiske linene.

Ytringsfridom
I desse dagar er Stortinget i ferd med å avslutta arbeidet med eit nytt grunnlovsvern av ytringsfridomen. Dette er eit arbeid som vil få gjennomgripande konsekvensar for alle oss som er her i dag. I mange år framover vil det leggja rammene for arbeidsvilkåra til mediebransjen og avgjera innhaldet i den politiske verktøykassa på medieområdet. Eg vil ta utgangspunkt i dette arbeidet og sjå korleis vi innanfor eit slikt rammeverk kan møta dei utfordringane som mediebransjen står framfor.

Generelt
I stortingsmeldinga om ny § 100 i Grunnlova har regjeringa – som Ytringsfridomskommisjonen – tatt utgangspunkt i at ytringsfridomen vernar om tre viktige prosessar i samfunnet: søkinga av sanning, den frie meiningsdanninga og demokratiet. Ideen er at ein person som nyt godt av retten til fritt å seia si meining, vil læra å respektera meiningane til andre menneske, å korrigera eigne meiningar og slik bli i stand til å ta aktiv og konstruktiv del i samfunnslivet.

Snakk om å vera naiv, vil kanskje nokre seia.

Vel, eg vil seia at dette er eit viktig ideal og eit viktig utgangspunkt. Vi veit alle at den frie samfunnsdebatten ikkje alltid verkar like opplysande og anstendiggjerande. Det viktige er etter mi vurdering å sikra ei realistisk avveging mellom dei omsyna som talar for og imot inngrep i ytringsfridomen. I regjeringa sitt framlegg til ny § 100 har vi difor gått inn for å presisera i sjølve grunnlovsteksten at ein kvar avgrensing i ytringsfridomen må la seg forsvara opp mot sjølve grunngivinga bak fridomen. Regjeringa meiner dette vil gi klårare uttrykk for kor langt grunnlovsvernet for ytringsfridomen rekk og kva for grenser det har.

Politisk reklame
Regjeringa legg til grunn at grunnlova ikkje bør vera til hinder for å oppretthalda eit forbod mot reklame for politiske bodskap og livssyn i fjernsyn.

Trass i dette går regjeringa inn for å oppheva dagens totalforbod mot slik reklame i fjernsyn. Slik reklame kan ha ein positiv demokratisk funksjon ved at det gir høve til direkte og uredigert kommunikasjon mellom ytrar og mottakar. Dessutan er det viktig å vinna erfaring med denne forma for kommunikasjon ut frå dagens norske tilhøve.

På den andre sida er det heilt avgjerande for regjeringa at det blir vedtatt reguleringar som kan avdempa dei uheldige verknadene slik reklame kan få. Vi må hindra at kapitalsterke grupper får eit gjennomslag som ikkje står i eit rimeleg tilhøve til den reelle oppslutninga om standpunktet. Vi har difor gitt Partifinansieringsutvalet i oppdrag å utreda den nærmare reguleringa av partipolitisk reklame.

Lovfesting av redaktørplakaten
Under handsaminga av mediemeldinga i 2002 støtta Stortinget eit framlegg om å lovfesta prinsippa i Redaktørplakaten, på det vilkåret at det blir vedtatt ein grunnlovsregel som opnar for dette.

I Stortingsmeldinga om ny § 100 slår regjeringa fast at framlegget ikkje vil vera til hinder for ei lovfesting av den redaksjonelle fridomen.

I dag skjer medieinvesteringar ofte på tvers av landegrensene. Vi kan difor ikkje utelukka at det kan kome eigarar inn på den norske mediemarknaden som ikkje har den same respekten og forståinga for prinsippet om redaksjonell fridom som norske medieeigarar tradisjonelt har hatt. Etter mi meining kan ei lovfesting styrke stillinga til redaktørinstituttet og slik vera eit viktig supplement til medieeigarskapslova. Regjeringa vil difor ta opp dette spørsmålet på nytt når ein ny grunnlovsregel er vedtatt i Stortinget.

Førehandssensur
Regjeringa går i meldinga inn for ein eigen regel som gir vern mot førehandskontroll av ytringar. Regelen skal gjelda for ytringar i alle medium, i motsetning til gjeldande grunnlov som er avgrensa til trykt skrift.

Ytringsfridomskommisjonen gjorde framlegg om ein regel som er meir absolutt i ordlyden, men som føreset ulike innskrenkande tolkingar. Regjeringa meiner på si side at ordlyden så langt det er mogleg bør gje klart uttrykk for kor langt grunnlovsvernet for ytringsfridomen rekk. Vi har difor gjort framlegg om ein regel som opnar for førehandskontroll der tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg holdt opp mot grunngivinga bak ytringsfridomen.

Sjølv om det ikkje er ein naudsynt konsekvens av framlegget, er regjeringa open for å oppheva ordninga med filmsensur for vaksne, på det vilkåret at det blir sett i verk tiltak som kan sikra effektiv handheving av eit etterfølgjande ansvar.

Eg vil understreka at det absolutte forbodet mot førehandssensur av trykt skrift vert opprettheldt som i dag.

Infrastrukturkravet
Regjeringa har òg gått inn for å grunnlovsfeste infrastrukturkravet, det vil seia kravet om at staten aktivt skal medverka til at individ og grupper faktisk har høve til å ytra seg.

Dette er både ei viktig symbolsk markering og ein viktig praktisk realitet. Regelen vil tvinga Stortinget til å leggja vekt på omsynet til ytringsfridom når det vurderar saker med konsekvensar for media.

Dette offentlege ansvaret fjernar ikkje media sitt eige ansvar for å vareta og utvikla si samfunnsrolle. Med grunngiving i det særskilte samfunnsoppdraget media har, har samfunnet innrømt medienæringa visse fordeler, til dømes pressestøtta, momsfritaket for aviser og lisensfinansieringa av NRK. Både samfunnsrolla i seg sjølv og dei privilegia som denne rolla fører med seg, forpliktar.

Eg har difor merka meg med interesse at ein av innleiarane på årsmøtet er kringkastingssjef Jon G. Bernander, som skal snakka om korleis NRK og avisene definerer sin samfunnsfunksjon.

Her kan eg nemne at vedtektene til NRK vart endra i juni i år. Endringane inneber ei nærmare presisering av allmennkringkastaroppdraget til NRK. Som overordna krav til allmennkringkastingstilbodet vart det mellom anna presisert at NRK skal sikra innbyggjarane tilgang til vesentleg samfunnsinformasjon og debatt. NRK skal dessutan medverka til å styrka norsk språk, identitet og kultur. Verksemda skal også vera prega av høg etisk standard og over tid vera balansert.

Eigarskapslova
Ytringsfridomskommisjonen såg eigarskapskonsentrasjon som det ”mest påtrengande problemet” på medieområdet i dag. Dette kan undergrava mediemangfaldet ved at kontrollen med kva for informasjon og meiningar som slepp gjennom media, hamnar på nokre få hender.

I stortingsmeldinga om ny § 100 i grunnlova seier regjeringa seg einig i at eigarkonsentrasjon krev årvakent oppsyn og at lovgivinga på området stadig må halda tritt med den teknologiske utviklinga og utviklinga av mediemarknadene.

I juni i år la departementet difor fram ein Odelstingsproposisjon om endringar i lova. Her gjorde departementet mellom anna framlegg om å oppheva heimelen til å gripa inn mot eigarkonsentrasjon på lokalt nivå. På regionalt nivå gjekk departementet inn for å oppretthalda reguleringa, men gjennom lovfesta regionale eigarskapsgrenser. På nasjonalt nivå gjorde departementet framlegg om å lovfesta ei grense på 40 prosent av marknadane for dagspresse, fjernsyn og radio. Departementet gjorde også framlegg om eigne reglar om multimediekonsentrasjon på nasjonalt nivå. Vi føreslo ein trappetrinnskala der grensene vert sett lågare dess fleire marknader aktøren har eigarinteresser i.

Eg veit at mange av dykk har vore kritiske, både til reguleringsmodellen og til sjølve grunnlaget for eigarskapslova.

Problemet er at ein svært dominerande eigarposisjon i mediemarknaden gir ein påverknadskraft over opinionen som - om han skulle bli utnytta - kan undergrava dei demokratiske avgjerdsprosessane i samfunnet. Den dagen eigarskapskonsentrasjonen faktisk viser seg å vera eit demokratisk problem, kan det vera for seint å gjera noko med det. Eg held difor fast på at det er naudsynt med ei ”føre var”-lov på dette området.

Pressepolitikken
Til slutt vil eg seia nokre ord om pressepolitikken i snevrare forstand, dvs. det som særleg gjeld avisene.

Det kan ikkje vere tvil om at avisene står svært sterkt i Noreg. Framleis les nesten 9 av 10 av oss ei avis dagleg. Og framleis toppar Noreg den internasjonale statistikken for sal av aviser. Også når det gjeld tid brukt på avislesing ligg Noreg heilt i verdstoppen. Dei økonomiske resultata syner at fleire av avisene som mottar støtte hadde eit positivt resultat etter pressestøtte i 2003 samanlikna med tidlegare år.

Kva kan forklara denne stabile suksessen trass i stadig sterkare konkurranse? Eg trur Neil Postman var inne på noko når han sa at: “Heile problemet med nyhende på fjernsyn er dette: Alle orda som vert ytra i løpet av ei timelang nyhendesending kan få plass på ei avisside. Og verda kan ikkje bli forstått på ei side.” 1The whole problem with news on television comes down to this: all the words uttered in an hour of news coverage could be printed on page of a newspaper. And the world cannot be understood in one page” Neil Postman

Samstundes er det ikkje tvil om at avisene i dag møter ei rekke utfordringar, mellom anna ein tøff lesar- og annonsemarknad og ei kraftig auke i Posten sine satsar for avisporto.

Lesar- og annonsemarknaden
Verda over kan vi no sjå ei viss nedgang i avislesing. På annonsemarknaden fortsetter digitale medium sakte, men sikkert å ta marknadsdelar frå avisene. Avisene møter desse utfordringane på ulike vis. Det vert utvikla nye annonsekonsept og strategiar for å motverke nedgangen i avislesing. Vi ser overgang frå fullformat til tabloid, etablering søndagsutgåver, bilag, nisjeprodukt, gratisaviser osv.

Først og fremst er dette sjølvsagt utfordringar som bransjen sjølv må ta. Likevel vil styresmaktene sjølvsagt halda utviklinga under oppsikt og vurdera tiltak dersom ytringsfridomen og mediemangfaldet vert trua.

Porto
Ei anna kjelde til uro er som nemnt den varsla portoauken for aviser og blad. Som de alle kjenner til vil Posten gradvis fram mot 1. januar 2006 innføra eit nytt prissystem og nye prisar. Avisene er store brukarar av Posten sine tenester og distribusjonsutgiftene er ei stor utgift for avisene. Ei vesentleg portoauke kan få dramatiske konsekvensar for fleire aviser og i verste fall trua avismangfaldet.

Eg har difor bedt Statens medieforvaltning utrede konsekvensane av auka portoutgifter. Spesielt har eg bedt dei vurdera konsekvensane av portoauka for meiningsmangfaldet, og behovet for offentlege tiltak. Statens medieforvaltnings analyse syner portoauken vil medføre auka kostnadar for avisene som mottar pressestøtte på nærmare 50 millionar kroner frå 2004 til 2006. I lys av dette og opplysningar om den økonomiske situasjonen i avisene vil departementet følgje utviklinga nøye. Vi vil vurdera tiltak, særleg for lokalavisene som særleg vil bli ramma av desse endringane.

Pressestøtta
Eg er klar over at avisene som får pressestøtte budsjetterar med tilskot ut ifrå vedtatt statsbudsjett. Mange av avisene treng kvar krone dei får, og det er uheldig om dei må endra budsjetta midt i året. Som i andre bransjar er det viktig med pålitelege rammevilkår som gjer det mogleg å driva fornuftig og langsiktig planlegging.

Vårt problem er at ein stor del av kulturbudsjettet er bunde opp. I pressa situasjonar kan det difor bli naudsynt å omprioritera frå område der det finst midlar som enno ikkje er disponert. Dette er sjølvsagt uheldig og ikkje noko enkel avgjerd å ta, men det er slik budsjettsystemet fungerar. Det som ligg fast, og som er slått fast i Sem-erklæringa er at regjeringa vil oppretthalda pressestøtte til aviser som har svak økonomi og konkurransekraft for å medverka til å oppretthalda mangfaldet og breidda i norsk presse.

Avslutning
Til sist eit avsluttande alvorsord – frå ei statsmakt til ei anna:

Media er arenaen der den politiske samfunnsdebatten utspelar seg i det daglege.

Media er – på godt og vondt – med på å forma folkeviljen gjennom dei ideane, meiningane og opplysningane som dei vel å formidla.

Media skal – slik uttrykket ”den fjerde statsmakta” markerar – overvaka dei andre samfunnsinstitusjonane Stortinget, regjeringa og domstolane.

Denne demokratiske samfunnsrolla er nettopp grunngivinga og grunnlaget for mediepolitikken. Det er difor avgjerande at media sjølv har eit bevisst og gjennomtenkt forhold til si eiga rolle og at det skjer ei kontinuerleg sjølvransaking rundt desse spørsmåla. Eg meiner difor at det er svært positivt at MBL og NRK no har sett i gang eit samarbeid omkring desse spørsmåla og ser med spenning fram mot resultatet.

Takk for meg og lykke til med resten av landsmøtet!