Historisk arkiv

St.meld. nr. 48. Kunstformidling og kunsttilbod til born og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Norsk-finsk kulturfonds jubileumsseminar, Voksenåsen, 19. april 2004

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

St.meld. nr. 48. Kunstformidling og kunsttilbod til born og unge

Norsk-finsk kulturfonds jubileumsseminar,Voksenåsen,19. april 2004

For snart tre veker sidan vart kulturmeldinga behandla i Stortinget. Denne meldinga stakar ut kursen for kulturpolitikken i Noreg ti år framover; til 2014. Her slår vi fast at kunstformidling og kunsttilbod til born og unge framleis skal vera ei prioritert oppgåve for kunst- og kulturinstitusjonane våre. Dette er eit signal om kor viktig vi reknar denne formidlinga og dette publikumet for å vera.

Direktøren for det nye norske Nasjonalmuseet for kunst, svensken Sune Nordgren, uttalte seg nyleg i media om kva som skal vera museets to parolar. Museet skal vera tilgjengeleg og halda høg kvalitet.Tilgjengeleg både fysisk og intellektuelt og halda høgste kvalitet for alle. Eg vil at dei same parolane skal gjelda i kunstformidling og kunsttilbod til born og unge; den skal vera tilgjengeleg og halda høg kvalitet.

Når det gjeld born og unge, har vi ein arena der alle i prinsippet er tilgjengelige: på skulen.

På 1990-talet fekk skular og barnehagar ein viktigare rolle i kunst- og kulturformidlinga til born og unge. Vi fekk nytt læreplanverk for grunnskulen, L97, der det heiter at alle fag i grunnskulen skal ha ein estetisk dimensjon. Det heiter også at profesjonelle utøvarar frå kunst- og kulturlivet i aukande grad skal trekkjast inn i skulen. Ikkje minst skal skulen vera ein stad der elevane vert utfordra og inspirerte til eigenaktivitet.

I løpet av 1990-talet utvikla òg enkelte kommunar og fylkeskommunar modellar for ei heilskapeleg kunst- og kulturformidling til grunnskulen og vidaregåande skule. Dette dannar bakteppet for Den kulturelle skulesekken, ei nasjonal satsing på kunst- og kulturformidling i grunnskulen.

Dette er ei stor kulturpolitisk satsing som vart starta som eit nasjonalt tiltak i 2001 og som no er inne i ein opptrappingsperiode fram til 2005.
Den kulturelle skulesekken vart presentert i Stortingsmelding nr. 38 i fjor sommar.

Nyleg fordelte vi 120 millionar kroner til dette tiltaket for i år;
70 prosent av dette går til lokale tiltak i regi av fylkeskommunane og kommunane, 30 prosent er sentrale prosjektmidlar.
Frå og med 2005 skal 180 millionar norske kroner gå til dette tiltaket kvart år.

Målsettinga for Den kulturelle skulesekken er at alle born i norsk grunnskule skal få eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Dei skal få oppleva kunst og kultur av høg kvalitet og dei skal sjølv få gjera seg kjende med og uttrykkja seg i ulike kunstformer. Dette skal skje i skuletida, som ein del av undervisninga. Det skal vera integrert i skulens læringsmål. Estetisk kompetanse og kulturell kapital skal vera ein sjølvsagt del av formidlinga i skulen.

Blant dei suksessmåla vi har sett oss for Den kulturelle skulesekken, er at den skal vera for alle grunnskuleelevar, den skal vera forankra i Læreplanen og vera eit varig tiltak med regelmessige tilbod.
Vi ynskjer at heile kunst- og kulturfeltet skal vera representert og tilbodet skal halda høg profesjonell kvalitet, både kunstnarleg og i formidlinga.
Vi vil at tilbodet skal spegla at Noreg er prega av kulturelt mangfald.

Ikkje minst er det eit mål at Den kulturelle skulesekken skal vera lokalt forankra, at initiativa etterkvart kjem frå den enkelte kommune.
Det skal vera rom for lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eit eigedomstilhøve til sin kulturelle skulesekk.

Med dette tiltaket pløyer vi nytt land både på skulefeltet og kulturfeltet i Noreg. Skule og kultur må samarbeide på alle nivå: lokalt, regionalt og nasjonalt, for at dette skal fungera til det beste for elevane.

Kunstnarane må i større grad få auga opp for den spanande målgruppa born og unge er, og dei lyt søkja den kompetansen som krevst i møte med desse, både når det gjeld produksjon og formidling.

I mange tilfelle har lærarane ein pedagogisk og barnefagleg kompetanse som kunstnarane kan nyta godt av. Samstundes er det naudsynt at skulen og lærarane har respekt for den kunstfaglege kompetansen. Her kan det handla om å sjå nye samanhengar, utvida horisontar og lata seg inspirera til å skapa noko nytt. For lærarane kan det vera ei utfordring å stilla seg opne og utan svar i møte med eit kunstverk, - saman med elevane.

Gjensidig respekt og utveksling av kunnskap mellom skule- og kultursektor er altså nødvendig for å skapa god kunstformidling til born og unge.

Både i skulesektoren og i kultursektoren ser vi behovet for kompetanseheving.

I utdanningane for kunstnarane vil vi arbeida for at formidling til born og unge blir tematisert. Det er framleis for lite status knytt til det å produsera og formidla kunst for born og unge. Også i lærarutdanninga er det behov for å inkludera kompetanse når det gjeld kunst og kunstformidling.

Lærarane er nøkkelpersonar i Den kulturelle skulesekken, deira kompetanse som brukarar, tingarar og oppfølgjarar vil vera avgjerande for at kunstopplevingane skal bli noko meir enn eit blaff i skulekvardagen.

I kunstformidling til born og unge er det viktig å reflektera over kva for roller ein har, som kunstnar og formidlar, - som vaksne i møte med borna.

På den eine sida veit vi at kunsten føreset kunnskap og dugleik.
Publikum si evne til å oppleva og forstå kunst er noko som må utviklast. Sjølv om born på mange vis er naturleg opne og leikne i møte med kunst, er det også kvalitetar ved kunsten som krev læring. Dette er ein del av det vi kallar det tradisjonelle danningsprosjektet, og det kan vi ikkje kasta fullstendig over bord.

På den andre sida må vi utfordra våre haldningar til både born og kunst viss kunstformidlinga skal bli best mogleg. Born er kompetente og samhandlande aktørar i kulturlivet. Dei skal få møta kunsten med si eiga erfaring og på sine eigne vilkår.

I kunstformidlinga blir det difor viktig å skapa rom: Rom for at borna får oppleva kunst på forskjellige måtar, der det også er plass for det negative og frustrerande. Vi har lett for å idyllisera barndomen og borns møte med kunst. Kunstformidlinga krev vilje til å lytta og gå inn i relasjon og dialog med borna. Med ei slik haldning trur eg formidlinga kan bli meir interessant og givande, både for borna og formidlarane.

I 2006 skal Den kulturelle skulesekken evaluerast. Då har dette vore eit nasjonalt tiltak i fem år. Då vil vi ha endå meir å fortelja og diskutera med dykk. Eg trur Den kulturelle skulesekken vil vera ein arena der kunstformidling til born og unge kan utviklast til å bli stadig betre. Det fortener kunsten, og det fortener born og unge.