Historisk arkiv

Statlig politikk overfor frivillig virke — samordning og sektorpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Statens idrettskonferanse, Molde 5. oktober 2004

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Statlig politikk overfor frivillig virke – samordning og sektorpolitikk

Statens idrettskonferanse, Molde 5. oktober 2004

Kjære forsamling

God morgon, og velkommen til Statens Idrettskonferanse.

Fordi eg har høve til å snakke før den offisielle opningshilsenen, vil eg berre kort seie at det er ei glede å vera her i Molde. Det er og ei glede å sjå så mange her i salen som vil nytta dei to neste dagane til å diskutera idrettspolitikk.

Som kanskje nokon veit skal Kultur- og kyrkjedepartementet frå 1. januar ha eit koordinerande ansvar for statleg politikk overfor frivillig verksemd. Mitt innlegg skal derfor ta for seg forholdet mellom staten og frivillige organisasjonar generelt.

Idrettsområdet utgjer ein svært viktig del av frivillig sektor. Idretten på sentralt nivå er i nær og kontinuerlig dialog med Kultur- og kyrkjedepartementet. Statleg politikk overfor frivillig sektor påverkar derfor idrettsrøyrsla på ein direkte måte.

NRK programmet ”Typisk Norsk” gjennomførte i vår ei kåring av Noregs nasjonalord. I mai i år fekk statsministeren gleda av å offentleggjera vinnaren, ordet vart ”dugnad”. Dette gir håp for framtida og for fellesskapet.

Dugnad er eit godt ord. Vi har alle ulike og fargerike assosiasjonar til det.

Så skal eg ikkje bruka så mykje tid på å analysera kvifor ordet ”hæ” nådde opp på ein annanplass.

Frivillig innsats og dugnadsånda står sterkt i Noreg. Mange meiner det er mindre av han i dag enn før, og at folk berre er opptatt av seg sjølv.

Men undersøkningar viser at den frivillige innsatsen er like høg i dag som han var for 30 år sidan.

Rundt 1,7 millionar menneske gjer ein frivillig innsats kvart år.

Kvar og ein av dei brukar i gjennomsnitt 10 timar i månaden på frivillig verksemd.

Ei undersøking frå nokre år tilbake viser at den frivillige innsatsen som blir lagt ned i frivillige organisasjonar utgjer om lag 126 000 årsverk.

Dette er imponerande og ein viktig ressurs vi ikkje klarer oss utan – verken som enkeltmenneske, organisasjon eller samfunn.

Frivillighet er ei av profilsakene til den sitjande regjeringa.

Frå nyttår vil eg som nevnt bli ”frivillighetsminister”.

Kvifor er vi så opptatt av det frivillige feltet?

Jo, fordi frivillig aktivitet representerar ei kraft vi meiner er heilt naudsynt for å skapa eit godt samfunn. Vi ynskjer å byggja opp samfunnet nedanfrå gjennom familien, nærmiljø, lokalsamfunn og frivillig sektor.

Ulike former for frivillig innsats er heilt sentrale for at samfunnet skal fungera.

Korkje marknaden eller det offentlege klarer å løysa alle oppgåvene åleine. Det er i dette spelerommet frivillige organisasjonar og forskjellige frivillige initiativ supplerar og utfyller det offentlege og marknaden. Her skal dei få leva og utfolda seg. Frivillig virke skaper engasjement og aktiv deltaking, og deltakarane spelar ikkje berre ei mottakarrolle som kunder eller forbrukar.

Politikarar og statlege styresmakter kan vedta mykje,

men vi kan ikkje vedta engasjement,

vi kan ikkje vedta entusiasme,

vi kan ikkje vedta glød.

Men staten kan leggja til rette for alle dei som vil byggja gode fellesskap og levande lokalsamfunn. Slik vi gjer ved å gje tilskott til idrettsanlegg i kommunane. Det statlege tilskottet er med på å få til eit fruktbart samarbeid mellom ulike offentlige forvaltningsnivå og frivillige organisasjonar. Idrettsanlegg er heilt naudsynt for idrettsaktivitet. Dette er eit døme på korleis offentleg finansiering av infrastruktur er med å utløysa frivillige ressursar i laga.

Vi kan leggja forholda til rette for at folk kan engasjera seg i saker som opptar dei.

Vi vil sleppa til personar med hjarta som brenn for andre.

Kvifor treng vi så den frivillige innsatsen?

For det fyrste er frivillige organisasjonar viktige i kraft av det arbeidet dei utfører. Det gjeld på det humanitære området, innanfor kulturlivet, og ikkje minst på idrettsfeltet.

Mange av dei velferdsordningane som i dag vert drevne i offentleg regi, starta som frivillig aktivitet. Utan organisasjonane sin innsats ville velferdsstaten ikkje hatt den utforminga han har i dag.

For det andre er organisasjonane viktige som demokratiske aktørar. Frivillige organisasjonar blir ofte kalla ”skular i demokrati”. Dei utgjer eit vernande lag mellom staten og marknaden på den eine sida, og enkeltindivida på den andre. Om organisasjonane vert svekka kan sjansane for statlege feilgrep auka.

For det tredje gir organisasjonane meiningsfylte og identitetsskapande fellesskap. Band til andre menneske er ein føresetnad for å bli forma som eit sosiale vesen og for å få ein identitet.

Organisasjonane er viktige sosiale møteplassar. Gjennom frivillig aktivitet samlar ein seg rundt ei felles sak og det oppstår sosiale band.

Frivillig innsats er limet som held lokalsamfunna våre saman.

Mange stader er det frivillige organisasjonar som skaper dei møteplassane som eksisterar utanom jobb og skule. Dette er eg sikker på at de som idrettsleiarar kan kjenne dykk att i.

Frivillig virke kan og vera med på å bryta ned fordommar og skapa tillit i samfunnet. Framandfrykt stammar ofte frå mangel på kunnskap. Vi har mange eksempler på at frivillige initiativ har vore med på å bryta ned fordommar som igjen har endra lokalsamfunn radikalt.

Til slutt vil eg seia at det har ein eigenverdi at folk ynskjer å gjera ein innsats for andre. Samvær og deltaking har stor verdi utover organisasjonen sitt primære mål. Det at menneske gir av tida si og engasjementet sitt til andre eller ei sak dei brenn for er ein positiv verdi vi må støtta opp under.

Frivillighet i endring

Frivillig sektor står sterkt samtidig som han er i kontinuerleg endring – slik òg heile samfunnet er det.

Eit av funna til maktutredninga var at den tradisjonelle organisasjonsforma ikkje lengre var einerådande. Tradisjonelt har lokallaga vore basis for det frivillige arbeidet. Dette er i ferd med å endra seg.

Eigenorganisering, sjølvutfolding og ynskje om raske resultat aukar som motivasjonsfaktorar for folks organisasjonsdeltaking. Mange yngre menneske ynskjer heller å engasjera seg under ein festival som er avgrensa i tid, enn å forplikta seg til eit langsiktig verv i ein frivillig organisasjon.

Dei frivillige organisasjonane møter desse utfordringane gjennom nye tilbod og nye organisasjonsformer. I mange samanhenger er det blitt enklare å yta frivillig innsats for ei kortare periode. Ofte vert slike tiltak koordinert av betalt personell.

Organisasjonar med oppslutning

Kva for organisasjonar som har størst oppslutning endrar seg og over tid.

Kultur- og idrettsaktivitetar står no for hovudtyngda av det frivillige arbeidet i Noreg. Det er min påstand at kultur, idrett og kyrkja er frivillig sektor i eit nøtteskal.

Kva hadde vel idretten vore utan frivillige krefter? Idrettslaget slik vi kjenner det i dag ville rett og slett ikkje la seg drive utan frivillig innsats.

Det er imponerande mange som legg ned ein kjempeinnsats for at deira lokalsamfunn skal vera ein god stad å bu og ein god stad å leva.

Profesjonaliseringa av frivilligheten

Det har i lengre tid vore ein tendens til profesjonalisering og fagleggjering av frivillige og ideelle organisasjonar. Medlemsbaserte organisasjonar sine sentralledd og stiftingar med ideelt formål har lenge hatt tilsatt arbeidskraft. Vi ser fleire døme på at sentralledda har blitt for store.

Det blir stor skilnad på eit profesjonelt organisasjonsbyråkrati og grasrota der ute. Det er tross alt på det lokale plan mykje av aktiviteten skjer, og som er grunnlaget for økonomiske støtte frå staten.

På stadig fleire områder vert det utvikla utdanningstilbod på høgskulenivå som utdannar personar til å jobba på områder dei frivillige organisasjonane lenge sjølv har lært opp instruktørar og leiarar for. Dette fører til ein fagleggjering av foreiningsarbeidet.

Det er viktig å understreka at medlemsbaserte organisasjonar framleis i stor grad vert dreven på frivillig basis. Det at enkelt funksjonar vert profesjonalisert treng ikkje føra til at den frivillige innsatsen vert satt til side. Men profesjonaliseringa kan vera ein trugsel mot dugnadsånda.

Også innanfor idretten ser vi klare døme på ein profesjonalisering heilt ned på lokalplanet. Dette kan i visse høve vere eit riktig grep for å kunne utvikle eit godt aktivitetstilbod. Men idrettslaga bør nøye tenke gjennom konsekvensane av å profesjonalisere verksemda si. Og kanskje enda viktigare; idrettens nasjonale organisasjonar, med NIF i spissen, bør vere tilbakehaldne med å ta på seg oppgåver som fordrar ein profesjonalisering i laga.

Til dømes gjeld dette når NIF har ambisjonar om å vere ein sentral aktør i folkehelsearbeidet, eller ønskjer at idretten skal ha ein større plass i skolen. Det er positivt med slike ambisjonar, men ein må alltid hugse på at det er dei lokal laga som er det operative nivået i organisasjonen. Eg som idrettsminister driv ikkje aktivitet. Heller ikkje NIF sentralt driv idrettsaktivitet.

Både staten, andre offentlege forvaltningsnivå og ikkje minst idrettens eigen sentralorganisasjon må difor vere varsame med å legge føringar på som utfordrar organisasjonanes verdigrunnlag og frivillige basis.

Kva vil regjeringa gjera

Regjeringa vil stimulere til frivillig innsats, ikkje gjera det nødvendig eller enklare å erstatte han med betalt arbeidskraft. Eg skal i det føljande snakke om kva staten kan gjera for å bygge opp om det medlemsbaserte, frivillige virke. Eg kjem ikkje i noko særleg grad inn på tilhøve der staten bevisst nyttar organisasjonar til å utføre oppgåver på vegne av det offentlege. Dette er sjølvsagt heilt legitimt der både det offentlige og organisasjonane er klår over føresetnaden for samarbeide.

Mitt utgangspunkt er at det må bli enklare å vera engasjert.

Det er ingen tvil om at offentlege styresmakter skal ta sin del av ansvaret for at profesjonaliseringa av frivilligheten. Med prosjektstøtte og rapporteringar er det offentlege med på å bygga opp eit organisasjonsbyråkrati. Ein skal vera god til å kunna skriva søknader i dag om ein vil driva frivillig verksemd.

Midlar som skulle gå til lokal aktivitet blir bundne opp rapporteringar og administrativt arbeid. Dette vil vera ei prioritert oppgåve for meg å ta tak i.

Når eg om kort tid tar fatt på jobben som ”frivillighetsminister” vil ei av hovudoppgåvene vera å koordinera og samordna innsatsen mot frivillig sektor.

Vi vil ha ein gjennomgang av statlige løyver til frivillige formål. Målet er å sikra eit enklare frivillig-Noreg.

Eg vil arbeide for å oppretta eit frivillighetsregister. Da må vi arbeide med forståing av kva som ligg i omgrepa frivillig organisasjon og frivillig virke.

Eg vil lansera ein nettportal med informasjon om statstilskudd til frivillige formål. All nødvendig informasjon skal vera tilgjengelig på ein stad.

Frå nyttår får vi og overført ansvaret for ”frivillighetssentralane” frå Sosialdepartementet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Mitt ynskje er at ”frivillighetssentralane” skal bli nærmiljøsentralar. Dei skal bli hovudkvarter for frivillig innsats i lokalsamfunnet. Dei skal bli lokale kraftstasjonar for frivillig sektor.

Alt dette skal vi gjera fordi:

det skal bli enklare å vera engasjert.

I arbeidet med frivillig sektor vil vi leggja vekt på å driva å etablere arenaer for dialog mellom staten og frivillige organisasjonar. Vi skal ha gode møteplassar for å lytta og vi skal ha gode arenaer for utveksling av erfaringar.

Utfordra organisasjonane

Skal vi ta frivillig sektor på alvor, må vi og stilla tydelege krav til deira verksemd. Når vi snakkar om byråkrati og rapporteringar, vil eg seia at det ikkje alltid er staten som er problemet. Eg har vore innom profesjonaliseringa av frivillig sektor og verknadene av sentralorganisasjonanes prioriteringar på dei lokale laga.

Det er og klart at mykje av midlane i enkelte organisasjonar blir bundne opp i lønns- og administrative utgifter sentralt.

Organisasjonane sine sentralledd, kommunar og staten må gå gjennom rutinane for å sjå om det er rom for forenklingar. På same måte som vi skal sjå på våre ordningar å sikra at mest mogleg går til lokal aktivitet skal vi og utfordra organisasjonane til å prioritere den lokale aktiviteten.

Den frivillige aktiviteten skjer fyrst og fremst lokalt og ikkje på kontor i Oslo, derfor skal også mest mogleg av midlane ut det aktiviteten skjer.

Eg ønskjer derfor å utfordra organisasjonane sjølv, NIF inkludert, til å sjå på eigne rutinar og sikra at mest mogleg av midlane går til lokal aktivitet og minst mogleg til administrasjon.

Det er viktig for meg å få fram at staten ikkje skal styra organisasjonane.

Organisasjonane må sjølv få lov til å bestemma kva for aktivitetar dei skal driva med og kva for verdigrunnlag dei vil byggja på.

Det er lett for oss politikarar å ville styra frivillige organisasjonar og frivillige initiativ. Er det eit område vi ynskjer auka innsats mot, kan vi etablera ei støtteordning eller lysa ut prosjektmidlar. Dette kan enkelte gonger vere både viktig og nødvendig og i tråd med organisasjonane sine ønskjer. Men det er ikkje rett metode når målet er å understøtte organisasjonanes primære verksemd.

Vi må derfor i større grad enn i dag søke å støtte opp om organisasjonanes eige verksemd. Organisasjonane må gis rom til å følje eigne mål.

Legge til rette for frivilligheten

Det blir og ei viktig oppgåve for regjeringa å sikra inntektsgrunnlaget for frivillige organisasjonar. Med dette meinar eg ikkje fyrst og fremst mange nye støtteordningar. Om kampen om frivillig sektor handlar om å gi mest mogleg pengar, meinar eg vi har bomma.

Det handlar om å leggja til rette for frivillig innsats.

Det offentlege si oppgåve må vera å stimulera til frivillig innsats, ikkje betala for at han skal bli overflødig.

Skattefrådragsordninga for gåver til frivillige organisasjonar er eit godt døma på korleis vi kan vera med på å styrka inntektsgrunnlaget til organisasjonane. Denne regjeringa har auka frådraget frå 900 kr til 6 000. Det har ført til mange fleire faste givarar og større gåveinntekter til frivillig sektor.

Avslutning

Innleiingsvis fortalde eg om vårt nye nasjonalord ”dugnad”.

”Dugnad” vart i programmet omtala som ulønna frivillig arbeid. Og det blei lagt til: ”Dugnad hadde sin storhetstid under Einar Gerhardsen, og er et godt symbol på den norske felleskapsfølelsen”.

Eg er einig i at dugnad gir ei kjensle av fellesskap, og eg vonar at vi skal kunne legge til rette for at dugnadskulturen overlever.

Frivillig sektor har ein naturleg plass i regjeringas politikk. Skal vi nokon gong nå målet om at varmare samfunn, er vi nødt til å ha ein blømande frivillig sektor. Kvart år vert det lagt ned ein imponerande innsats frivillig arbeid i dette landet. Ein innsats til det beste for oss alle.

Vi trenger frivillig innsats og staten har eit soleklart ansvar for å medverka til at sektoren for gode livsvilkår!

Takk for merksemda og lukke til med to interessante konferansedagar.