Historisk arkiv

Tale ved nedlegging av grunnsteinen for riksarkivbygningen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Riksarkivet, Oslo 29. september 2004

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Tale ved nedlegging av grunnsteinen for riksarkivbygningen

Riksarkivet, Oslo 29. september 2004

Tilsette i Arkivverket
Prosjektarbeidarar
Inviterte gjester

Den store, antikke vitskapsmannen Arkimedes skal ein gong ha uttalt:

Gi meg eit fast punkt, og eg skal løfta heile Jorda!

Ja, mi sann – vi kan makta mykje berre vi har trygg grunn under føtene og eit fast haldepunkt i tilværet.

Eit kvart hundreår er no gått sidan Riksarkivet og Statsarkivet fekk eit trygt forankringspunkt i fjellgrunnen her på Kringsjå.

For nokre år sidan sprengde ein ny magasinhall seg inn i fjellet – for å gi plass til dei aukande arkivmengdene.

No er det tilsette og publikum som skal signast med større armslag og meir funksjonelle fasilitetar.

Den grunnsteinen eg i dag skal leggja ned her i inngangspartiet på tilbygget, blir samstundes den symbolske grunnsteinen for heile arkivanlegget. Ein brydde seg ikkje med slikt seremoniell på 1970-talet.

Kan henda ville ein ikkje ta noko for gitt før ein såg den nye, kvite bygningen stå der og skina, fullt ferdig og klar til innflytting.

For – utruleg, men sant: Ved innviinga i desember 1978 hadde spørsmålet om eit eige bygg for Riksarkivet stått på tapetet i ikkje mindre enn 60 år! Tallause var dei tomtealternativa og budsjettframstøyta ein hadde vore innom på vegen. Vonbrota hadde vore mange.

Ikkje for det – det kling ikkje dårleg av namna på dei bygningane der Riksarkivet hadde hatt tilhald i tidlegare tider: Akershus festning, Departementsgården, Stortinget, Noregs Bank! Kan henda gav det institusjonen ein ekstra aura å halda hus i slike lokalitetar. Men dei baud ikkje alltid på godt klima for kjenslevare arkivsaker og hardt arbeidande arkivfolk.

Og alle tilhaldsstadene hadde i røynda ein provisorisk karakter. Dei var ikkje bygg som primært var reist for arkivformål.

Som ein stortingskomite uttrykte det for 150 år sidan: ”Det kan ikke ventes at det i vår stat skal kunne oppføres bekvemme og hensiktsmessige bygninger for ethvert øyemed”.

Av alt det Riksarkivet hadde mangla, må kanskje saknet av eit fast punkt som grunnlag for dagleg aktivitet og langsiktig planlegging ha vore det største.

I dag er situasjonen ein annan – for her på Kringsjå kan visst Riksarkivet og Statsarkivet bli verande til Dovre fell !

Men trongt om plassen har det etter kvart vorte her òg.

Dessutan er det gjennom to stortingsmeldingar lagt opp til klar stillingsvekst i Arkivverket i åra framover. Det er nødvendig mellom anna for å handtera den teknologiske revolusjonen innanfor arkivdanning, arkivbevaring og arkivformidling.

Dette byr sikkert på interessante faglege utfordringar, men ikkje minst er det tale om arbeidskrevjande oppgåver. Det er heller ikkje til å unngå at det dreg etter seg aukande administrative byrder.

Elles har arkivlova gitt Arkivverket fleire og meir krevjande forvaltningsmessige oppgåver. Også til aktivitetar innanfor opplæring, informasjon og rådgjeving trengst det større plass og betre tilrettelagde lokale.

Men først og fremst skal den utbygginga som no skjer, koma den publikumsretta verksemda til gode.

Det blir ny vestibyle og resepsjon, større ekspedisjonsareal, eigen lesesal for mikrofilm og digitalisert materiale. I tillegg blir det utstillingsareal, fleire møterom og til og med eit auditorium.

Kanskje kan vi leggja noko symbolsk i at inngangspartiet no blir vendt ut mot den store parkeringsplassen der folk ferdast forbi på veg til og frå marka – og at bygningen får ein vid glasfasade med utsikt ned mot endestasjonen på Sognsvannsbanen.

På ein måte er det som om heile bygningskomplekset vrir seg rundt, snur ryggen til skogen og opnar eit vindauge mot verda – mot det store publikum – mot folk flest!

Det er elles ein familie med lange tradisjonar som no er i gang med å byggja på huset. Tidlegare i år var eg med på 100-årsmarkeringa for Arkivverket. Denne gongen vil eg nytta høvet til å gratulera Statsarkivet i Oslo med 90-årsdagen, som vart passert i sommar.

Eg vil også takka alle som er direkte involverte i utbygginga, og ønskja hell og lukke i arbeidet med å gjennomføra prosjektet.

Måtte det visa seg å bli eit kurant prosjekt med mykje godt samspel alle aktørar imellom! 1I Statsbygg-terminologi er dette eit såkalla kurantprosjekt, og det blir dessutan gjennomført etter ein ny modell, samspelmodellen.

Og – om ikkje resultatet skulle bli fullt så spektakulært som i det eksperimentet den store Arkimedes såg føre seg,
så vonar eg
at den nye og flotte administrasjonsbygningen vil fungera som ei løftestong
så vel for Riksarkivet,
som for Statsarkivet
og heile Arkivverket.

Gratulerer og lykke til!