Tekstforfatterfondets Ærespris
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Statsrådens tale ved utdeling av Tekstforfatterfondets Ærespris
Tale/innlegg | Dato: 17.12.2004
Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Tekstforfatterfondets Ærespris
Milleniumsuiten, Grand Hotell, Oslo 17. desember 2004
Det er ei stor ære og glede for meg å få dela ut Tekstforfatterfondets Ærespris for 2003.
Tekstforfatterfondet innkasserer vederlag for bruk av tekstar til musikk i det norske samfunnet, og fordeler midlane vidare til norske tekstforfattarar. Kvart år deler fondet ut ein Ærespris som består av ein statuett og ein sjekk på 50.000 kroner.
Det har etter kvart blitt mange prisar av ulikt slag som blir delte ut på kulturfeltet i Noreg. Slike prisar er viktige. Dei fortel om interesse for dei ulike sjangrane, og dei skaper interesse hos publikum. Prisane er naturlegvis også verdifulle for mottakarane, på fleire måtar.
Vinnarane av Teksforfatterfondets Ærespris har gjort seg særskilt gjeldande på sine arbeidsområde innanfor det store spektret som tekstar til musikk representerer. Lista over tidlegare vinnarar omfattar dei mest framståande norske tekstforfattarane.
Når det gjeld Arne Bendiksen, er arbeidsområdet omfattande. Han har skrive for film, teater, fjernsyn, radio, revy, konsertar og gjort grammofoninnspelingar i alle kategoriar. Rundt 200 artistar har spela inn omlag 1000 av tekstane hans. Når ein i tillegg ser på innsatsen hans for å ta vare på og gjera tilgjengeleg norske verk, og det langvarige arbeidet hans for Tekstforfatterfondet, kan vi konstatera at Arne Bendiksen er ein svært velfortent prisvinnar.
Gratulerer!