Historisk arkiv

Nytt publikumsbygg for Nidaros domkyrkje — nedlegging av grunnstein Nytt publikumsbygg for Nidaros domkyrkje — nedlegging av grunnstein Nytt publikumbygg ved Nidaros Domkyrkje - nedlegging av grunnstein

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Statsrådens tale i Trondheim 24. mai 2005

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Nytt publikumsbygg for Nidaros domkyrkje – nedlegging av grunnstein

Statsrådens tale, Trondheim 24. mai 2005

”Kjære alle saman!

Det er gått mange år sidan dei første planane for dette bygget vart laga. Som mange av dykk kjenner til, var nybygget opphaveleg ein del av eit større prosjekt, der målet var ei ny utforming av sjølve Vestfrontplassen. Undervegs i prosessen vart det store prosjektet delt i to. Vestfrontplassen fekk ei ny utforming på midten av 1990-talet, men avslutninga, i form av eit nybygg på nordsida på plassen, er vi først no i ferd med å sluttføre. Når vi no skal leggja ned grunnsteinen for dette bygget, er det såleis ikkje berre ein milepæl i reisinga av bygget vi markerer. Vi markerer òg at vi snart er til vegs ende med den endelege nyutforminga av Vestfrontplassen.

Det er ei stor ære for meg å få leggja ned grunnsteinen til det nye publikumsbygget, og eg vil få takka alle dei som har vore involverte i byggjeprosjektet, alle dei som kvar på sin måte har del i at bygget no vert reist.

Først vil eg takka Statsbygg, som har byggjeoppdraget. Vedtaket om bygging vart gjort av Stortinget så seint som i juni i fjor. Vi veit at det har vore stilt strenge krav til prosjektleiinga og til framdrifta i prosjektet. Rivinga av dei bygningane som sto her tidlegare måtte gjennomførast på kort tid. Dei arkeologiske utgravingane måtte gjennomførast i løpet av eit halvår. Eg vil takka Statsbygg for godt planleggingsarbeid og god prosjektleiing. Eg vil òg takka Norsk Institutt for Kulturminneforsking, som har hatt ansvaret for dei arkeologiske utgravingane. På kort varsel og på kort tid har dei fått gjennomført utgravingane.

Som vi veit, byggjer vi på historisk grunn og kloss til ei freda og eineståande kyrkje. Å byggja her kan vi ikkje gjera utan at Riksantikvaren følgjer oss tett. Eg vil takka Riksantikvaren for konstruktiv deltaking under heile planprosessen.

Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje har vore ein pådrivar i å få bygget ført opp. Eg vil takka Restaureringa for denne pådrivar-rolla. Som eg sa, det har tatt tid å få denne byggjesaka løyst. Eg vil gjerne gi Restaureringa ein del av æra for at bygget no skal reisast.

Ut frå teikningane veit vi korleis nybygget vil sjå ut. Det er forma slik at det er tilpassa sitt monumentale nabobygg: Nidarosdomen. Det skal altså ikkje vera eit praktbygg, men eit funksjonelt bygg, slik at det ikkje tar fokus frå kyrkja. Eg vil takka arkitekt Eggen for det oppdraget han har utført, og for den entusiasmen og det tålmod han har hatt i den tida som har gått sidan prosjektet første gongen vart lansert.

Eg vil òg retta ein takk til Opplysningsvesenets fond som har vore med i finansieringa av bygget. Eg ser denne byggesaka som eit eksempel på at staten og fondet kan gå saman i konstruktive løysingar for å bringa fram gode resultat. Eg vil takka dei som har representert fondet i denne saka og stilt opp for ei løysing.

Vi står no framfor ein hektisk byggjeperiode. Statsbygg seier at bygget er i rute. Det er eg glad for å høyra, og det skal bli spennande å sjå bygget ferdig om eit år, då Hans Majestet Kongen skal innvia bygget under kroningsjubileet den 22. juni 2006.

Det er grunnsteinen til eit servicebygg, eit bygg som skal tena publikum, vi skal leggja ned i dag. Eg vil ynskja at bygget kan tena sitt formål. Og det er å gi tilreisande og besøkande til Nidarosdomen ein stad å trekkja pusten og områ seg, for å seia det kort. Men sjølv om det er eit bygg for publikum, må vi tru at det òg er eit bygg som kjem kyrkjelivet her ved Nidarosdomen til gode, ja, at det er eit bygg som kjem heile Trondheim til gode.

Med desse orda vil eg no leggja ned grunnsteinen.