Historisk arkiv

"Bikubegang"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Statsrådens tale ved opninga av vandringskartet "Bikubegang", Odda 13. mai 2005

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

"Bikubegang"

Statsrådens tale ved opninga av vandringskartet "Bikubegang", Odda 13. mai 2005

Kjære bier og anna publikum.

Ein bikube er ein interessant modell som kan gi mange assosiasjonar. Her blir biene haldne for at eigaren kan nytta honningen deira. Bisamfunnet er matriarkalsk. Så snart dronninga er blitt befrukta, blir hannane jaga ut av kuben. Når det blir trongt i kuben, legg dronninga egg i spesielle celler. Desse egga utviklar seg til nye dronningar. Før dei nye dronningane vert klekte ut, dreg den gamle dronninga saman med om lag halvdelen av arbeidsbiene frå den gamle heimen og startar eit nytt bisamfunn. Denne såkalla sverminga går sterkt ut over honningutbyttet, og birøktarane freistar derfor å hindre dette med ulike midlar.

I boka ”Bikubegang” seier Frode Grytten mellom anna: ”Om eg flyr frå vest til aust i Noreg, plasserer eg meg helst ved vindauget på høgre side. Flyet brukar å gå over Folgefonna, Sørfjorden og Hardangervidda, som oftast nokre kilometer nord for Odda. På skyfrie dagar kan eg sjå ned på heimplassen min”.

Heimstaden vår er viktig for oss heile livet, der får vi varige minne og der har vi viktige opplevingar vi kan ausa av seinare i livet. Eg har barndomsheimen min på den andre sida av Folgefonna, ved Norheimsund, og måtte sett meg på venstre side av flyet for å sjå heim.

For litt over eit år sidan opna eg Bikubeveka her i Odda, og eg har sett teaterversjonen av Bikubesong. Frode Gryttens bok ”Bikubesong”, som kom ut i 1999, fekk glimrande kritikkar og Bragepris. Boka har gjort Odda meir kjent og har også skapt positive straumar i ein tettstad i vanskar. Det er fint å sjå at Odda tettstad og Odda kommune, og ikkje minst innbyggarane sjølve, ynskjer å satsa på kultur i framtida.

Då Odda Smelteverk stansa drifta i 2003, etter nesten 100 års drift, forsvann den viktigaste verksemda i kommunen. No vi det lagt opp til at institusjonane Norsk Vasskraft- og Industrimuseum, Meieriet kulturhus og Kulturskolen, bibliotek og kino og frivillige lag og organisasjonar skal vera berebjelkar i kommunen si framtidige satsing.

Idéane har yngla. Eg nemner Odda-biennalen i 2004, dokumentarfilmar som er under arbeid, og Oddasymposiet som skal finne stad i september i år.

Andre forfattarar har skrive om byane sine; til dømes James Joyce om Dublin, Robert Musil om Wien, Lars Saabye Christensen om Oslo. Andre måtte skriva om Odda - og det blei Frode Grytten. ”Bikubesong” er den fyrste romanen om Odda, med handling frå vår eiga tid.

Boka sitt konsept, leigegarden ”Murboligen” som bikube gjennom eitt år, er fengslande. No har vi i ”Bikubegang” fått ei bok om prosessen bak ”Bikubesong”, og eit kart til å vandra etter i Frode Gryttens Odda. Aller helst vil vi sjølvsagt at publikum skal koma til Odda og gå reint fysisk til verks, men det lèt seg også gjera å ta reisa frå godstolen heime i stova. ”Biekubegang” er ei kartbok med 24 punkt som knyter seg til 24 tekstar, der Frode Grytten sjølv fortel om korleis boka vart til. Boka inneheld også arbeidsteikningar, handskrivne notat og heilt nye tekstar. Boka er Oddas fyrste satsing på litteratur-turisme.

Det har vist seg før at kultur kan vera ein eigna reiskap til å koma gjennom vanskelege tider, både på eit personleg plan og for ein by eller ein tettstad. Å skapa og oppleva kultur gir ofte ei positiv og aktiv haldning. Ingen ting blir betre av passivitet. Eg set stor pris på at Odda investerer i kultur og turisme, noko ”Bikubegang” er eit godt døme på.

Eit optimistisk forsøk når det gjeld kultur, er også søknaden om å få Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal med på UNESCOs liste over verdas kulturminne. Å koma med på denne lista kan få mykje å seia for heile Hardanger og gi auka interesse frå store mengder turistar og andre reisande. La oss håpa det går bra.

Eg vil ynskja lukke til med kartboka ”Bikubevandring” og lukke til med kommunen si ambisiøse satsing på kultur.