Historisk arkiv

Debattseminar om ny kulturkonvensjon i UNESCO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Debattinnlegg av Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland på Håndtverkeren i Oslo 6. september 2005.

Debattseminar om ny kulturkonvensjon i UNESCO

Debattinnlegg av Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland på Håndtverkeren i Oslo 6. september 2005.

Kjære seminardeltakarar,

Eg er glad for å kunne ynskje velkomen til dette debattseminaret om arbeidet med ein ny kulturkonvensjon i UNESCO. Saman med UNESCO-kommisjonen har vi invitert til dette seminaret - det fjerde i rekkja (dei tre tidlegare har vore organiserte av UNESCO-kommisjonen) – for å drøfta det utkastet til konvensjon som no ligg føre. Vi ynskjer å få synspunkt og innspel frå aktørane i kulturlivet.

For to år sidan, på den førre generalkonferansen til UNESCO, var medlemslanda einige om at UNESCO skulle setje i gang arbeidet med eit utkast til konvensjon for å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk. No ligg det føre eit førebels utkast som skal behandlast på generalkonferansen i haust om ein knapp månad.

Det er dette utkastet som er temaet for seminaret her i dag.

Kva skal vi så med ein konvensjon – eit mellomstatleg, legalt bindande instrument – som skal verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk? Hovudmålet er å stadfesta den retten statane har til å utforma og gjennomføra kulturpolitiske tiltak som skal leggja til rette for og styrkja eit mangfald av kulturuttrykk. Den globale utviklinga med lettare og raskare tilgang til mange ulike former for kulturuttrykk representerer eit spennande utviklingspotensiale. På same tid kan den opplevast som trugsmål om einsretting, spesielt med tanke på den hegemoniske posisjonen ein del angloamerikanske kulturuttrykk har fått.

Nokre døme: 85% av alle selde kinobillettar i 2003 på verdsbasis galdt filmar som var laga i Hollywood. Innanfor EU hadde europeisk produserte filmar i 2003 ein marknadsdel på 25,7%, som er ein nedgang frå 27,8% i 2001. Same året hadde amerikanske filmar ein marknadsdel på 72,1% innanfor EU; i 2001 var delen på 70,2%. Femti prosent av dramaproduksjonane i europeisk fjernsyn er produserte i USA; i Italia er det 67%. Sytti prosent av det legale musikksalet i verda er produsert av to store selskap.

Med slik ubalanse i det kulturelle landskapet er det forståeleg at mange land ynskjer å bruka ulike verkemiddel for å skapa eit reelt tilbodsmangfald, der også innanlandske produksjonar får ein sjanse i forhold til dei produksjonane som alt har fått eit hegemonisk overtak. Dei vil at konvensjonen skal gi heimel for eit vidt spekter av tiltak.

Det store stridsspørsmålet i konvensjonsutkastet er om den delen av kulturuttrykka som også kan kategoriserast som ”kulturvarer og –tenester”, skal koma inn under denne konvensjonen, eller om dei berre skal vurderast i handelssamanheng. Eit stort fleirtal av landa som har deltatt på tre mellomstatlege ekspertmøte, har understreka at kulturvarer og –tenester har ein dobbel dimensjonen, og den kulturelle dimensjonen skal takast omsyn til på lik line med handelsdimensjonen. Dette er i samsvar med det grunnlaget som norsk kulturpolitikk har vore tufta på i fleire tiår.



Konvensjonen legg elles opp til at ein skal ta spesielt omsyn til dei behova utviklingslanda har med tanke på å utvikla eigne kulturelle uttrykk og kulturpolitiske rammeverk som kan styrkja mangfaldet.

Når kulturpolitiske tiltak for å fremja mangfaldet skal utformast og gjennomførast, er det grunn til å leggja seg på minnet dei observasjonane som 2004-utgåva av ”Human Development Report” presenterer. Rapporten har kulturell fridom som tema. All røynsle viser at tiltak som prøver å stengja ute kulturuttrykk frå andre land eller kulturar, ikkje vil vera føremålstenlege for å skapa eit mangfald av kulturuttrykk. Derimot blir det vist til at ulike former for stimuleringstiltak og støtteordningar for det eigne kulturlivet vil ha betre effekt. På dette feltet kan praksis og røynsler frå Noreg og dei andre nordiske landa tena som utgangspunkt for andre land som er i startfasen med eigen kulturpolitikk.

Det er på mange måtar historisk at så mange land finn saman om å etablera eit globalt grunnlag for å utvikla den kulturelle dimensjonen i samfunnet. Det er all grunn for Noreg å arbeida for at den framlagde konvensjonsteksten blir vedteken på UNESCOs generalkonferanse i oktober 2005.

Takk for meg – og lukke til med seminaret.