Historisk arkiv

Den mediepolitiske situasjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Foredrag til Landsmøte i Norsk journalistlag, Park hotell, Sandefjord 26. april 2005

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Den mediepolitiske situasjonen

Foredrag til Landsmøte i Norsk journalistlag, Park hotell, Sandefjord 26. april 2005

Innleing

Eg takkar for invitasjonen til å delta på dette landsmøtet i Norsk journalistlag. Eg har sett fram til dette lenge. Det er ikkje ofte vi politikarar får høve til å snakka til ein fullstappa sal av journalistar.
Breiare mediedekning og betre oppmøte frå media skal ein leita lenge etter.

Som førebuing til å møta dykk har med interesse sett på ulike definisjonar av kva journalistikk er:

Den irske forfattaren Rebecca West definerte journalistikk rett og slett som ”evna til å fylla redaksjonell plass”.

André Gide definerar journalistikk som ”alt som interesserer mindre i morgon enn i dag”.

Oscar Wilde peika på skilnaden mellom litteratur og journalistikk, og meinte at den einaste skilnaden er at litteraturen ikkje vert lest, medan journalistikken er uleseleg.

Wilde var elles ganske positiv og meinte at journalistikken ”ved å fortelja oss kva uopplyste menneske meiner, held oss orientert om uvita i samfunnet”.

Tomas Jefferson meinte på si side at ”at den mann som ikkje les i det heile er betre utdanna enn mannen som ikkje les anna enn aviser”.

La meg til sist ta med ei undring frå komikaren Jerry Seinfeld. Han undrar seg over at det kvar einaste dag skjer akkurat nok i verda til å fylla avisene.

Eg må seia at alt dette fekk meg til å kjenna eit visst samhald med journalistane, tydelegvis ei av dei få yrkesgruppene som er nesten like uglesett som politikarar.

Viss eg får lov til å koma med mi eiga oppfatning av journalistikken, vil eg heller leggja vekt på det som Ytringsfridomskommisjonen kallar for kanalvaktaroppdraget. I dagens samfunn er tilgangen til informasjon nærmast grenselaus. Meir enn nokon gong er vi difor avhengige av at nokon kan sortera, velja ut og presentera utval av informasjon på ein måte som er relevant og forståeleg for oss. Denne oppgåva ligg for ein stor del hos dykk – journalistane.

Men no til saka: Eg er blitt beden om å gi ei analyse av den mediepolitiske situasjonen, slik eg ser han. Eg må innrømma at det er ei utfordring å skulla snakka underhaldande om dette temaet i ein halv time.
De får bera over med meg, men emnet har de gitt meg sjølve.

Grunnlova § 100

30. september i fjor fatta Stortinget eit vedtak som for lang tid framover vil påverka kvardagen for alle oss som er til stades her i dag.
Vedtaket galdt ein ny § 100 om ytringsfridom i Grunnlova.

Paragrafen har stått uendra sidan 1814, så det var på høg tid med ei endring. Utviklinga på mediefeltet har sjølvsagt vore enorm i perioden. Teknologiske nyvinningar og andre utviklingstrekk har gitt media eit gjennomslag og ei samfunnsrolle som Eidsvollsmennene vanskeleg kunne førestilla seg. I dag kan Statistisk sentralbyrå fortelja at vi i snitt brukte 6 timar og 41 minutt på massemedium kvar dag i 2003.

Etter endringa slår § 100 i Grunnlova mellom anna fast at staten har ei plikt til å leggja til rette for ei open og opplyst offentlig samtale. Sjølv om dette er eit ansvar som styresmaktene i praksis har tatt i mange år – mellom anna gjennom mediepolitikken – inneber ei grunnlovsfesting både ei viktig symbolsk markering og ein viktig praktisk realitet.
Regelen vil tvinga regjering og Storting til å leggja vekt på omsynet til ytringsfridom når vi vurderer lovgiving eller budsjettspørsmål med konsekvensar for media.


Eg skal ikkje kjeda forsamlinga med ein full gjennomgang av dei juridiske konsekvensane av vedtaket for medienæringa. Eg vil nøya meg med å trekka fram eit par særleg aktuelle spørsmål.

No i etterhand krev grunnlovsendringa oppfølging på fleire område.
Mellom anna vurderer departementet for tida spørsmål om oppheving av forbodet mot politisk reklame i fjernsyn, lovfesting av prinsippa i redaktørplakaten og endringar i film- og videogramlova.

Politisk reklameKringkastingslova forbyr i dag politisk reklame i fjernsyn. Sjølv om Grunnlovsendringa ikkje krev det, har Regjeringa gått inn for å oppheva totalforbodet mot reklame for politiske bodskap og livssyn i fjernsyn.

Regjeringa meiner at slik reklame kan ha ein positiv demokratisk funksjon ved at det gir høve til direkte og uredigert kommunikasjon mellom den som ytrar seg og mottakarane.


Samstundes er det avgjerande for meg å få etablert ei regulering som kan avdempa dei uheldige verknadene som slik reklame kan få.
Vi må hindra at kapitalsterke grupper får eit gjennomslag som ikkje står i eit rimeleg høve til den reelle oppslutninga om standpunktet.

Demokratifinansieringsutvalet fekk difor i oppdrag å utgreia visse sider av reguleringa av partipolitisk reklame. Utvalet gjekk inn for å oppretthalda det generelle lovforbodet, men skisserte ulike modellar for unntak frå forbodet i ei avgrensa periode før val. Etter å ha vurdert høyringsfråsegnene i saka, tar eg no sikte på å senda saka på ny høyring.

Eg vil her foreslå ein ny modell som tar det motsette utgangspunktet, dvs. at det generelle forbodet mot politisk reklame i fjernsyn vert oppheva, men at slik reklame likevel vert forbode i ei avgrensa periode før val.
Eg meiner dette kan vera ei betre løysing som dessutan er meir i tråd med tilsvarande regulering i andre land og med det opplegget Regjeringa skisserte i ytringsfridomsmeldinga – så får vi trekka konklusjonane etter høyringsrunden.

Lovfesting av redaktørplakaten Alt i januar 1998 sendte Kulturdepartementet ut eit høyringsutkast om lovfesting av prinsippet om redaksjonell fridom.
Etter at Justisdepartementet si lovavdeling i høyringa uttalte at forslaget ville vera i strid med den dåverande Grunnlova, vart saka – naturleg nok – lagt på is i ein periode.

Så, under handsaminga av mediemeldinga i 2002 støtta Stortinget på nytt eit forslag om å lovfesta prinsippa i Redaktørplakaten, på det vilkåret at det blei vedtatt ein grunnlovsregel som opnar for dette.
Det er no klart at den nye § 100 i Grunnlova ikkje er til hinder for ei lovfesting av prinsippet om redaksjonell fridom i media.

Departementet har difor sett i gang dette arbeidet på nytt.
Enno er det for tidlig å seia noko meir konkret om resultatet, men i første omgang er det naturleg å ta utgangspunkt i forslaget frå 1998 og høyringa av dette.
Eg er klar over at Norsk journalistlag ikkje støtta dette forslaget, men lovar at vi både vil sjå på høyringsfråsegna frå den gong og at Journalistlaget vil få eit nytt utkast på høyring før vi legg saka fram for Stortinget.

Medieinvesteringar skjer i dag både på tvers av landegrensene og på tvers av tidlegare definerte sektorgrenser. Vi kan difor ikkje utelukka at det kan koma eigarar inn på den norske mediemarknaden som ikkje har den same respekten og forståinga for prinsippet om redaksjonell fridom som norske medieeigarar tradisjonelt har hatt.
Etter mi meining kan ei lovfesting styrkja stillinga til redaktørinstituttet og slik vera eit viktig supplement til medieeigarskapslova.

Medieeigarskapslova

Etter at Stortinget handsama mediemeldinga i 2002 har departementet arbeidd med ein revisjon av medieeigarskapslova.
Eit lovforslag frå departementet vart vedtatt av Stortinget i november i fjor og sett i kraft frå årsskiftet.

Eigarskapsgrensa på nasjonalt nivå er no heva frå 1/3 til 40 prosent av marknadane for dagspresse, fjernsyn og radio. I tillegg gir lova ikkje lenger heimel til å gripa inn mot eigarkonsentrasjon på lokalt nivå.
På regionalt nivå er reguleringa opprettheldt, men den skjønnsmessige inngrepsheimelen er erstatta av ei lovfesta grense på 60 prosent av det regionale avisopplaget.

Lova har også nye reglar om multimediekonsentrasjon, dvs. eigarskap innanfor fleire mediemarknader.

Dette gir oss ei medieeigarskapslov som er eit effektivt verktøy for å verna om mediemangfald og ytringsfridom, samstundes som lova ikkje grip for sterkt inn i den økonomiske verksemda til medieselskapa. Når vi veit at sterke interesser har kjempa mot lova, meiner eg dette er ein siger for dei verdiane som lova skal verne om.

Når kontrollen med kva som slepp gjennom media, hamnar på nokre få hender, kan det undergrava mediemangfaldet. Ein svært dominerande eigarposisjon i mediemarknaden gir ein påverknadskraft over opinionen som – om han skulle bli utnytta – kan undergrava dei demokratiske avgjerdsprosessane i samfunnet.

Eigarskapsgrensa på nasjonalt nivå

Stortinget bad regjeringa vurdera ei heving av den nasjonale eigarskapsgrensa til 49 pst. Regjeringa gjekk imot dette og viste mellom anna til at det ville opna for ein reduksjon frå tre til to store aktørar på mediemarknaden i Noreg. Regjeringa meinte at dette ikkje ville vera forsvarleg ut frå omsynet til ytringsfridom og mediemangfald.

Regjeringa opna likevel for ei mindre heving av grensa, til 40 pst. Grunngivinga var mellom anna at den norske mediemarknaden er svært liten i europeisk samanheng. Det er klart at føresetnadane for mangfald er mindre i ein marknad med 4,5 mill. menneske enn i store land.

Kombinert med ei grense for krysseigarskap mellom store medieeigarar, kan likevel denne grensa sikra eit minimum av tre store aktørar på den norske mediemarknaden.

Regioninndeling

Den nye grensa på 60 prosent av det regionale avisopplaget føreset ei inndeling i medieregionar som skal vera utgangspunkt for utrekning av marknadsdelar. Den regionale grensa vil difor først bli sett i kraft når vi har på plass ei forskrift om regioninndeling. Eit utkast er no på høyring med frist 9. mai.

I framlegget er regiongrensene trekt der ein kan finna tydelege brot i avisdekninga frå ein kommune til ein annan. Inndelinga tar også omsyn til alminnelege måtar å dele inn landet på, slik som fylke og landsdelar.
I tillegg er det lagt vekt på føringane frå Stortinget, mellom anna om at regionane må vera klart større enn dagens fylke. Etter forslaget er landet difor delt inn i 10 medieregionar, medan vi har 19 fylke.

Eg meiner at høyringsutkastet gir ein naturleg regioninndeling som følgjer opp Stortinget sine føresetnader. Samstundes vil eg sjølvsagt leggja vekt på dei synspunkta som kjem fram under høyringa før eg tar endelig stilling til forslaget.

Internasjonalt er det stor interesse for den norske medieeigarskapslova. Mange land leitar etter måtar å regulera dette området på. Eg trur vi har funne fram til ei ordning som sikrar eit mediemangfald og hindrar at makta blir samla på nokre få hender.

St.meld. nr. 17 (2004-2005) Makt og demokrati

I mars i år la Regjeringa fram stortingsmeldinga ”Makt og demokrati”. Stortingsmeldinga gir ei brei gjennomgang av utviklinga og situasjonen for det norske folkestyret i lys av vurderingane frå Makt- og demokratiutgreiinga.

Under Maktutgreiinga blei det produsert ei rekkje bøker og rapportar om ulike spørsmål om media og makt. Hovudvekta låg likevel på teoretiske analysar, og det vart i mindre grad vist til konkret forsking på kva for påverknadskraft media har på ulike område i samfunnet.

I stortingsmeldinga har Regjeringa søkt å vera noko meir konkret, og har særleg sett på korleis media påverkar den politiske meiningsdanninga i samfunnet.

Det er stor grad av semje om at media har stor påverknadskraft over den offentlege dagsordenen; dvs kva for spørsmål og saker folk er opptatt av.

Men media vil også påverka kva folk skal meina, både ved å auka merksemda om visse saker og gjennom den vinklinga dei gir desse sakene. Eit forskingsprosjekt som såg på media si rolle i tida før stortingsvalet i 2001, konkluderte mellom anna med at media her såg ut til å ha vel så stor påverknadskraft på meiningsdanninga som på dagsordensettinga.

Media vil også påverka politiske avgjerder. For det første påverkar dei meiningsdanninga hos politikarar på same måte som hos andre folk. Politikarar les òg aviser, høyrer radio og ser fjernsyn. I tillegg kan media vera med på å påverka valresultata, og dermed sjølve samansetninga av våre politiske organ.

Ein viktig konklusjon i meldinga er at media ikkje berre påverkar politiske avgjerder. Måten mediesystemet fungerar på vil også leggja føringar på dei politiske avgjerdsprosessane. Media blir stadig viktigare som bindeledd mellom politikarane og folket. Om vi vil nå fram til publikum, må vi politikarar difor tilpassa oss og beherska media.

Faren i denne utviklinga er at enkeltsaker og personspørsmål kan ta merksemda bort frå dei viktige prinsipielle spørsmåla og dei lengre linene – ikkje berre i media, men også i politikken.

For å ta riktige val i viktige spørsmål for oss alle, er det nødvendig med grundige vurderingar av dei langsiktige konsekvensane av moglege handlingsval. Både politikarar og media har eit ansvar for å leggja til rette for at dette kan skje.

I mars i år tok eg på vegne av det norske folket imot ”Mottakarplakaten”, som skal vera mediebrukarane sitt eige etiske regelverk.

Plakaten vart utarbeidd av eit panel av ungdom frå dei nordiske landa, og håpet er at plakaten skal bli ein del av medieundervisninga for born og unge. Eit sunt demokrati krev at borgarane er i stand til å skilja mellom meiningsytringar og fakta, til å få meining ut av det dei les, ser eller høyrer, og til å utfordra det.

Eg trur at Mottakarplakaten her kan vera positivt bidrag.

Radio og fjernsyn

Kanal 24/P4

Hovudpoenget med kunngjeringa av ein ny riksdekkjande konsesjon for reklamefinansiert radio var å styrkja mediemangfaldet og å auka konkurransen på radiomarknaden. For eit par månader sidan blei det kjent at P4 og Kanal 24 førte samtaler om ei samanslåing av selskapa.

Planen var å etablera eit felles morselskap som skulle eiga begge kanalane.

Det er forståeleg at eigarane ønskte seg ei slik samanslåing. Det ville innebera at kanalane kunne kvitta seg med ein vanskeleg konkurrent.

Men vegen ville òg ligga open for å samordna redaksjonane og svekka mangfaldet.

Planane om ei samanslåing er heilt klart i strid med intensjonane med kunngjeringa av P5-konsesjonen. I kunngjeringa blei det slått fast at aktuelle søkjarar ikkje kunne ha annan riksdekkjande radiokonsesjon. Kanal 24 ville såleis vore uaktuell, om selskapet hadde søkt på P5-konsesjonen.

I sjølve konsesjonsvilkåra til P4 blei det slått fast at selskapet ikkje kan ha annan konsesjon for riksdekkande radio. Meininga var sjølvsagt at dei to riksdekkande kommersielle radioane skulle vera uavhengige av kvarandre.

Departementets juridiske vurdering er at også ein konstruksjon der Kanal 24 kjøper P4 strider mot konsesjonsvilkåra. Dette fordi eit felles selskap vil bli definert som konsesjonær og ein og same konsesjonær ikkje kan sitja med dei to konsesjonane.

Ei samanslåing ville føra til at departementet trekte konsesjonen til P4 tilbake. Departementet gjorde dette synet klart for P4 i februar i år.

Eg registrerer at det har vore stille rundt fusjonsplanane sidan.

Digitalt bakkenett for fjernsyn

Det er lyst ut ein konsesjon for å etablera og driva eit digitalt bakkenett for fjernsyn i Noreg. Den einaste søkjaren, NTV, har søkt om ei forlenging av konsesjonsperioden frå 12 til 15 år.

NTV meiner at føresetnadene som Stortinget la i samband med handsaminga av Stortingsmeldinga om digitalfjernsyn vil gi ein meirkostnad. Selskapet ønskjer derfor ein lengre konsesjonsperiode for å finansiera meirkostnadene.

Ei slik forlenging inneber at staten har plikt til å kunngjera endringa av konsesjonsvilkår, slik at eventuelle andre interessentar kan melda seg.

Fristen for å melde interesse for konsesjonen med dei nye vilkåra er 2. mai. Resultatet kan bli at det ikkje melder seg nokon fleire interessentar.
I så fall kan tildelinga av konsesjon halde fram.

Dersom nokon andre enn NTV melder si interesse for konsesjonen, kan vi måtta kunngjera konsesjonen på nytt. I så fall vil det ta noko tid å vurdera søkjarane mot kvarandre.

Norske kringkastarar som vil senda i det digitale bakkenettet, må ha konsesjon. Sidan vi enno ikkje har gitt nokon konsesjon til nettoperatøren, er det enno ikkje noko hastverk med å avklara kringkastarkonsesjonane.

NTV har stilt som føresetnad for sin søknad at eigarane (NRK og TV 2) får lov til å skru av dei analoge fjernsynssendingane sine.

Dersom desse signala blir skrudde av, vil alle som i dag tar inn sendingar via bordantenner eller vanlege takantenner, få svarte skjermar.
Dei omlag 600.000 norske hushalda som dette gjeld, må skaffa seg digitale dekodarar til ein pris på maksimalt 1.500 kroner for igjen å kunna sjå på fjernsyn. Eg synes det er rimeleg at dei får noko igjen for denne økonomiske belastninga.

Regjeringas politikk er at vi vil akseptera at kringkastarane skrur av dei analoge sendingane dersom dei kan garantera sjåarane ein digital meirverdi. Det betyr at det digitale tilbodet må vera betre enn det sjåarane hadde i det analoge nettet.

For nokre månader sidan fekk TV2 oppslag i pressa om at dei ønskjer seg ein konsesjon utan tyngande krav i det digitale bakkenettet.

TV 2, og andre som er i tvil om dette, må forstå at regjeringa og Stortinget har stilt vilkår for digitaliseringa av fjernsynsmediet. Eg forstår ikkje at TV 2 finn det rimeleg at staten skal fråfalla alle krav til selskapet fordi dei vil investera fleire hundre millionar kroner i eit digitalt nett.

Eg trur ikkje TV 2 investerer i bakkenettet fordi dei ønskjer å vera hyggjelege mot det norske folk. Grunnen er vel helst at dei trur investeringa vil vera bedriftsøkonomisk lønsam og det er ikkje noko å skamma seg over.

Men det gir ikkje meining å påstå at dette inneber at staten ikkje skal kunna stilla krav til selskapet.

Til sjuande og sist gjeld diskusjonen korleis vi kan sikra overgangen til digitalt fjernsyn i Noreg. Styresmaktene har lagt opp til å gjennomføra overgangen på ein kostnadseffektiv måte for kringkastarane.

Som medieminister kan eg ikkje akseptera at det er sjåarane som blir sittande igjen med heile rekninga.

Som landets dominerande kommersielle allmennkringkastar og medeigar i NTV, må TV2 ta ansvar.

Avslutning

Dette var ei kort gjennomgang av nokre aktuelle mediepolitiske spørsmål. Men no vil eg gjerne avslutta med ei lita historie 1Hentet fra boken 'Tabber og tull fra den fjerde statsmakt' av Geir Magnusson og Audun Stølås.:

Soknerådet i Valle kyrkjelyd på Vigeland i Lindesnes skulle byggja eit nytt bårehus. På eit morgonmøte i lokalavisa Lindesnes fekk ein journalist i oppdrag å skriva om saka. Han avtalte eit møte med formannen i soknerådet og fekk ei grundig innføring i planane for bårehuset.

Men journalisten var framleis usikker på noko. Etter den lange forklaringa stilte han spørsmålet:

Men kva er det eigentleg de skal bore etter?

Takk for meg og lukke til med resten av landsmøtet!