Historisk arkiv

Eit arkivlandskap i endring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Helsing ved Det andre norske arkivmøte, Erkebispegården i Trondheim, 25 april 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Eit arkivlandskap i endring

Helsing ved Det andre norske arkivmøte, Erkebispegården i Trondheim, 25 april 2005.

Kjære ordførar!

Gode arkivvener!

Når kardinalane er samla i konklavet, slepp ingen ut før ein ny pave er vald.

Vi får tru at det ikkje krevst eit like handfast resultat for at 400 deltakarar skal få reisa heim frå dette andre norske arkivmøtet – trass i dei kyrkjelege assosiasjonane vi kan få i dei storslagne lokala vi er i her i kveld.

Om ikkje ein pave skal veljast, skal likevel viktige vegval for det norske arkivmiljøet drøftast under desse dagane i Trondheim.

”Eit arkivlandskap i endring” er gjennomgangstema både for faglege føredrag og fagpolitiske diskusjonar.

I kulturmeldinga som Stortinget behandla for eit år sidan, heiter det at vi på noko lengre sikt bør sjå eit arkivlandskap bygd opp rundt eit nettverk av sterke regionale arkivinstitusjonar.

Eit tilsvarande uttrykk er brukt i Riksarkivarens mandat til det utvalet som i desse dagar skal leggja fram innstilling om kommunale arkivdepoter.

Tanken i kulturmeldinga var at dei regionale arkivinstitusjonane ikkje berre bør ha ansvar for kommunalt arkivmateriale, men også for arkiv frå privat sektor.

Denne koplinga mellom arkiv av privat og kommunalt opphav er også ein del av grunnlaget for den arkivkartlegginga som ABM-utvikling no er godt i gang med.

Men i kulturmeldinga gjekk vi enno eit steg lenger når det gjaldt dei moglege ambisjonane for eit framtidig nettverk av regionale arkivinstitusjonar. Vi skreiv nemleg at det også kunna vera interessant å vurdera i kva grad statsarkiva kunne innordnast i eit slikt nettverk.

Det kan altså – i ytterste konsekvens – dreia seg om ei omfattande reorganisering av heile det institusjonelle arkivlandskapet her i landet –
eit oppbrot frå tradisjonen med eit sterkt statleg arkivverk på den eine sida,
og på den andre sida ein meir fragmentert institusjonsstruktur utanfor Arkivverket.

Men dette er i så fall eit stykke fram. I kulturmeldinga var vi påpasselege med å streka under at det er altfor tidleg å dra konklusjonar om eventuelle endringar i ansvars- og organisasjonstilhøve.

Vi har likevel varsla at det etter kvart kan bli aktuelt å gjennomføra ei meir prinsipiell utgreiing om status og utviklingsvegar for det norske arkivlandskapet.

I ein slik samanheng kan det også reisa seg spørsmål som har med framtidig arkivdanning å gjera.

Til dømes kan det i lengda visa seg vanskeleg å halda fast ved eit krystallklart skilje mellom privat og offentleg arkivskaping. Fristilling og konkurranseutsetjing av offentleg verksemd er berre eit par stikkord som kan nemnast i denne samanhengen.

Og den pågåande diskusjonen om struktur og oppgåvefordeling i offentleg forvaltning kan føra til endringar som kan få mykje å seia også på arkivsektoren.

Førebels er ikkje tida moden for å setja i gang ei større arkivutgreiing, men departementet vil kontinuerleg vurdera dette i samråd med Riksarkivaren og ABM-utvikling. Sjølvsagt vil vi også lytta til synspunkt frå organisasjonane.

Eller – står vi kanskje framfor ei snarleg samanslåing av dei norske arkivorganisasjonane? Eg konstaterer at også slike landskapsendringar skal drøftast under møtet her i Trondheim.

I det ytre landskapet er det ikkje minst den teknologiske revolusjonen som gjer sitt til å omskapa mange av rammevilkåra for arkivsektoren.

Dei store utfordringane med å bevare elektronisk arkivmateriale var eit sentralt tema både i abm-meldinga frå 1999 og i kulturmeldinga.

Meldingane drøfta også dei nye formidlingsvegane som opnar seg gjennom digitalisering av arkivmateriale.

Dessverre er vi på arkivområdet enno ikkje komne særleg langt i å oppfylla den økonomiske opptrappingsplanen som vart skissert i abm-meldinga og stadfesta i kulturmeldinga.

Eg vil derfor nytta dette høvet til å streka under at departementet fullt ut står ved den talfesta opptrappingsplanen, både når det gjeld abm-sektoren generelt og arkivsektoren spesielt. Det er likevel klart at det vil ta lengre tid å koma i mål enn dei fem åra som vart lagt til grunn i den opphavlege tidsplanen.

For at offentlege styresmakter skal bli i stand til å prioritera arkivsektoren etter forteneste, trengst eit aktivt arkivmiljø som går føre og viser veg. Vilje til nytenking er viktig, og eit krav som vi alle blir møtt med i vårt moderne samfunn.

Temaet for dette andre landsomfattande arkivmøtet, må oppfattast som eit klart uttrykk for at denne viljen er til stades i det norske arkivmiljøet.

Det er likevel grunn til å streka under at den grunnleggjande rolle som arkivfunksjonen har i eit samfunn, alltid vil liggja fast – trass i endringar både i det indre og det ytre landskapet.

Det dreier seg til sjuande og sist om å sikra ettertida eit reservoar av autentisk dokumentasjon. Dette er ikkje mindre viktig i eit samfunn som er ferd med å drukna i ein flaum av masseprodusert informasjon av varierande kaliber.

Vi har ein tendens til å vilja omskapa historia i vårt eige bilete.

Fortida består likevel av eit utal av faktiske hendingar, og her går det sjølvsagt an å skilja mellom sant og usant. Men dette krev basiskunnskap, faste referansar og påliteleg dokumentasjon.

Dette er ein føresetnad for å kunna føra ein meiningsfylt debatt om fortida og sjå historia i lys av vår eiga tid.

I kulturmeldinga har vi sagt at ein utviklingsstrategi på arkivområdet er å leggja til rette for ein meir heilskapleg og systematisk dokumentasjon av samfunnsutviklinga enn det som tradisjonelt har vore tilfelle.

Eg håpar og trur at vi framover gjennom eit konstruktivt samarbeid mellom politiske styresmakter og eit kompetent arkivmiljø skal finna gode løysingar på dei utfordringane vi møter langs denne vegen.

I så fall kan vi kanskje likevel tillata oss å plagiera ropet (vi nyleg har høyrt) frå balkongen over Petersplassen:

”Habemus Papam!”

”Vi har ein pave!”

Lykke til med det andre norske arkivmøte, og takk til Trondheim kommune for gjestfri mottaking her i Erkebispegården.