Historisk arkiv

Frivillig virke ein bærebjelke i samfunnet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Artikkel LO-Aktuelt 31.01.05

Det er imponerande å sjå engasjementet hos nordmenn i etterkant av naturkatastrofen i Asia, skriver kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. (LO-aktuelt 31.01.05)

Frivillig virke ein bærebjelke i samfunnet

Frivillige organisasjonar melder om rekordstore gåveinntekter og folk stiller villig opp som frivillige. Det viser på mange måtar kor sterkt dei ulike frivillige organisasjonar står i samfunnet vårt. Dei nyt stor respekt for arbeidet dei utfører, og folk stolar også på at hjelpa når fram til dei som treng det mest.
Regjeringa ynskjar i aukande grad å leggja forholda tilrette for frivillig verksemd. Difor har Kultur- og kyrkjedepartementet fått eit koordinerande ansvar for frivillig arbeid frå 1. januar 2005. For fyrste gong får frivillig sektor ein eigen frivillighetsminister. Målet er å betra samordning av den statlege politikken for frivillig virke, og auka merksemda om verdien av frivillig arbeid.

Frivillig aktivitet er ei kraft regjeringa meiner er heilt nødvendig for å skapa eit godt samfunn. Vi ynskjer å byggja opp samfunnet nedanfrå gjennom familien, nærmiljø, lokalsamfunn og ikkje minst frivillig sektor. Ulike former for frivillig innsats er heilt sentrale for at samfunnet skal fungera.
Verken marknaden eller det offentlege klarer å løysa alle oppgåvene åleine. Frivillige organisasjonar og frivillige initiativ supplerar og utfyller det offentlege og marknaden. Frivillig virke skaper engasjement og aktiv deltaking, og deltakarane spelar ikkje berre ei mottakarrolle som kundar eller forbrukarar.
Frivillige organisasjonar er viktige i kraft av det arbeidet dei utfører. Mange av dei velferdsordningane som i dag vert drivne i offentleg regi, starta som frivillig aktivitet. Utan organisasjonane sin innsats ville ikkje velferdssamfunnet hatt den utforminga vi har i dag.

Organisasjonane er viktige som demokratiske aktørar. Dei utgjer eit vernande lag mellom staten og marknaden på den eine sida, og enkeltindivida på den andre.
Organisasjonane gir meiningsfylte og identitetsskapande fellesskap. Mange stader er det frivillige organisasjonar som skaper dei møteplassane som eksisterer utanom jobb og skule.

Frivillig virke kan og vera med på å bryta ned fordommar og skapa tillit i samfunnet. Framandfrykt stammar ofte frå mangel på kunnskap. Vi har mange eksempel på at frivillige initiativ har vore med på å bryta ned fordommar som igjen har endra lokalsamfunn.
Regjeringa vil stimulera til frivillig innsats gjennom å:
- sikra eit enklare frivillig-Noreg
- arbeida vidare med forslaget om eit frivillighetsregister
- lansera ein nettportal med informasjon om frivillige verksemd
- driva og etablere arenaer for dialog mellom staten og frivillige organisasjonar
- vidareføra og utvikla arbeidet med frivillighetssentralane

Frivillig virke er bærebjelkar i samfunnet, bidrar til eit samfunn med vekt på mangfald, og aukar livskvaliteten. Det har ein eigenverdi at folk ynskjer å gjera ein innsats for andre. Det at menneske gir av tida si og engasjementet sitt til andre eller ei sak dei brenn for er ein positiv verdi vi må støtta opp under!