Historisk arkiv

Frivillige organisasjonar — ein uvurderlig ressurs i kultur og samfunnsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Frivillige organisasjonar – ein uvurderlig ressurs i kultur og samfunnsliv


Nordisk konferanse om frivillige organisasjonar si rolle i arbeidet med å utvikla gode, trivelege og vel tilrettelagde lokalsamfunn i Noreg og Norden. Huseby gard, Skedsmokorset 10. juni 2005.

Kjære nordiske vener !

Det er ei stor glede for meg å møta dykk her på Husebymarkedet på ein konferanse som sett søkelys på verdien av frivillige organisasjonar i samfunnet. At fokus er sett på arbeidet med å utvikla gode og trivelege lokalsamfunn er veldig flott. Det er jo fyrst og fremst der den frivillige innsatsen skjer. Dei nordiske landa har både mykje til felles samstundes som vi er så ulike at det gir eit særleg godt grunnlag for erfaringsutveksling, nettverk og ikkje minst inspirasjon.

Sjølvsagt kjenner eg best til det norske organisasjonsarbeidet. Dei frivillige organisasjonane hos oss er knytt til norske kulturelle særtrekk. Organisasjonane har vakse fram gjennom ein historisk prosess knytt til industrialisering, sekularisering og endra familiemønster. Dette har skapt rom for eit sivilt samfunn mellom stat, familie og marknad.

Frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar og ulike foreningar har vore – og er – heilt sentrale for mangfald, livskvalitet, kultur, politikk og demokratiske haldningar. Frivillig innsats og dugnad er sterkt rotfesta i norsk kultur.

Ein mangfaldig og ulik frivillig innsats er av uvurderleg verdi for fellesskapet. Det kan vera gjennom innsats for idrettslag, hjelpekorps, ein lokal festival eller ei teatergruppe for å nemne noko av mangfaldet. Den enkelte får, med ein slik type innsats, både ein plass i lokalsamfunn, opplæring i organisasjonsarbeid og kunnskap om demokratiets spelereglar. Frivillig innsats og frivillige organisasjonar har difor ein eigenverdi. For samfunnet representerar frivillig innsats store verdiar.

Den frivillige innsatsen er svært viktig for samfunnet av fleire grunnar.

Fyrst og fremst er frivillige organisasjonar viktige i kraft av det arbeidet dei utfører innanfor dei ulike samfunnsområdene. Mange av dei velferdsordningane som i dag vert drivne i offentleg regi, starta som frivillig aktivitet. I mange lokalsamfunn er til dømes dei første eldrebustadane bygd av det lokale helselaget. Etterkvart har kommunane overtatt og bygd vidare. Utan innsatsen til dei frivillige organisasjonane ville ikkje velferdssamfunnet hatt den utforminga han har i dag.

Organisasjonane har òg ein viktig funksjon som sosiale møteplassar. Gjennom frivillig aktivitet samlar ein seg rundt ei felles sak og det oppstår sosiale band. Mange stader er det dei frivillige organisasjonane som skaper dei møteplassane som finst utanom jobb, skule og kyrkje.

Sosial kapital er eit begrep i forsking som ofte blir nytta for å beskriva ressursane som utviklar seg i eit område med eit rikt organisasjonsliv. Disse ressursane er knytt til sosiale omgangsformer, tillit, normer og sosiale nettverk. Der det over tid har blitt utvikla felles normer og samhaldskjensle, er det lettare å mobilisere ressursar for lokalsamfunnet i å møta felles utfordringar.

Vi veit noko om at store kulturarrangement er viktige for identitetskjensla til innbyggarane i eit område. Frivillig innsats har ei stor rolle i å skapa å utvikla kulturtilbod, og er difor ein viktig faktor i å få folk til å trivast.

Det har ein eigenverdi at folk ynskjer å gjera ein innsats for andre. Samvær og deltaking har stor verdi utover arbeidet for å nå organisasjonen sitt primære mål. Det at menneske gir av tida si og engasjementet sitt til andre eller ei sak dei brenn for er viktig for heile samfunnet, og difor noko styresmaktene må støtta opp under.

Frivillig innsats er eit prioritert område for regjeringa. Vi meiner frivillig innsats representerer ei kraft som er heilt nødvendig for å ta vare på vårt gode samfunn som er bygd opp nedanfrå gjennom familie, nærmiljø, lokalsamfunn og frivillig sektor. Korkje marknaden eller det offentlege klarar å løysa alle oppgåvene åleine, og det er heller ikkje meininga. Tradisjonen for at folk går saman når det er noko dei synes er viktig å få gjort noko med, organiserar seg for å nå felles mål, er ein verdi for heile samfunnet. Vi treng engasjerte og handlingsretta folk i alle lokalsamfunn.

Mange trur at det er mindre av frivillig virke i dag enn før, men frivillig virke er ei sterk livskraft som ikkje har gått av mote. Ei undersøking nyleg viste at talet på nordmenn som bidrar med frivillig arbeid har økt dei siste åra. For sju år sidan deltok 52 prosent av nordmenn med ubetalt innsats til frivillige organisasjonar i løpet av eit år - i fjor var talet auka til 59 prosent. Halvparten av alle vaksne og tre fjerdedelar av born og unge er med i frivillige organisasjonar og samanslutningar. Dette er imponerande og ein viktig ressurs vi ikkje klarer oss utan - verken som enkeltmenneske, organisasjon eller samfunn.

Frivillig sektor har dei siste 10 åra utvikla seg til eit omfattande tema for forsking i Noreg og i Norden. Her heime vart frivillig verksemd også handsama i den siste Makt – og demokratiutgreiinga. I utgreiinga vart det peika på at det sivile samfunnet er viktig av tre grunnar. For det første tilbyr organisasjonane til sosialt miljø, meining og felleskapskjensle for dei som deltar. For det andre er dei viktige i den demokratiske meiningsdannelse, og for det tredje gir dei viktige økonomisk støtte, ikkje minst gjennom omfattande ulønna frivillig innsats.

Eit anna av funna til Maktutgreiinga var at den tradisjonelle organisasjonsforma ikkje lenger er einerådande. Tradisjonelt har lokallaga vore basis for det frivillige arbeidet. Dette har gitt ei samanbinding av det enkelte individ i lokalsamfunnet og til storsamfunnet på ei og same tid gjennom den hierarkisike organisasjonsmodellen. Dette er i ferd med å endra seg.

Kva for organisasjonar som har størst oppslutning endrar seg og over tid.

Idrettslag og –foreiningar, friluftsorganisasjonar, kulturorganisasjonar og liknande er den organisasjonsgruppa som organiserer mest frivillig innsats. Over halvparten av alt organisasjonsarbeid skjer innan denne gruppa av organisasjonar. Som ei lita gruppe finn vi organisasjonar som utfører typiske velferdstenester, undervisnings-, forskings -, helse-, sosial- og omsorgstenester. Til saman utgjer dei om lag 10 prosent av alt frivillig organisasjonsarbeid.

Individualiseringa og avideologiseringa gjeld for frivillige organisasjonar på same måte som elles i samfunnet, og stiller dei overfor nye utfordringar. Dei frivillige organisasjonane møter desse utfordingane på ulike måtar. Organisasjonane tilbyr til dømes medlemskap som gir fordelar ved kjøp av bestemte varer og tenester. Andre organisasjonar styrkar og spissar organisasjonen sin visjon og bodskap.

Frivillighetssentralar er eit døme på det er blitt enklare å yte ein frivillig innsats i ein avgrensa periode. Eg er kjend med at det finns frivillighetssentralar i Danmark og Sverige, og i Finland har dei noko dei kallar ” Mormorskammare”. Eg reknar med at dei ulike modellane og erfaringane med frivillighetssentraler er noko de vil diskutera nærare i løpet av denne konferansen.

Frivilligsentralane har gjor det lettare for folk å engasjera seg i frivillige virke, og har rekruttert nye frivillige. Eg trur og at sentralane har tatt opp i seg noko av tidsånda når dei rekruttar frivillige. Har du ein time til overs ? Noko for deg ? Gleda er den betalinga du får ?

Frivilligsentralane blir det folka i sentralen gjer den til. Det er dei frivillige som er ressursane. Vi har nylig gitt tilskot til 11 nye sentralar, i tillegg har vi auka statstilskotet til sentralane med 10.000 kroner til 235.000. Vi vil arbeida vidare for at enda fleire frivilligsentralar kan opnas, det er mange lokalmiljø som er klare til å etablera slike sentralar.

Som minister for frivillig sektor, vil eg auka merksemda og verdien av frivillig verksemd i samfunnet. Eg trur at synleggjering om kva for ei kraft frivillig sektor representerar vil bidra til å auka forståinga og verdien av frivillig sektor.

Denne regjeringa prioriterar frivillig sektor, og er opptatt av å sikre gode vilkår for lokalt frivillig virke. For å betra samordninga av den statlege politikken har Kultur- og kyrkjedepartementet fått eit koordinerande ansvar for feltet frå 1. januar 2005. Målet vårt er å gjera det enklare å vere frivillig. Vi ynskjer ein sterkare koordinert innsats for frivillig sektor, og vi vil medverka til at frivillige organisasjonar lettare kan finna fram i departementssystemet. Framleis er det slik at det enkelte departement har eit sektoransvar for frivillig verksemd. Det er formålet og kriteria for dei statlege tilskotsordningane som avgjer kva for organisasjonar som mottar statlege tilskot. Tilskot til frivillige organisasjonar må sjåast i samanheng med dei sektorpolitiske måla dei er meint å realisera.

Politikarar og styresmakter kan vedta mykje, men vi kan ikkje vedta kva folk skal vera engasjerte og opptatt av. Men staten har ei oppgåve knytt til å leggje til rette for ein mangfaldig frivillig sektor. I dagens samfunn er det kanskje viktigare enn nokon gong å styrkja organisasjonane på deira eigne premissar slik at tilslutninga om frivillige organisasjonar og samanslutningar utviklar seg og inkluderar endå fleire i samfunnet enn det dei gjer i dag. Det er ei kjend sak at mellom anna innvandrarar har ei låg deltaking i det vi reknar for det tradisjonelle organisasjonslivet.

Vi ynskjer og at ein større del av dei offentlege midlane til frivillig sektor skal vera driftsmidlar framfor prosjektstøtte. Grunngjevinga er at det er viktig at det offentlege ikkje styrer for mykje, men gjer frivillig sektor rom til å styra seg sjølv. Staten si oppgåve først og fremst å leggje til rette - utforminga av verksemda bør medlemene sjølv ta hand om.

Ei av dei viktigaste reformene for frivillige organisasjonar er auken i skattefrådraget for gåver. I år auka vi frådraget til 12.000 kr. Dette er ei ordning som blir brukt av mange, og sikrar organisasjonane tilgang på frie inntekter.

Dette er ei historisk satsing på frivillig verksemd. Ordninga har vore ein stor suksess. Fleire gir og dei gir meir enn før.

Kjære nordiske vener, eg ynskjer dykk lukke til med konferansen. Heilt til slutt vil eg syna fram den nye nettsida med informasjon om frivillig sektor som KKD har laga. Formålet er å gjera det enklare for organisasjonar og andre med interesse for frivillig verksemd å finna fram i ulike ordningar.