Historisk arkiv

Gjenåpning av Tou Scene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Stavanger 29. april 2005

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Gjenopning av Tou Scene

Stavanger 29. april 2005

Gode vener av Tou Scene!

Kunsten og kulturlivet krev gode fysiske rammer både for produksjon og i møte med publikum. Det er derfor ei glede for meg å få gjenopna dette kunstsenteret. Tou Scene er eit utradisjonelt senter med fleire av elementa som er framheva i kulturmeldinga. Det er ein fleksibel spelestad for scenekunst og ein ny type formidlingsarena for kunst. Tou Scene er og eit døme på kva som kan skje når kulturlivets og næringslivets kompetanse møtes.

For eit par tiår sidan ble det snakka mykje om det postindustrielle og det postmoderne samfunnet. At tidlegare fabrikkbygningar som Tou Bryggeri blir tatt i bruk til kunst, viser at nye behov kan finne rom i eksisterande bygg som opphaveleg var tenkt til andre formål. Når ein gedigen kraftstasjonsbygning kan nyttast til kunstgalleri, som Tate Modern i London, viser det at endringar kan kombinerast med at ein tar vare på det som har mista sin funksjon. Tou Scene har her klart å tilpassa eit industrilokale til kunstsenter og samtidig tatt vare på minnet om industrilokalet. Dette har arkitekten Helen og Hard AS og byggeleiinga med Tou næringspark og byggeleiar Varde byggadministrasjon klart fordi målsettinga var å ta vare på byggets særpreg og berre nytta pengar på nødvendige tiltak.

Rehabilitering av dei 2000 kvadratmeterane har omfatta istandsetting av tak, vindauge og fasade, nytt ventilasjonsanlegg, nye toalett, nytt elektrisk anlegg og røropplegg. Ny kafé er òg passa inn. Det meste er finansiert med tilskot frå Stavanger kommune. I tillegg har Rogaland fylkeskommune, Norsk kulturråd og Kultur- og kyrkjedepartementet gitt støtte.

Nokre av oss skulle nok håpa på at transformering av bryggeribygningar til kunstsenter, slik vi ser det her i Stavanger, tyder på at behovet for brygging av øl har vorte erstatta med behovet for produksjon og vising av kunst. Statistikken viser at behovet for kunst er aukande, men ølkonsumet er framleis høgt. Kanskje for høgt.

Omdanninga av Tou Bryggeri til eit kunstsenter seier oss at vi bur i eit samfunn som i større grad treng kulturbaserte næringar. Desse næringane har i dei seinaste åra fått meir og meir plass i næringslivet. Men også dei andre delane av næringslivet etterspør verdiar som ein finn innanfor kulturlivet, så som kreativitet, iderikdom og omstillingsevne. Samarbeidet ein her i Stavanger har fått til mellom kunstnarar, grunneigarar og investorar viser at Tou Scene AS har føresetnader for eit godt samarbeid mellom kultur og næring.

Norsk kulturråd har støtta rehabiliteringa av Tou Scene, og det passer godt med Kulturrådets prioritering av uavhengige produksjonar og nye uttrykk og medier. Kulturrådet har også støtta aktiviteten i ombyggingsperioden.

Fleksibiliteten ein har lagt vekt på her, passar for den uetablerte, eksperimentelle og unge kunsten. Denne delen av kunstlivet er eit alternativ, men også eit supplement til dei etablerte kustinstitusjonane. Derfor er det godt å lesa at teatersjefen for Rogaland Teater synes at det som skjer på Tou Scene, er fantastisk.

Eg er sikker på at Tou Scene vil ha mykje å seia for utviklinga av kunstlivet i Stavanger. Men kunstsenteret vil også få verknader ut over Stavangerregionen. Tou Scene vil vera eit knutepunkt i eit landsomfattande nettverk for scenekunst, musikk og biletkunst. Senteret tar også sikte på å gje rom for internasjonale kunstnarar og er knyta opp mot nettverket av europeiske kunstfabrikkar.

Takk til dykk alle for godt arbeid så langt, og lukke til med framtida.

Med dette erklærer eg Tou Scene for gjenopna!