Historisk arkiv

Helsing til Nasjonalmuseet for kunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Ved markeringa av at museet tar i bruk Kristian Augusts gate 23, Oslo 28.april 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Helsing til Nasjonalmuseet for kunst

Ved markeringa av at museet tar i bruk Kristian Augusts gate 23, Oslo 28.april 2005.

Kjære alle tilsette ved Nasjonalmuseet, Riksutstillingar og Utsmykkingsfondet!

Først vil eg gratulera med at de no er samla under eitt tak her i Kristian Augusts gate 23. Dette markerer det første verkelege steget på vegen til ei samling av storparten av Nasjonalmuseet i Tullinløkka-området. No kan de som tilsette ved Nasjonalmuseet få eit betre grunnlag for å samhandla som eitt personale innanfor ein og same institusjon. Saman med Utsmykkingsfondet formar de eit kraftsenter innanfor visuell kunst.

Frå ideen om å ta i bruk Kristian August-kvartalet til beste for Nasjonalmuseet vart lansert, har det tatt tre år til de no kan flytta inn. Det illustrerer at i slike prosjekt som Nasjonalmuseet er det nødvendig å vera budd på langsiktige perspektiv. Eg veit at de gjerne hadde sett at ting skjedde litt raskare, m.a. når det gjeld nybygg. Då skal de vita at i departementet har nybyggsaka til Nasjonalmuseet høgste prioritet. Vi arbeider for at det i løpet av 2005 skal haldast plan- og designkonkurranse. Det vil krevja eit godt samarbeid mellom alle partar som er involverte i denne saka. Eg ser på det som no skjer ute på Tullinløkka, som både ein reell og symbolsk start på ein prosess som skal gi Nasjonalmuseet det nybygget som de fortener. I jubileumsåret 2005 okkuperer biletkunsten Tullinløkka for all framtid!

Det har blåst kraftig kring Nasjonalmuseet i det siste, og vi har merka nokre stormkast heilt borte hos oss i Kulturdepartementet. Ein tidlegare kulturminister etterlyser den sterke staten som kan gripa direkte inn i det som går for seg i Nasjonalmuseet. Slik var det før - då måtte direktøren for Nasjonalgalleriet ha førehandsgodkjenning i departementet kvar gong han skulle på reise. Departementet detaljregulerte. Kanskje meiner enkelte at departementet også skulle kunna gripa inn i dei faglege vurderingane som institusjonen gjer. Det ville i så fall vera eit brot med eit viktig prinsipp i kulturpolitikken, nemleg at det skal vera full fagleg fridom i kulturinstitusjonane. Den same kritikaren hevdar gang på gang at biblioteket er stengt. Han har ikkje fått med seg at biblioteket i Nasjonalmuseet – den viktigaste bibliotekressursen innanfor visuell kunst – vil få betre forhold her i Kristian Augusts gate og meir enn nokon gong kunna vera eit aktivum for eit kunstinteressert publikum. Når den verbale krutrøyken har lagt seg litt, vil ein sjå at debatten dei seinaste månadene på ein illustrerande måte har vist at Nasjonalmuseet treng mykje meir plass, der dei kan stilla ut dei rike samlingane sine. Det er det viktigaste perspektivet for departementet akkurat no.

Til slutt nokre ord om den prosessen som de alle er midt inne i – anten de har vore med sidan starten 1. juli 2003 eller kjem inn som nye frå Riksutstillingar. Vi har stor forståing for at slike prosessar til tider kan opplevast litt uoversiktlege og tunge. Men de skal vita at de har stor støtte i departementet for det arbeidet som de utfører. Vi ser på innflyttinga i Kristian Augusts gate 23 som den første synlege starten på ei framtid der alle aktivitetane i Nasjonalmuseet skal kunna få dei bygningsmessige rammevilkåra som institusjonen og de som er tilsette, fortener.

Til lukke med nye lokale, eg ønskjer alt godt for arbeidet med spennande oppgåver!