Historisk arkiv

Helsing ved konsert av Bergen Filharmoniske orkester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur-og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland, Bergen, Griehallen 13.oktober 2005.

Helsing ved konsert av Bergen Filharmoniske orkester

Kultur-og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland, Bergen, Griehallen 13.oktober 2005.

Kjære orkesterleiar, kjære orkestermedlemer og kjære publikum

No er det 240 år sidan ein liten gjeng musikkentusiastar etablerte Det musicalske selskab i Bergen, for å konsertera for og med kvarandre. Det vesle ”husorkestret” har sidan 1765 vakse til eit moderne og tradisjonsrikt symfoniorkester med stadig nye triumfar heime og ute. Seinast i haust har ”Harmonien” fått strålande kritikkar, også internasjonalt, av si nyinnspeling og nytolking av Grieg.

Slike tonar frå musikkmeldarar likar vi sjølvsagt også godt å høyre. Men slik suksess er ikkje noko som kjem av seg sjølv. At ”øving gjer meister” betyr ikkje at ein kan slutta å øva når meisterskapen er sikra. Tvert om: Kvar meisterleg utført konsert og gjennomført innspeling er også ei øving til noko endå betre.

Å byggja opp solid infrastruktur for god kunst og kultur tar tid. Om ikkje nett 240 år, så gjerne fleire tiår. Og det vi investerar i nettverk for gode opplevingar innan kunst og kultur på eitt felt, kan vi få tifold tilbake på eit heilt anna område. Dei neste tiåra vil Bergen kunne byggja vidare ikkje berre på eit symfoniorkester og festspela som så sterkt er knytta til Harmonien si historie, men også ei nasjonal teaterscene, eit ensemble for samtidsdans og operaverksemd.

Opera bind musikk og drama saman på ein unik måte, og det vi bygg opp av støtteapparat ein stad får ringverknader fleire andre stader. Talentar frå heile landet, også frå Bergen, må utviklast for å fylle nye scener for musikk, drama, dans og opera i fleire store norske byer. Og omvendt, vi må etablera nye arenaer for scenekunst nettopp for å kunne utnytta og utvikla kunstnariske anlegg og interesser hos born og unge.

Det er med stor glede vi ser Bergen Filharmoniske Orkester bidra til eit slikt nasjonalt kulturløft, mellom anna i samarbeid med Bergen Unge Kammerorkester og Bergen Kulturskole. Med konsertar i Førde og på Husnes – i tillegg til eit tettpakka program i Bergen, som jamleg toppast med turnear i utlandet – får også andre musikkinteresserte på vestlandet betre tilgang til utøvande kunst.

Samtidig har orkestret hatt ei klart stigande kunstnarisk kurve den siste tida, ikkje minst under noverande leiar Andrew Litton, som alt har gitt orkestret eit vesentleg løft. Vi har også store forventningar til den vidare utviklinga i orkestret under Litton sitt inspirerande leiarskap. Også Kultur- og kyrkjedepartementet har betydelege ambisjonar på vegne av orkestret, og ser at det er nødvendig å betra dei økonomiske vilkåra for Harmonien for å støtta opp under ei slik utvikling. Derfor ga vi i Kulturmeldinga klare signaler om at orkestret skal opp i bemanning. Dette fylgjer vi no opp i det statsbudsjettet som regjeringa legg fram i morgon, gjennom ei auke av driftstilskotet på nær 4,5 millionar kroner. Det vil sjølvsagt vera opp til orkestret sjølv korleis desse midlane skal nyttast, men uansett vil dette kunne gi rom for ei ikkje uvesentleg styrking av talet på musikarar i orkestret.

Det er såleis på vegne av mange at eg no avsluttar med å takka for invitasjonen, og for 240 år med musikalsk innsats for byen og landet. Det er ein takk til orkestermedlemane, orkesterleiaren og publikum her i kveld, men også ein takk til alle dei som gjennom tidene har gjort denne jubileumsfesten mogleg. Gratulerer, og lukke til med nye meisterlege øvingar i åra som kjem!