Historisk arkiv

Hilsen ved skandinavisk pastoralkonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Skandinavisk pastoralkonferanse ved 100-årsmarkering av unionsoppløysinga mellom Sverige og Norge, 8. juni 2005, Margaretakyrkjan i Oslo

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Hilsen ved skandinavisk pastoralkonferanse


Skandinavisk pastoralkonferanse ved 100-årsmarkering av unionsoppløysinga mellom Sverige og Norge, 8. juni 2005, Margaretakyrkjan i Oslo

Gode prestar frå Skandinavia.

Vi høyrer saman, - og vi set pris på kvarandre.

"Skandinavia" skriv sosiologar og religionssosiologar som om dei skandinaviske landa er ein einsarta storleik. Det blir like så overflatisk som å skildra søsken som om dei var einebarn. Vi kan vel sjå like ut ved første augekast, – og mykje er vi felles om både historisk og demografisk, organisatorisk og kulturelt. "Tvillingfolka" vart det sagt om Noreg og Danmark da vi var i union. "Brorfolka" sa Kong Oscar den II når han omtalte dei to folka sine. Og søskenfolk er vi, for som søsken har felles morsmål og bakgrunn, har vi i Skandinavia felles historie og kultur, og med litt strev forstår vi språket til kvarandre. Men som søsken er vi også ulike.

Også kyrkjene våre er søsken, søsterkyrkjer, der mykje er likt og likevel ganske ulikt når vi ser nærare etter. Alle er vi lutherske folkekyrkjer, med røter i tysk og europeisk kultur og tradisjon, med kjærleik til Martin Luther og med dei same vedkjenningsskrifta. Men vi har valt å utvikla ulike levekår. Tilhøvet til staten er ulikt, kyrkjeordninga er ulik, presteutdanningane er ulike. Sokneråda sine oppgåver og prioriteringar er ulike. Desse skilnadene er ikkje trugande, men dei er kjelder til kunnskap og inspirasjon.

Interessant for oss i Noreg no er den Svenske kyrkja si nye ordning, med det nylege skilje mellom stat og kyrkje. Vår regjering har sett ned eit offentleg utval for å greia ut om kyrkjeordninga i Noreg. Utgreiinga skal vera ferdig i 2005 og skal gi grunnlag for å avgjera om vi skal vidareføra, reformera eller avvikla statskyrkjeordninga. Sjølv har eg ikkje gjort meg opp ei sikker meining om kva utvikling eg vil arbeida for når det gjeld Den norske kyrkja. Det er òg difor vi må ha ei grundig utgreiing kor vi mellom anna følgjer med på korleis dei ordningane Sverige har valt, fungerer.
I samband med den nemnte utgreiinga arbeider vi i Noreg òg med kyrkjeforståinga. Av Den danske folkekyrkja har vi lært at det er folkekyrkje vi vil vera, men enda står det nok igjen ein god del før vi har presisert kva det betyr å vera folkekyrkje på norsk, i vår eigen kontekst.

Denne regjeringa har fronta ei sak som har blitt til stor inspirasjon i Den norske kyrkja. Denne saka vil eg bruka til å peika på noko vi kanskje kan inspirera kyrkjene i Danmark og Sverige med: Trusopplæring. Frå gammalt låg mykje av denne opplæringa i skulen. I ei fleirkulturell utvikling ser vi at skulen si oppgåve på det religiøse området ikkje lenger kan vera å gi kyrkjeleg opplæring til tru, men å støtta den enkelte heimen i den trua foreldra vel for bårna. Det fører med seg at opplæringa i skolen må vera kunnskapsopplæring om tru, mens ansvaret for opplæring til tru må liggja i heimane og trussamfunna. Derfor reformerer Den norske kyrkja trusopplæringa si både organisatorisk og innhaldsmessig for alle døypte frå 0 til 18 år. Eit stort fleirtall på Stortinget slutta seg i 2003 til regjeringa sitt forslag om dette, med ei forventa kostnadsramme på 250 millionar når ordninga er fullt utbygd om 5-10 år. Dette medfører at andre trus- og livssynssamfunn får tilsvarande økonomisk støtte per medlem. Vi trur at vi på denne måten bidrar til utviklinga av folkekyrkja i ei ny tid. Samstundes er det viktig for meg at det òg inneber eit grunnlag for dialog og forståing. Eit tolerant samfunn krev god innsikt i eiga tru og erfaring frå eigen religiøs identitet. I år feirar vi at vi i 1905 var ein sjølvstendig nasjon fri frå unionen med Sverige.

Presteforeininga har i denne samanhengen valt å halda ein konferanse som søker å sjå kva det siste hundreåret har gjort med presten. Det har skjedd mykje med presterolla i desse 100 åra, og dei tydeligaste endringane ser vi på kvinnen si teneste i kyrkja – og som prestar. I Skandinavia ligg vi på verdstoppen når det gjeld likestilling. Da eg i fjor hadde gleda av å vera på besøk i Kyrkjenes Verdsråd, Det Lutherske Verdsforbundet og Konferansen for Europeiske Kyrkjer i Genève, vart det veldig klart for meg at dette også gjeld i kyrkjene våre. Å likestilla menn og kvinner er eit omfattande mål, som fører med seg omfattande utviklingskomponentar. Likestilling tar tid og kostar innsats og vilje og evne til endring. Kvinner i presteyrket og likestillinga i samfunnet generelt har endra presterolla og set nye krav til utdanninga og rammevilkåra for tenesta. Andre kyrkjer verda over har og vil framleis få nytte av erfaringane her i Skandinavia.

Til slutt vil eg nemna ei felles utfordring for arbeidet med presteyrket og presterolla: Å skapa ei presterolle som rekrutterer nye generasjonar inn i yrket. Ikkje alltid ser ein den sida av det arbeidet ein står i når ein til kvardags er heftig opptatt med å få hjula til å gå rundt. Ein håpa at det skjer av seg sjølv, at tida tvingar fram rekrutterande tiltak og regelverk. Men i Noreg har vi sett rekruttering på kartet – og vi har lært ein del av dykk i Sverige. 1Kyrkja sitt rekrutteringsprosjekt (avslutta i mars) var i Uppsala og lærte om nettsider og deltaking på utdanningsmesser for ungdom. I det arbeidet vi no gjer med organiseringa av prestetenesta, har vi òg rekrutteringa av nye prestar i tankane.

Til slutt vil eg gjerne takka søsterkyrkjene våre.

Kjære søsterkyrkjer:

Vi har nettopp feira pinse. I Kvinnherad si 750 års gamle kyrkje, i vakre Rosendal der eg var 1. pinsedag, var to av salmane vi song grundtvigsalmar. Korleis skulle vi ha feira pinse i Noreg utan den salmeskatten som danskane har gitt oss? Og korleis ville det ha vore å vera med i Porvoo-familien utan Den svenske kyrkja?

Takk for at vi får stå i eit fellesskap der vi får dela med kvarandre det beste vi har av trus-uttrykk, kunst og kultur.

Lukke til med konferansen!