Konferanse om frivillig sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Innlegg på Frivillighetskonferansen, Folkets hus i Oslo, 31.mai 2005.
Tale/innlegg | Dato: 31.05.2005
Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Konferanse om frivillig sektor
Innlegg på Frivillighetskonferansen, Folkets hus i Oslo, 31. mai 2005.
Kjære alle saman !
Velkommen til ein konferanse som fullt og heilt handlar om frivillig sektor. Eg har sett fram til denne dagen fordi det er viktig for meg som minister for frivillig sektor å møta dykk. Skal departementet gjera ein god jobb i høve til frivillig sektor må vi ha møteplassar der vi kan ta opp sentrale spørsmål knytt til sektoren. Dagens konferanse er ein viktig arena der vi fyrst og fremst har invitert frivillige organisasjonar med det mangfaldet sektoren representerar.
Konferansen set fokus på framtid, trendar og utfordringar. For å seia noko meiningsfullt om utfordringar må vi vita kor frivillig sektor står i dag, kva som er drivkreftene i sektoren og kva staten gjer for å tilretteleggja for frivillig sektor. Vi har lagt opp til å belysa frivillig sektor frå sektoren sjølv, frå forskinga og styresmaktene sin ståstad.
Denne regjeringa prioriterar frivillig sektor. For å betra samordninga av den statlege politikken har Kultur- og kyrkjedepartementet fått eit koordinerande ansvar for feltet frå 1. januar 2005. Målet vårt er å gjera det enklare å vere frivillig. Vi ynskjer ein sterkare koordinert innsats for frivillig sektor, og vi vil vera ei hjelp slik at organisasjonar lettare kan finna fram i departementssystemet.
Framleis er det slik at det enkelte departement har eit sektoransvar for frivillig verksemd. Det er formålet og kriteria for dei statlege tilskotsordningane som avgjer kva for organisasjonar som mottar statlege tilskot. Tilskot til frivillige organisasjonar må sjåast i samanheng med dei sektorpolitiske måla dei er meint å realisera. Mange av dei frivillige organisasjonane har spelt ei viktig rolle i utviklinga av det norske velferdssamfunnet på ulike område. Ikkje minst innan helse- og omsorg. Sektortilhørsle har difor gitt organisasjonane status som verdifulle samarbeidspartar til offentlege styresmakter. Organisasjonane spelar framleis ei viktig rolle i fremming av ulike interesser og som eit korrektiv til statleg politikk på dei ulike sektorane.
Frå januar 2005 er ansvaret for momskompensasjonsordninga overført til Kultur- og kyrkjedepartementet. Under Stortingets handsaming av 2005 budsjettet ba Stortinget regjeringa om å koma tilbake i revidert nasjonalbudsjett med eventuelle forslag som sikrar at intensjonane med ordninga blir ivaretatt. Departementet fikk eit tosidig oppdrag. Vi skulle sjå på erfaringane med ordninga, og på korleis ordninga kan utformast for å ta vare på intensjonane med ordninga. Eit mål har vore å koma fram til ei ordning som de oppfattar som rettferdig. For å få ei best mogeleg ordning i tråd med organisasjonane sine behov inviterte departementet ulike representantar til å koma med innspel på korleis ordninga skulle utformast. Av tidsmessige årsaker la vi vekt på å få til ei ordning som skulle gjelda tildelinga for 2004 og 2005, og deretter sjå på utforming av ei varig ordning. FriNor har kome med konstruktivt forslag som vi i hovudsak har fulgt . Det er ei ordning med to spor, det vil seia ei ordning som omfattar både ei dokumentasjonsordning og ei sjablongordning. Den enkelte organisasjonen må sjølv velja eit av dei to spora når dei skal søkja. Dersom løyvinga ikkje rekk til full kompensasjon, vil den prosentvise avkortinga vera lik for alle organisasjonane, uavhengig av kva spor dei har valt.
Erfaringane frå samarbeidet med FriNor er positive, og lovar godt for eit framtidig samarbeid.
I revidert nasjonalbudsjett for 2005 har vi beskrive korleis ordninga har fungert så langt. Det er også lagt fram eit forslag for 2004 og 2005, og kven som skal administrera ordninga. I tillegg har regjeringa omtalt arbeidet med ei varig ordning og foreslått ei tilleggsløyving.
Departementet har valt å leggja administreringa av ordninga til Lotteri – og stiftelsestilsynet. Ordninga med ein fordelingskommisjon blir ikkje vidareført, men vi vil oppretta ei referansegruppe med representantar frå frivillig sektor. Lotterinemnda blir klageinstans på same måte som ho er klageinstans for saker etter lotterilova.
Regjeringa vil auka løyvinga for kompensasjonen for 2004 med 30 mill. kr. Hensikten er å unngå ei sterk avkorting i høve til organisasjonane sine faktiske meirutgifter på grunn av reforma. I tillegg har vi foreslått ei løyving på 16,5 mill kr for delvis å retta opp kompensasjon frå 2003. Dei organisasjonane som kan søkja ekstra tildeling for 2003 blir direkte invitert til å søkja.
Stortinget skal etter planen handsama revidert budsjett 17. juni. Lotteri- og stiftelsestilsynet er i full gang med å førebu gjennomføringa av søknadsprosessen.
Departementet har invitert interesserte organisasjonar til høyringsmøte etter dette møtet. Vi ynskjer gode forslag til retningslinjer for fordeling av midlar for 2004 til momskompensasjonsordninga.
Eit register for frivillig sektor er mange av dykk opptatt av. Det er vi og. Vi meiner at det er ei ordning som må sjåast i samanheng med ei varig ordning for momskompensasjonsordninga – og har omtalt dette i revidert nasjonal budsjett.
Fordi de har stort engasjement i denne saka, vil vi ha med dei frivillige organisasjonane både i arbeidet med ei varig ordning og med å utreda eit register. Det er komme fram mange ynskjer om kva eit slikt register skal vera, og utredninga må avklara korleis dette kan løysast i praksis. Ynskjemålet er å få til ei ordning som kan forenkla dei administrative oppgåvene for frivillig sektor og for dei offentlige aktørane på området. Eg ser for meg at det kan bli fleire kompliserte spørsmål som må utgreiast –sjølv om vi altså vil gjera det enklare. Førebuingane til arbeidet er i full gang i departementet, og eg reknar med å komme tilbake til dykk med noko meir konkret før sommarferien.
Då eg vart minister for frivillig sektor, fekk eg óg overførd ordninga med frivilligheitssentralar frå Arbeids - og sosialdepartementet.
Frivilligheitssentralane har gjort det lettare for folk å engasjera seg i frivillige virke, og har rekruttert nye frivillige. Dei vel 250 frivilligheitssentralane i Noreg er mangfaldige og viktige møteplassar for frivillig innsats, deltaking og tilhøyrsle i nærmiljøet.
Denne veka vil vi offentleggjera 11 nye sentralar som får tilskot. Vi auka i 2005 statstilskotet til dei etablerte sentralane med 10.000 kroner, til 235.000. Vi vil arbeida vidare for at endå fleire frivilligheitssentralar kan opnas – det er mange lokalmiljø som er klare.
Regjeringa har vedtatt å skilja den interessepolitiske delen av aktiviteten til organisasjonane ut frå statsforvaltninga . Organisasjonane sitt interessepolitiske arbeid - dette som har med nettverksbygging og erfaringsutveksling å gjera, må organisasjonane sjølve ta hand om. Fordi vi vil medverka til å utvikla arenaer for dialog mellom staten og frivillige organisasjonar har vi løyvt eit tilskot på 1.4 millionar kroner. Sekretariatet for organisasjonane sin interessepolitiske arbeid skal medvirke til at dei frivillige organisasjonane skal ha eit samarbeidsorgan.
Eit nytt interessepolitisk organ, FriNor er allereie på beina, og eg ser fram til å høyra meir frå dei i dag .
Som eit ledd i å sikra eit enklare frivillig – Noreg har vi oppretta eit statssekretærutval knytt til Kultur- og kyrkjedepartementet. Statssekretærutvalet skal mellom anna vurdera ulike tiltak for å forenkla dei administrative prosedyrane mellom styresmaktene og dei frivillige organisasjonane på tilskotsområdet. Det har vist seg vanskeleg å finna fram til eit einsarta regelverk for tilskot til alle - til det er organisasjonane for ulike, og det er jo bra! Vi vil difor måtte starta med nokre tilskotsordningar. Her vil vi og utfordra dykk til å koma med konkrete eksemplar på ordningar som kan gjerast enklare. Statssekretærutvalet blir ein arena for ulike diskusjonar på tvers av departementa – og ein møteplass med representantar for frivillig sektor.
Eg veit at mange av dykk er opptatt av å skaffa meir inntekter til arbeidet de driv. Eg er difor stolt over at regjeringa har auka skattefrådraget for gåver til frivillige organisasjonar er auka til 12 000 kroner. Dette er ei ordning som blir brukt av mange, og sikrar organisasjonane tilgang på frie inntekter. KrF har programfesta å auke frådraget vidare til 18 000 kroner i neste periode.
Det vil vi kjempa for!
Så til ei sak vi har jobba mykje med:
Mange frivillige lag og organisasjonar er opptatt av kva som skjer med dagens gevinstautomatar. Automatane er ei vikteg inntektskjelde for mange. På den eine sida gjer dei kjærkomne inntekter. På den andre sida har dei mange uheldige konsekvensar. Som de er kjend med, vedtok Stortinget i 2003 at dagens automatar skulle fjernast frå 1. januar 2005. Automatoperatørane har gått til sak mot staten og hevdar at Stortinget sitt vedtak er i strid med EØS-avtalen. Etter ei midlertidig rettsleg avgjerd frå lagmannsretten i november i 2004 er det vedtatt at disse automatane skal stå oppstilt også ut 2005. Noverande gevinstautomatar omsatte i 2004 for 26 mrd kroner. Etter gevinstutbetalinga til spelarane blir overskuddet på ca 5 mrd kroner delt mellom frivillige verksemder, dei private operatørane og lokalinnehaverane. Organisasjonane fekk ca 2 mrd kr mens ca 3 mrd gikk til drift og oppstilling.
Dagens automatdrift har ført til sterk auke i problem der folk blir avhengige. 80-90% av dei som ringer hjelpetelefonen har spørsmål om problem med automatar. Det blir anslått at om lag 50 000 personar har speleproblemer i dag. Automatane er den klart største årsaka. Difor er det lagt opp til at Norsk Tipping skal ha ansvar for automatdrifta. Dei nye automatane vil vera mykje meir moderate enn dagens variantar. Omsetninga må ein rekna med vil bli redusert til under ¼ av dagens nivå. Overskotet til dei frivillige organisasjonane redusert til om lag det halve av dagens nivå (ca 1 mrd kr).
Eg vil oppmoda dei organisasjonane som har automatinntekter i dag om å gjera avsetningar på ”bok” slik at dei tåle ei vesentleg framtidig nedgang i inntektene.
Borgarting lagmannsrett tar automatsaka opp til full behandling i juni 2005. Dom i saka kjem sannsynlegvis i løpet av sommaren. Når dom er falt vil KKD komma tilbake til den vidare oppfølginga av gevinstautomatane.
Ei spørreundersøking innhenta av Norsk Tipping frå Norstat no i mai syner at om lag 80 % av dei spurde meiner automatane har litt eller svært negative konsekvensar for samfunnet. 38 % svarte at dei kjente nokon som dei visste eller trudde var speleavhengige. 75 % var også heilt eller delvis einig i at pengespel bør drivast under streng statleg kontroll. Utviklinga dei siste åra støtter sterk opp under dei vedtak Regjering og Storting har fatta om dette.
Ei av utfordringane for meg som minister for frivillig sektor, er å auka merksemda og verdien av frivillig verksemd i samfunnet. Eg trur at synleggjering om kva for ei kraft frivillig sektor representerar vil bidra til å auka forståinga og verdien av frivillig sektor. Over halvparten av befolkninga er aktive og engasjerte i frivillig sektor. Det er ei oppslutning om sektoren som andre berre kan drøyma om.
Frivillig verksemd gir oss mykje som enkeltpersonar og samfunn. Organisasjonane gir meiningsfylte og identitetsskapande fellesskap. Mange stader er det frivillige organisasjonar som skaper dei møteplassane som eksisterer utanom jobb og skule. Det er ein eigenverdi at folk ynskjer å gjera ein innsats for fellesskapet og for andre. Det at menneske gir av tida si og engasjementet sitt til ei sak dei brenn for er ein positiv verdi vi må støtta opp under!
Politikarar og styresmakter kan vedta mykje, men vi kan ikkje vedta kva folk skal vera engasjerte og opptatt av. Når vi skal sjå framover er det kanskje viktigare enn nokon gong å styrkja organisasjonane på deira eigne premissar slik at tilslutning om frivillige organisasjonar og samanslutningar utviklar seg og inkluderar endå fleire i samfunnet enn det dei gjer i dag.
Det er ei kjend sak at mellom anna innvandrera har ei låg deltaking i det vi reknar for det tradisjonelle organisasjonslivet. Eg vonar at noko tar tak i denne utfordringa i løpet av dagen.
Kjære organisasjonsfolk, eg ser fram til å lytta og ha ein dialog om frivillig virke med dykk her i dag.