Historisk arkiv

Lansering av fjerde utgåve av Store Norske Leksikon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Gamle Logen,Oslo. 11.januar 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Lansering av Store Norske Leksikon

Tale ved lanseringen av fjerde utgåve, Gamle Logen Oslo, tysdag 11. januar 2005.

Kjære leksikonvenner,

Kjære forlagsdirektørar!

Det er ei stor glede for meg å helsa velkommen ei ny utgåve av Store Norske Leksikon. Det er ei stor hending kvantitativt sett, fordi vi våren 2007 vil ha seksten nye, store bind i hyllene. Men det er sjølvsagt innhaldet som er det vesentlege.

Eit leksikon av eit slikt omfang er ei storhending i norsk kultur- og åndsliv, og viser ikkje minst at landet fostrar ein livskraftig intellektuell tradisjon. Rett nok er leksikontradisjonen i Noreg nokså ung, likevel er det få land som har ein like sterk leksikontradisjon som vår. Nordmenn er av dei folk i verda som nyttar leksikon mest. Men i dag er det ikkje fortida vi skal stansa ved. I dag vender vi blikket framover.

Ei ny utgåve av Store Norske Leksikon er spesielt viktig i ei tid prega av otte for framtida for norsk språk. Skal eit språk halde seg livskraftig, må det dekkje alle livsområde. Vi må saman arbeida for at språket vårt ikkje smuldrar opp ved tap av språkdoméne. At norske fagfolk saman med Kunnskapsforlaget igjen maktar å laga eit fulldekkande leksikon, viser at norsk fagtradisjon er bevisst på formidlingsansvaret sitt. Språkpolitisk sett er ei ny utgåve av Store Norske Leksikon ein sann manifestasjon av eit levande språk, som vil medverka til å styrkja norsk språk i lang tid framover.

Eit leksikon med eit slikt omfang og med ein slik kvalitet er også eit vitnesbyrd om intellektuell vilje, og det har ein kulturell verknad. Ord på trykk grip og held fast, men gir seg også over til andre, på andre stader og til andre tider. Eit leksikon er som ein portal, der vi i breitt format viser kva vi veit, men også korleis vi forstår oss sjølve. Tidene skifter, og oppfatningane med dei, difor treng vi nye utgåver i ein levande tradisjon av kunnskaps- og kulturutvikling. Denne nye utgåva av Store Norske Leksikon er såleis av brei kulturell verdi i vår globale tidsalder.

Eg brukte uttrykket ‘vår globale tidsalder’. Det er ei tid ikkje minst prega av Internett. Det eg har sagt om styrking av norsk språk og kunnskaps- og kulturformidling får ytterlegare rekkevidd ved at leksikonet også ligg føre og vert oppdatert elektronisk. Det finst ufattelege mengder informasjon tilgjengeleg på Internett, men seriøse leksika står i ei særstilling ved å tilby kvalitetssikra, redigert innhald. For skuleborn og andre i ein utdanningssituasjon og for den kritiske samfunnsengasjerte er tilgang til påliteleg elektronisk innhald heilt avgjerande.

Men om det er slik, vil enkelte seia, treng vi då leksikonet på papir? Ja visst! Leksikonet i papirformat gir ein tryggleik for at kunnskapen er kvalitetssikra og redigert av fagpersonar.

Eg er sikker på at mange har erfart at ein kvalitetssikra leksikonartikkel er meir praktisk enn ein rekke internettreff av varierande kvalitet.

Eit søk på ”John Kennedy” på ei av søkemotorane på Internett (Yahoo.com) gir 1.760.000 treff. Då kan det vere greit at noken har gjort redigeringsjobben for deg.

Eg vil likevel understreka at vi treng begge dele. Vi treng både papir og nett. Og med lanseringa av Store Norske Leksikon har vi fått eit godt og oppdatert tilbod i bokform.

Kjære leksikonvenner!

Store Norske Leksikon er langt på veg ein institusjon i norsk språk- og kulturliv. Leksikonet er ein verdfull kunnskapsressurs vi må ta vare på for dagen og framtida. På vegner av Regjeringa vil eg takka Kunnskapsforlaget og eigarane, Aschehoug forlag og Gyldendal forlag, for at dei har tatt på seg oppgåva med å få fram ei ny utgåve av leksikonet, og for den støtta Institusjonen Fritt Ord og Norsk Faglitterært Fond har gitt for å gjera utgjevinga mogleg.

Til slutt vil eg ynskje dykk alle lukke til både med fullføring av prosjektet og med salet.