Historisk arkiv

Opning av Nordiske Mediedagar 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Tale til opninga av Nordiske Mediedagar, 11. mai 2005 i Bergen.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Nordiske Mediedagar 2005

Tale til opninga av Nordiske Mediedagar, 11. mai 2005 i Bergen.

Kjære alle saman!

Det er ei stor glede for meg å vera her i Bergen igjen og få lov til å opna dei Nordiske Mediedagane 2005. Desse tre dagane i mai har etter kvart blitt eit årleg høgdepunkt for alle oss med interesse for media, i vid forstand. Den amerikanske komikaren Fred Allen sa ein gong at” ein konferanse er eit møte mellom viktige menneskje som kvar for seg ikkje kan gjera noko, men som saman kan bestemma at ingenting skal gjerast”. Dette er vel i beste fall ei sanning med modifikasjonar. Dei Nordiske Mediedagane har blitt ein viktig møteplass både for bransjen og for dei som fattar vedtak på medieområdet, og i tillegg er konferansen ein fin sjanse til å oppleva Bergen i vårskrud. I år har dei to arrangementa som før utgjorde Den Nordiske Mediefestivalen blitt samla under eit namn, Nordiske Mediedagar. Dette trur eg er eit lurt trekk. Det er mykje snakk om merkevarebygging for tida, og eg trur samanslåinga vil gi arrangementet ein klarare profil og større tyngde.

Nordiske Mediedagar har i år eit klart internasjonalt preg, og eg vil gjerne nytta høvet til å ynskja alle utanlandske gjester hjarteleg velkommen. I år markerar Noreg at det er 100 år sidan vi skilde lag med Sverige og vart ein sjølvstendig stat. 100 år er ikkje lang tid, og det er framleis sterke band mellom dei nordiske landa. Som små land trur eg vi kan ha mykje å tena på å stå saman og læra av kvarandre. Det er difor ekstra hyggeleg at vi kan samlast her i Bergen til felles nytte og glede.

Og nettopp dette med å ta lærdom frå våre naboland er noko som står på programmet her på konferansen i år. Nordiske Mediedagar får i år besøk av Stig Thorsboe og Hanna Lundblad frå Danmarks radio som mellom anna har skrive manus til den danske serien ”Krøniken”, som har gleda tusenvis av tv-sjåarar, også i Noreg. Danmark opplever for tida stor suksess både på film- og tv-fronten. Eit godt bevis for suksessen er at dei har motteke to Emmy-prisar, ”tv-bransjens Oscar-pris” for sine tv-drama. I 1998 vann Sverige også ein Emmy. Dette er bakgrunnen for at Norsk filmutvikling saman med Norsk filmfond har sett i gang ”Emmy 2007”, eit prosjekt som har som mål at Noreg skal vinna sin første Emmy-pris kanskje alt i 2007. Suksessen i Danmark og Sverige tyder på at det å vera eit lite land og eit lite språkområde ikkje er til hinder for å bli lagt merke til i internasjonal samanheng. Ein av grunnane til den danske suksessen er det tette samspelet mellom film- og tv-produksjonsmiljøa i Danmark. Noreg bør også ha ambisjonar om å nå eit større publikum med norsk TV-dramatikk, og dette er difor eit samarbeid vi må satsa meir på i Noreg. Emmy 2007 er ein del av denne satsinga, og eg håpar og trur at prosjektet vil betra den kreative og faglege utvekslinga av kompetanse dei to bransjane i mellom. I mellomtida har vi ein flott sjanse til å læra av våre danske vener her på Nordiske Mediedagar.

Å oppretthalda ein levande nasjonal film- og tv-produksjon er ein viktig del av bevaringa av den norske kulturen, men det er også ei næring. I løpet av dei siste 20-25 åra har det vore aukande internasjonalt fokus på samanhengen mellom kultur, næring og økonomisk utvikling. Kultur- og kirkedepartementet kom i mars i år ut med ei stortingmelding, som synleggjer den verdiskapinga som skjer innanfor kultursektoren.

I samband med denne meldinga har spørsmålet om regionalisering av norsk filmproduksjon fått mykje merksemd i media. Eg meiner dette er eit tiltak som kan ha ein positiv kultur- og næringspolitisk effekt, men berre dersom regionane sjølve investerar i ulike filmaktivitetar slik at kapitaltilgangen til filmbransjen vert større. Departementet har i vår satt i gang ei omfattande evaluering av den norske filmbransjen, og filmsatsing i regionane er eit sentralt tema her.

No som eg står her framfor dykk, vil eg gjerne nytta høvet til å sjå litt fram mot kva vi kan venta oss i framtida. Overgangen til digitale kringkastingssendingar er utan tvil ei av dei største utfordringane vi står overfor i mediepolitikken. Korleis vi møter den, blir særs viktig for utviklinga på medieområdet i Noreg. I talen min til Mediedagane i fjor fokuserte eg mellom anna på digitalt bakkenett. Eg må diverre konstatera at det førebels ikkje er gitt nokon konsesjon for eit slikt nett. Den viktigaste årsaka til dette er at det under samtalane med Noregs Televisjon vart klart at dei ynskte ein lengre konsesjonsperiode enn den som er utlyst. Konsesjonsstyresmaktene, Samferdselsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet, har vist forståing ved å gå inn for ei forlenging av konsesjonsperioden frå 12 til 15 år. Ei slik endring er så omfattande i høve til utlysninga at vi var pliktige til å kunngjera ho slik at eventuelle andre interessentar kunne melde seg.

Etter kunngjeringa har Telenor no meldt seg som interessent. Førebels har ein ikkje tatt stilling til korleis ein vil møte interessa frå Telenor og kva for konsekvensar dette bør få for konsesjonsprosessen.

Det skjer samstundes mykje spanande i høve til overgangen til digital kringkasting i andre land. I mesteparten av dei landa som har starta sendingar i det digitale bakkenettet, aukar denne plattforma sterkt. Blant anna gjeld dette Sverige og Storbritannia. Eg vil jobba for at eit slikt digitalt bakkenett også blir ein del av det digitale tilbodet til norske sjåarar, som eitt av fleire å velja i mellom. Og eg er sikker på at bygginga av eit digitalt bakkenett er viktig for ein overgang til digital kringkasting i Noreg, ikkje minst når vi tenkjer på korleis busetjinga og topografien er her i landet.

Sjølv om det tidlegare har handla mest om digital-tv, har også utviklinga av digital radio skote fart den siste tida. Med dei nye DAB-sendarane som vart opna før jul auka digitalradiodekninga i Noreg til 70 prosent. Saman med billigare mottakarar og store marknadsføringskampanjar har dette ført til auka sal, og større interesse frå fleire kringkastarar om å starte DAB-sendingar. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe, under leiing av Medietilsynet, som skal sjå på eventuelle tiltak som på sikt kan leggja til rette for overgangen til digital radio. Gruppa skal til dømes sjå på om DAB kan vere ein eigna teknologi for mobil-TV. I Sør Korea nyttar dei DAB på denne måten. NRK har alt prøvd ut om det norske DAB-nettet er eigna for dette. Rapporten er venta i oktober.

Overgangen til digital radio vart også eit viktig tema for ei anna arbeidsgruppe som departementet hadde nedsett; den som skulle utrede rammevilkåra for lokalradio. Den la fram rapporten sin i byrjinga av april. Ein av hovudkonklusjonane var at konsesjonsområda bør vere tilpassa framtidig digital radiostruktur, noko som blant anna inneber større område enn i dag mange stader. Rapporten er send på høyring og vil danna noko av grunnlaget for departementet sitt vidare arbeid med å leggja til rette for overgangen til digital radio. Eg vil nytta høvet til å understreka at eg ser det som særs viktig at vi får med oss lokalradioane over på den digitale plattforma.

Tidlegare i vår fremma Regjeringa framlegg om endringar i kringkastingslova. Eitt av framlegga var ein presisering av reglane om skjult reklame. Dette har fått i alle fall ein til å sjå raudt. Kringkastingssjefen slo på stortromma i Dagbladet i sist veke. Der fekk ein inntrykk av at Regjeringa sitt framlegg ville truga det redaksjonelle sjølvstendet til kringkastarane. Dette er sjølvsagt ikkje rett. Vi har foreslått ein klargjering av reglar vi alt har hatt i mange år. Desse reglane har aldri vore til hinder for at NRK og andre har produsert til dømes kultur- eller forbrukarprogram som inneheld referansar til bestemde produkt. Det avgjerande er at desse referansane har ein redaksjonell grunngjeving. Dei skal ikkje vera uttrykk for at nokon har kjøpt seg produkteksponering. Eg vil òg føye til at EU sitt TV-direktiv inneheld eit tilsvarande forbod mot skjult reklame. Skal eg ta Bernander på alvor, står det altså dårleg til med kringkastaranes redaksjonelle sjølvstende i Europa. Det trur eg ikkje det gjer.

Når det gjeld den digitale teknologien og kringkasting, kan eg ikkje unngå å koma inn på framlegget til endringar i åndsverklova, som snart skal handsamast i Stortinget. Sjølv om media har fokusert mest på MP3 og kopisperrer, er hovudsaka å tilpassa lova betre til den digitale teknologien. Ei av endringane går ut på at kringkastingsselskapa enklare skal kunna nytta verna åndsverk dei har i sine arkiv, både til reprisesendingar og direkte formidling til den enkelte på Internett.

Dei norske medievanane er i sterk endring for tida. For første gong har fjernsynet no passert avisa i dagleg dekning. Samstundes er det stadig fleire som har Internett som si primærkjelde til nyhende. Vi ser døme på at avisene sine eigne nettsider kannibaliserar papirutgåvene. Vilje til å betala for innhald som ein kan få gratis på nett eller fjernsyn, er naturlegvis liten.

Konsekvensen av denne gratiskulturen kan bli at inntektene i stadig større grad må koma frå andre kjelder enn sal av nyhende og informasjon til publikum. Mange mediehus legg etter kvart større fokus på annonsesal og på utvikling av betalingstenester på nett og mobil. Ressursane i medieverksemdene vil gjerne bli kanalisert dit inntektspotensialet ligg. Eg ser ein fare for at dette kan gi mindre rom for det som tradisjonelt har vore media si hovudoppgåve og grunnlaget for den demokratiske rolla som media har, nemlig nyhendeproduksjon og undersøkande journalistikk.

Staten si rolle er å sikra rammevilkår som gjer det mogleg å oppretthalda eit mangfaldig, truverdig og kvalitativt godt medietilbod. Staten skal ikkje diktera det redaksjonelle innhaldet eller vera ein smaksdommar. Oppgåva er å sikra at føresetnadene for mangfald, truverd og kvalitet eksisterer – så må det vera opp til media sjølve å utnytta dette potensialet.

Eg ser med glede at ulike medieetiske problem er eit stort tema på årets konferanse. På medieområdet er det viktig at overtramp så langt det er mogleg blir møtt med open debatt heller enn med generelle offentlege inngrep i form av regulering eller anna. Det viktige er at pressa si eigen etikkdebatt fungerer, noko programmet for denne konferansen er eit godt teikn på.

Ha ein flott konferanse!