Historisk arkiv

Opning av utstillinga ”Nikolai Astrup. Tilhørighet og identitet”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Bergen kunstmuseum 24.mai 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av utstillinga ”Nikolai Astrup. Tilhørighet og identitet”

Bergen kunstmuseum 24.mai 2005.

Kjære publikum

og ei særleg helsing til den islandske kulturministeren Þorgerður Katrín Gunnarsdóttir og delegasjonen hennar.

Denne utstillinga er ei flott kulturhending som eg synest markerer ei hyggeleg innleiing på vitjinga i Noreg av dei islandske venene våre.


Eg er glad for at denne vandreutstillinga er komen i stand, og eg er spesielt glad for å vera til stades i dag for å opne ho her i Bergen. Som kjend er utstillinga skapt gjennom eit vellukka samarbeid mellom Haugar Vestfold Kunstmuseum, Drammen Museum og Bergen Kunstmuseum, og er ein del av hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga i 1905. Utstillinga vart opna i Tønsberg 14. januar i år, er vist i Drammen, og skal seinare visast ei rekke stader.

Med få unnatak er det heile tida det same biletutvalet som blir vist. Vi kan gleda oss over mange av hovudverka til Astrup, ikkje berre maleri, men òg ei rekkje av tresnitta, mange av dei handkolorerte. Astrups kunst vart godt mottatt i samtida. Denne vandreutstillinga, saman med ei rekke nyare publikasjonar om han, er prov på at posisjonen hans framleis er stigande.

Vi som har vakse opp på Vestlandet, har ingen problem med å forstå at naturen som omgir oss er ein viktig del av vår identitet. Det er heller ikkje vanskeleg for oss å skjøna at mange oppfattar vestlandsnaturen som spesielt norsk. Det er sjølvsagt fordi kunstnarar i nesten 200 år har styrt tankane våre i den retninga. Men kanskje ligg det i oss nordmenn ein dragnad til naturen som andre folk ikkje har. For heilt frå romantikarane si dyrking av naturen til dyrking av ekstremsport i vår tid har det ville og urørte vestlandslandskapet virka spesielt tiltrekkjande på oss.

Det var bergensaren J. C. Dahl som fyrst var på jakt etter den nasjonale identiteten vår i vestlandslandskapet. Han opplevde naturen og menneska i landskapet som ein del av den nasjonale eigenarten vår. Når han måla dei kjende bileta sine frå Nigardsbreen og frå Stedje, måla han kulturarven vår og identifiserte oss som nasjon. Hans ”Bjerk i storm” frå 1849, som han opplevde ved Vøringsfossen i Hardanger, var - og er framleis - eit sinnbilete på det vesle landet Noreg, som i ei stormfull verd stod fram med eiga grunnlov i 1814. Vi kjenner også identiteten og ”det nasjonale bruset” når vi ser desse maleria i dag. På same vis får musikken til Edvard Grieg fram ei nasjonal stemning i oss, kongefamilien på slottsbalkongen 17. mai, Sissel Kyrkjebøs song om ”Vestland, Vestland”, eller eit målarstykke av Nikolai Astrup.

Nasjonalkjensla er svært viktig for oss. Vi har ein identitet som vi heile tida ønskjer å få stadfesta, og kunstnarane hjelper oss med denne stadfestinga. For Nikolai Astrup hadde det vestnorske landskapet, og spesielt hans heimlege Jølster-landskap, uendeleg stor verdi. Det var sjølve livsnerven i det han skapte, sjølve skaparkrafta i han. Naturen forma han som menneske, og dermed også som kunstnar.

Som så mange i si samtid, opplevde Astrup for rundt hundre år sidan eit markant tidskifte, då den gamle bondekulturen måtte vika for det moderne industrialiserte Noreg. Folk flytta til dei store byane for å ta del i denne utviklinga, som mange vurderte som eit samfunnsmessig framsteg. Astrup kjende likevel at noko av det særeigne og personlege var truga i denne omskapinga. Vi kan kanskje formulere det slik at det nye Noreg som vaks fram for 100 år sidan, skapte ein ny nasjonal identitet med sterke internasjonale kulturelle band mot Europa. Dette var ein identitet som Astrup problematiserte i kunsten sin.

Vi kan spørja oss her vi står i dag og ser tilbake i tid, om ikkje Astrups kunst har mista sin aktualitet. Vi har omforma det gamle bondesamfunnet til ei høgteknologisk sameint og multikulturell verd, der vi meir enn nokon gong er avhengige av globale samanhengar. Har det då nokon verdi å sjå inn i Astrups gamle verd?

Sjølvsagt har det verdi. Og på fleire måtar. Astrup kan visa oss vegen til oss sjølv, til å forstå vår eigen identitet. Astrup sitt prosjekt var å retta søkelyset mot det å høyra til, mot den enkelte sin identitet. Gjennom kunsten sin viser han oss som lever i dag ein veg også til vår identitet. Anten vi berre ser på oss sjølve som enkeltpersonar eller som nasjon.

Eg er veldig glad i Astrup sin kunst. Det er kan henda derfor denne talen blir litt lang. Barndomsheimen min, ved Hardangerfjorden, under Folgefonna, har mykje til felles med Astrups barndomsheim og biletrommet hans ved Jølstervatn under Jostedalsbreen. Det er noko ved bileta til Astrup som gjer inntrykk på meg. Fyrst kan Astrup sjå ut som ein heimstadsmalar, med motiv nesten berre frå barndomens Jølster. Men han er også kunstnaren som drog ut i verda og kom tilbake. Han er embetsmannssonen som heile livet var som ein framand i bygda. Slikt oppstår det spenningar av.

Som vennen, legesonen Hans E. Kinck frå Strandebarm ved Hardangerfjorden, var prestesonen Nikolai Astrup sterkt prega av oppvekststaden. Begge to drog ut, skaffa seg akademisk utdanning, vart inspirerte av europeisk kunst og litteratur og kom tilbake. Begge var prega av ei slags framandgjering overfor bygdefolket, ei framandgjering som kanskje var ein føresetnad for at dei kunne sjå livet og landskapet rundt seg på ein så medviten måte. Kincks roman ”Sneskavlen brast” handlar om konflikten mellom embetsstand og bygdefolk. Det var ein konflikt som også Astrup opplevde.

Ikkje overraskande vart det eit fruktbart samarbeid mellom dei to. Dei var begge to, for å nytta eit uttrykk frå Hamsun ”en tilværelsens utlending” i miljøa sine. For begge gav spenningsfeltet mellom det nasjonale og det internasjonale grobotn for kreative kulturelle prosessar.

Astrups landskapsbilete er bygde på eigne opplevingar i barndomen. Hans formspråk og teknikk tar vare på desse tidlege opplevingane. Han malar ikkje det han ser, han malar det han såg. Den naive stilen er reinska for akademisk tradisjon. Slik er han i stand til å koma i direkte kontakt med tilskodaren. Bileta er prega av ei mystisk naturdyrking, ein slags panteisme. På same måte som Edvard Munch deformerer Astrup ofte naturforma i bileta sine. Landskapa vert skildra som idéar, fulle av detaljar som lever sitt eige liv. Dei fortel også om eit tapt barndomsparadis, som kunstnaren alltid vender tilbake til.

Det har blitt sagt at sjeldan har ein kunstnar måla så mange bilete der gjerdet har ein sentral plass. Det er utan tvil noko Astrup sjølv har opplevd. Han vart utestengd frå bygda når det gjaldt eigedom. Eigedom var det i prinsippet vanskeleg å få kjøpt i Jølster, det var familieeigedom. Var Astrup ein Jølstring eller ein innflyttar? Svaret må vera begge delar, som det på liknande sett vart sagt om Arne Garborg: ”Jærbu og europear”.

Landskapsmålaren Astrup er høgst aktuell som formidlar av det fuktiggrøne og frodige Vestlandet, med smeltande snøflekkar og brear, med idyll og dramatikk. Dette landskapet har vore det same gjennom tusenar av år, og folk reiser i aukande tal langveges frå for å oppleva det. Det er det same landskapet vi ser i det vakre i Astrups kunst.

”A thing of beauty is a joy for ever” seier den store engelske poetenJohn Keats, og eg slutter meg til det. Astrup-utstillinga er til glede - stor glede.

Med dette erklærer eg vandreutstillinga ”Nikolai Astrup. Tilhørighet og identitet”, som no har nådd Bergen, for opna.