Historisk arkiv

Opninga av utstillinga Extreme North

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Talen vart halden på vegn av statsråden av departementsråd Helge Sønneland, 3. februar 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opninga av utstillinga Extreme North

Talen vart halden på vegn av statsråden av departementsråd Helge Sønneland, 3. februar 2005.

Du treff ikkje isbjørnar i gatene i Noreg. Men du kan treffa på ein elg i butikken. Om du er heldig. Førestellingane om landet langt mot nord har vore mange, fulle av oppdikta bilete av det eksotiske , av ekstremt ver og ville dyr. I dagens globale medieverd er nok imidlertid oppfatningane langt meir i pakt med sanninga.

Men mørkt er det i vinter-noreg. Og kaldt kan det vera. Derfor blir det utvikla husrom, klede og utstyr for heim og industri som skal tola kulde og blest, regn og snø, men også sol og lys. For ingen har så mykje lys som vi når sommaren kjem med midnattssola i nord. Vi har fire årstider i Noreg. Det gir utfordringar til blant anna klesdesign: Vi treng det luftige og lette til sol og varme, noko som held regnet ute ein haustdag, dei varme vinterplagga og håpet sine gode vårklede. ”Det fins ikkje dårleg ver, kun dårlege klær”, blir det hevda.

Når Norsk Form og Norsk Designråd no opnar Norsk Design- og Arkitektursenter, er det med utstillinga Extreme North. Vi skal få sjå arkitektur og design frå Noreg i 12 scenar frå Europas ytterkant. Utstillinga tar oss med til varme heimar, til ei urban vintergate, gjennom tunnelar til isbrear og hytta på påskefjellet. Våren har kome og vi dreg vidare til Svalbard, sørover til sommarsol og fiskebåtar. Så går det mot haust i Ultima Thule - det yttarste nord. Vi gjestar ei oljeplattform og ein einebustad før Noreg igjen blir lagd i vintermørke og lysa blir slått på.

Er du arkitekt i Noreg kan du mykje om materiale og tekniske detaljar som gjer at kulda held seg utomhus og varmen inne. Med raske temperaturendringar svingar det frå pluss til minus ute. Inne krev vi jamn varme, og det har vi også stort sett. Eg er neppe den einaste som har opplevd å frysa meg i søvn i sørlege strøk, der husa ikkje er bygde for dei få kalde dagane som kan koma.

Det er i dag fleire grunnar til å lovprisa norske arkitektar. Norske arkitektar byggjer ikkje berre teknisk gode hus som toler påkjenningar frå ver og vind. I tett samarbeid med andre fagfolk, tar dei ansvar og utviklar stadig meir avanserte miljøvennlege hus i eit samfunn der energiforbruket er svært høgt. Men det er også grunn til å rosa norske arkitektar for evna til å kombinera kunnskap om norske byggjetradisjonar og ny teknologi med utviklinga av ny og moderne arkitektur som speglar vår eiga tid. Vi ser i dag mykje norsk arkitektur med svært høg kvalitet. Norske arkitektar gjer seg også kjent internasjonalt, og det kan sjå ut som om den internasjonale arkitektverda no rettar blikket mot det særprega og norske. Det er vi stolte av. Utstillinga Extreme North gir eit bilete av denne arkitekturen - frå store offentlege bygg til norske hytter og hus.

Kva er design? Eg skal ikkje eingong prøve å svara. Men eg veit at design femner breitt, og at form og funksjon er to viktige stikkord. Design og designerane sin kompetanse er derfor viktig for næringsutvikling og kulturarbeid, og for dagleglivet vårt på jobb og i heimen. Vi registrerer god og mindre god design rundt oss heile dagen. God fordi han både er fungerande og tiltalande, dårleg kanskje fordi ingen har brydd seg med å nytta ein utdanna designar som kunna sikra kvalitet.

Eg roste norske arkitektar og vil, med god grunn, også skryta av norske designerar. De vil treffe nokre av dei her. Det er mange fleire der ute. Norske designerar er stadig meir synlege i eit norsk og eit internasjonalt bilete. Vi har breidda frå industridesign og båtdesign til grafisk design, møbeldesign og klesdesign. Her skal vi få sjå produkt utvikla til arbeid og fritid, ute som inne i Ultima Thule. Eg gleder meg. Og eg har ei melding til norske verksemder: sats på dei dyktige designerane våre! Det er lønnsamt for oss alle: for næringslivet, for kulturutviklinga og dermed for nasjonen Noreg.

Denne utstillinga skal ut i verda med Japan som fyrste stoppestad. Eg er glad for at Norsk Form og Norsk Designråd opnar sitt senter med å visa flott norsk arkitektur og design. Eg ønskjer til lukke til alle her i huset med desse og andre satsingar.

Med dette erklærer eg utstillinga Extreme North for opna!