Historisk arkiv

Statsråd Svarstad Haugland sin tale ved opninga av Hell Blues Festival

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Hell 8. september 2005

Statsråd Svarstad Haugland sin tale ved opninga av Hell Blues Festival

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Hell 8. september 2005

Kjære bluesvenner.

Kjære festivaldeltakarar.

Det er ei stor glede for meg å vera til stades her i dag ved opninga av Hell Blues Festival.

Det er første gongen eg er på festivalen, men sjølvsagt kjenner eg han godt frå medieomtale og positive ord både frå kollegar og venner.

Det er i år 14. gongen festivalen vert arrangert etter etableringa i 1992. Det viser at Hell Blues Festival er vel etablert og har ein tradisjon å visa tilbake på.

Og tradisjonar er viktige. Tradisjonar knyt oss til kvarandre, til ein stad, til eit miljø, og til kunsten, noko festivalen her viser. Gjennom å delta på konsertane og dei andre arrangementa under Hell Blues Festival vil ein òg koma nærmare bluesen, sjølv om ein kjenner han aldri så godt frå før.

“The blues is a one-way ticket from your love to nowhere”.

Det er Duke Ellington som seir det, og uttrykker ved det – slik eg ser det - sjølve bluesens sjel: Lengsel og kjærleik.

Lengselen etter noko ein ikkje har, og berre kan drøyma om.

Kjærleiken som ikkje blir gjengjeld, men like fullt er ein djup kjærleik til livet.

Blues og jazz har ein eigen appell til folk som held seg godt, til og med i tider då andre musikkformer dominerer. Det viser kulturelle røter med emne til utvikling og vekst. Har ein først blitt grepen av blues og jazz, så er ein fanga for livet.

Hell Blues Festival har ein kvalitet og eit nivå som gjer at festivalen er kjent også langt utanfor landets grenser. Det ser ein også av årets program. Her er gjester som blir rekna blant dei beste i verdsmiljøet. Det borgar for spennande, innhaldsrike dagar som gjer meg overtydd om at etter årets festival vil kultur-Noreg kunne festa enda ein medalje på brystet.

I denne samanhengen vil eg gjerne koma med endå ein blom til Festivalen. Det at Hell er heimstaden, og at festivalen har eit internasjonalt, engelsktalande nedslagsfelt, legg vegen vid open for enkle, lettkjøpte poeng med stadnamnet som fokus. Det tener festivalleiinga til heider at dette ikkje har skjedd. Vi lever i ei tid då det primitive og vulgære får meir og meir spelerom. Då er det befriande å sjå at det lar seg gjera å gå utanom det opplagt enkle, å gå fram på ein måte som ligg over det banale, ein måte som løftar festivalen og som peikar framover.

Til slutt vil eg gjerne gi uttrykk for den fortvilinga mange kjenner på no i desse dagane etter katastrofen som har ramma ein av jazzens metropolar – New Orleans. Det er ein tragedie at så mange har mista livet og at dei gamle og berømte spelestadene no er øydelagde og kanskje borte. La oss berre håpa at noko kan bli bygd opp att og at jazzen vil leva vidare også i New Orleans.

“The blues is a one-way ticket from your love to nowhere”.

La meg skriva om Ellingtons ord og seia det på denne måten:

The blues is the ticket to everyone’s heart.

Med dette erklærer eg Hell Blues Festival 2005 for opna.