Historisk arkiv

Statsrådens opning av Risør Kammermusikkfest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Risør Kyrkje 28. juni

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Statsrådens opning av Risør Kammermusikkfest

Risør kyrkje, 28. juni

Kjære publikum!

Det er ei stor glede for meg i dag å kunna gratulera Risør Kammermusikkfest med 15-årsdagen og slå fast at festivalen har makta å etablera seg på høgste internasjonale kvalitetsnivå og med uvanleg stor interesse blant publikum. For 15 år sidan var det vel ingen som hadde trudd at Risør Kammermusikkfest med tida skulle bli rekna som ein av dei 10 viktigaste internasjonale arrangement innanfor klassisk musikk. I 1999 vart festivalen invitert til eit gjestespel over fleire dagar i Wigmore Hall, som er ein av verdas mest prestisjefylte salar for kammermusikk. Eit stort tal utanlandske musikkjournalistar har vitja Risør, mange kjem tilbake år etter år. I sum: Risør Kammermusikkfest er verkeleg historia om ein suksess. Dette er nyleg dokumentert i ei flott bok. Eg vil tilrå alle å ta ein titt på denne boka. Det er ei flott gåvebok.

Kammermusikkfesten vart etablert for å skapa ein festival på høgt internasjonalt nivå. Det har initiativtakarane, den no avdøde gründaren Bernt Laurits Larsen, og dei to kunstnarlege leiarane, Leif Ove Andsnes og Lars Anders Tomter, til fulle klart. Festivalen presenterer kammermusikk av både velkjend og ukjend art, og har alltid kjent eit ansvar for norske verk. Samtidsmusikk har kvart år vore godt representert, mange nyskrivne verk har blitt tinga. Ein særleg kvalitet ved konsertane i Risør er den utsøkte måten programma vert sette saman på. Konsertane er svært rike på kontrastar, både når det gjeld instrumentbesetning og sjanger.

I Risør får berømte utanlandske stjerner framføra musikk saman med våre eigne fremste musikarar. Dessutan byggjer festivalen på idéen om at unge musikarar skal få prøva seg saman med internasjonalt kjende og etablerte musikarar. Det skaper spanande møte og det gir uvurderlege høve til utvikling for dei unge. Verdien av Risør Kammermusikkfest som møtestad for musikarar både sosialt og kunstnarleg kan ikkje understrekast nok. Vi veit at desse møta gir påfyll og inspirasjon til musikarane sitt krevande arbeid i dei lange konsertsesongane verda rundt. Slik sett fyller Risør Kammermusikkfest same oppgåva som andre viktige kammermusikkfestivalar i verda, som til dømes den festivalen Gidon Kremer har grunnlagt i Lockenhausen.

Risør Kammermusikkfest har vore trufast overfor konseptet sitt. Sidan starten er rett nok festivalen utvida med ein dag, og no er det over 20 konsertar fordelte på 6 dagar. Men festivalen er framleis liten, og det ønskjer han også å vera i framtida. Risør gamle kyrkje frå 1600-talet er som vanleg det mest nytta konsertlokalet. Kyrkja har plass til ca. 470 personar. Dermed er volumet for konsertane gitt. Men eg kan slå fast at arrangørane er blitt flinke til å stua, her sit publikum verkeleg som sild i tønne, og ser ut som om dei trivst med det. Risør rådhus blir i år berre nytta til prøver og til måltid.

Publikumsinteressa har vore gledeleg, og arrangørane treng ikkje noko stort budsjett for annonsering. Dei fleste konsertane blir tidleg utselde og ein ”optimistkø” blir etablert for å fordela restplassane og avbestillingane rettferdig. Dette er verkeleg ein privilegert situasjon, i ei tid då publikum generelt synest å vera vanskelege å få ut av heimen.

Årets program fortel om ein tjuvstart på 250-årsjubileet for Mozarts fødsel. Det rette året er fyrst i 2006, men det trengst meir enn ei vekes festival for å markera dette skikkeleg. Som ledd i 15-årsmarkeringa for Risørfestivalen blir det for fyrste gong oppført opera. Det er Mozarts ufullførte opera Za ide, som i Italo Calv inos versjon får ein fortejlar i Minken Fossheim. Framføringa av Za ide vil finne stad i det nedlagde industrilokalet Holmen. Dette lokalet blir nytta i år for fyrste gong i festivalsamanheng og kan romma rundt 700 personar. Nytt av året er også at verket blir framført to gonger. Det er fyrste gong i festivalens 15-årige historie at eit verk er blitt framført meir enn ein gong i same året.

Risør Kammermusikkfest har alltid profilert seg med det intime og nære. Sjølve den gamle sørlandske trebyen dannar ei framifrå ramme rundt hendingane. Risør er så liten at arrangementet fullstendig pregar byen. Det gir både musikarar, arrangørar og publikum ei eineståande kjensle av heilskap og engasjement.

Til slutt vil eg nemna at det også blir ei urframføring under årets festival: Bjørn Kruses bestillingsverk ”Ottetto”. Det er altså mykje å glede seg over i dette 15-års laget. Vi kan i den heile tatt slå fast at det dreier seg om ein vaksen 15-åring som år etter år viser sitt internasjonalt høge nivå.

Eg ønskjer 15-åringen til lukke med dagen, og til dykk alle: mange givande musikkopplevingar her i Risør.