Historisk arkiv

Statsrådens tale ved åpning av ”Pilegrimsleden”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Oslo Ladegård 19. juni 2005

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Statsrådens tale ved åpning av ”Pilegrimsleden”

Oslo Ladegård 19. juni 2005

Kjære alle saman!

Takk for invitasjonen til opninga av prosjekt "Pilegrimsvegane – Noreg sin turveg nr. 1" - no i Friluftslivets år !

Norsk Kulturarv sitt ønske om å ta i bruk pilegrimsvegane til å formidle verdiar knytt til natur, kultur og livstolking, er ein spanande visjon. Målet med sjølve "Pilegrimsleden" har sidan 1992 vore å stimulere til friluftslivsaktivitet der natur- og kulturopplevingar vart sameinte.

Det norske friluftslivet er eit fellesgode. Det skal sikrast og vere allment tilgjengeleg som kjelde til god livskvalitet, auka trivsel og betre folkehelse. Vi fremjer friluftslivet gjennom sikring av areal og rett til ferdsel og opphald både i utmark og i "den grøne mosaikken". Samstundes legg vi til rette for og stimulerer til bruk av friluftsområda.

Friluftsliv gir oss gode naturopplevingar. Å utøve friluftsliv vekkjer interesse for kvaliteten i omgivnadene vi har utanfor døra. Slikt auka miljømedvit er ein føresetnad nettopp for ei berekraftig forvaltning av både vår natur- og kulturarv. Det som gjev gode opplevingar, blir vi glade i. Og det vi blir glad i – ønskjer vi å ta vare på.

Friluftsliv er ein viktig del av Samarbeidsregjeringa sin miljøpolitikk. Friluftslivet har ei eigenverdi, og for mange er det ein livsstil. Men, friluftslivet er óg ein metode til å nå andre viktige mål i samfunnet. M.a. meir fysisk aktivitet og betre folkehelse, meir kvalitet og trivsel i skulen og betre fysiske vilkår for barn og unge sin oppvekst.

Regjeringa ønskjer å fremje eit romsleg og inkluderande friluftsliv i nært samarbeid med det frivillige organisasjonslivet. Allemannsretten er fundamentet for friluftsliv i Noreg. Friluftslova gir m.a. rett til fri ferdsel til fots og på ski i utmark. Retten vert stadfesta ved aktiv og ansvarleg bruk. Når over 80 % av oss seier at vi utøver friluftsliv, styrkjer det den lange tradisjonen lova byggjer på. Denne retten er ein viktig arena for læring, oppleving og helsebot. Naturen som "klasserom", "katedral" og "apotek" har det fortrinn at den er overalt, tilgjengeleg for alle, døgnopen – og ikkje minst gratis.

Målet med friluftslivspolitikken er å fremje eit friluftsliv for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen. I det forrige "Friluftslivets år" i 1993 vart det gjennomført ei spørreundersøking om det norske folk sine friluftsvanar og naturverdiar. Denne viste at det folk først og fremst søkjer når dei driv friluftsliv er fred og ro og å kome vekk frå støy og forurensing. På spørsmål om kva som er vesentleg med tanke på "det gode liv" og kva som er viktig for identiteten vår – nemner 19 av 20 nordmenn naturen. Annan forskning viser at tilhøvet til natur spelar ei viktig rolle i folk sin eigen vurdering av kva som er god helse.

Ei undersøking av folk sine haldningar og verdiar viser at friluftslivet framleis har ein sterkt posisjon i det norske folk. Det er svært stor semje om at friluftsliv fører til at folk får positive verdiar og at friluftsliv er ein naturleg del av barneoppsedinga. Mange av oss meiner óg at friluftsliv er ein viktig del av det å vere norsk og at det høyrer med til allmenndanninga. Svært få meiner at det er "gammaldags".

Friluftsliv er basert både på oppleving av natur og på oppleving av historiske spor etter menneska som i tidlegare tider har brukt områda på ymse vis. Døme på slike spor kan vere hustufter, gravhaugar, helleristningar med meir. Biologisk mangfald i kulturlandskapet i form av gamle kulturmarker kan sjåast på som biologisk levande kulturminne. Ofte er det samspelet mellom natur- og kultuminnekvalitetane i eit område som utgjer grunnlaget for den opplevinga friluftslivet byggjer på. Kulturlandskapet har óg mykje å seie for folk sin indentitet og deira kjensle av å ha tilknyting til eit område.

I Noreg har reiselivsnæringa tradisjonelt fokusert på naturen. Men no ser vi at trenden meir og meir går i retning av "kul-turisten", som ønskjer å oppleve både kultur og natur i sin fritid. Stadig fleire selskap innan reiselivsnæringa nytter dei kvalitetane som ligg i eit levande landbruk og i eit aktivt kulturliv når dei marknadsfører sine tilbod.

Den tiltagende interessa for vandringar langs "Pilegrimsleden" frå Oslo, Hamar og Skalstugan (Sverige) og til Nidaros dei siste 10 åra kan illustrere dette. Denne leden var klar til Trondheim by sitt 1000-årsjubileum sommaren 1997 og har sidan da freista tusenvis av vandrarar til å følgje leia opp igjennom Gudbrandsdalen og over Dovre. Motiva har nok vore friluftsliv og naturoppleving, men óg eit ønskje om å setje seg inn i pilegrimane sitt "sandalmjuke forhald til tilværa" og eit livssyn prega av draumen om å nå fram til ein sval, heilag stad i ein massiv katedral.

Det er ikkje tilfeldig at "Friluftslivets år" fell samtidig med markeringa av 100 års-jubiléet for unionsoppløysinga med Sverige. Friluftslivet er eit sentralt element i vår kulturarv og handlar vel så mykje om tradisjonar, identitet og respekt for skaparverket som "grøne bølgjer" og "adrenalinkick". Friluftslivet sine djupaste røter finn vi i jakt og fangst som har vore dreve sidan dei fyrste nordmenn trakk sine enkle kanoar opp på ein sandbanke ved sørlandskysten for om lag 10.000 år sidan og ga seg i veg mot brekanten på jakt etter reinsdyr.

Friluftslivet har óg sterke røter i prosessen rundt oppbygginga nettopp av ein nasjonal identitet og kampen for nasjonalt sjølvstende på slutten av 1700 talet og byrjinga av 1800-talet. I denne identitetsprosessen stod nettopp fjella, fjordane, snøen, skisporten og det enkle liv nær naturen –som symbol på det unikt norske.

For å vekkje folket sin frihetstrong skreiv Fridtjof Nansen i 1905 i ein avisartikkel m.a : " Det kommer stundom tider i en nasjons liv som i en manns – Da en må våge alt – heller enn å la seg by alt!"

I 1905 handla det om å frigjere seg frå ein nasjon – i 2005 kanskje i større grad frå ein situasjon – ein livvstil prega av tidsklemme, kav, mas, støy statusjag og materiell overflod. Dei siste 20 åra er nordmenn flest blitt materielt sett rikare. Samstundes viser "Norsk Monitor" sine marknadssundersøkingar at få meiner dei har blitt meir lykkelege av den grunn.

Friluftsliv representerer på mange vis ei motvekt til det teknologiske, støyande, forureinande samfunnet der tidspress og stress er nøkkelord. Om ein går ein tur i marka eller på fjellet, har ein frivillig valt å gjere noko som tek tid og som gir heilt andre lukte-, lyd- og synsinntrykk enn i byen. Ein har valt ein aktivitet som set krav til eiga muskelkraft – og ein kan gå på stader der signala til mobiltelefonen kanskje ikkje når fram.

Det er ei utfordring å sikre friluftslivet som ei motvekt til dei stressande elementa i kvardagen. Samstundes er det ei utfordring å gjere friluftslivet med eit rolegare tempo, natur- og kulturopplevingra, fred og ro - til ein del av kvardagslivet.

Mykje tyder på at vi menneske ikkje har klart å rive oss heilt laus frå naturen. Den synest framleis å appelere til noko grunnleggjande i oss. Den gir oss livsglede og hjelper oss til å gjenopprette den mentale og fysiske balanse når den moderne livsforma slit for hardt på oss.

Livskvalitet er for dei fleste knytt til samvær med familie og venner og gjerne til aktivitetar ein kan delta i saman. Friluftsliv kan óg vere ein slik aktivitet. Samstundes er friluftsliv ei kjelde til einsemd og ettertanke for den som vel å gå aleine.

Eg vil avslutte med å gje dykk eit lite sitat med på vegen mot Nidaros. Det er frå biskopen på Hamar – Rosemarie Køhn. Ho har sagt det slik:

"Pilegrimen hører alle tider til. I dag går vi veiene med våre behov og lengsler.

Den som går som pilegrim gjør erfaring med at ingen annen måte å vandre på,

åpner for så mange dimensjoner ved livet".

Eg vil rette ein stor takk til Norsk Kulturarv og Pilegrimsutvalet i Nidaros for dette spanande initiativet!

Med dette erklærer eg langvandringa 2005 for opna og ønskjer god tur til dykk som legg i veg mot Trøndelag!