Historisk arkiv

Statsrådens tale ved markeringa av Holocaustdagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Nordsjøfartsmuseet, Telavåg 27. januar 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Statsrådens tale ved markeringa av Holocaustdagen

Nordsjøfartsmuseet, Telavåg 27. januar 2005.

Kjære publikum.

For meg er det ei viktig sak å vera med på markeringa av Holocaustdagen her på Nordsjøfartmuset. Telavåg har så lenge eg kan hugse, vore eit sentralt namn for meg ettersom eg vaks opp på Framnes ved Hardangerfjorden der kvinner og born frå Telavåg vart internerte.

Her på Nordsjøfartmuseet er krig-fred-spørsmål og spørsmål om menneskerettar nedfelte i vedtektene, og har difor stått sentralt i arbeidet sidan opninga i 1998.

Museet har arbeidd med slike spørsmål på ulike måtar. Det har arrangert seminar og konferansar der internasjonale konfliktområde har vore i sentrum. Særleg er det fokusert på situasjonen for barn og ungdom i krig og konflikt. Dette var til dømes temaet for Telavågkonferansen ”Saman for framtida” i 2001, der unge serbarar, kroatar og albanarar kom saman for å sjå sine haldningar og sine fordommar i samliv med kvarandre. I Telavågkonferansen 2002, ”Born og Krig”, var det barnesoldatar som var hovudtemaet. Museet har sjølvsagt også tatt opp liknande tema i fleire utstillingar, slik det er naturleg for eit museum av denne typen.

Når det gjeld (å setja fokus på) Holocaust, går museets historie tilbake til 2002, då det vart stelt i stand eit Krystallnatt-arrangement for skuleborn i Sund. Det var difor heilt i tråd med måten museet tenkte på, då Regjeringa kom med si oppmoding om å setja søkjelyset på brotsverket mot jødane under Den andre verdskrigen. Dermed blei Krystallnatt-arrangementet erstatta med eit stort og omfattande Holocaustarrangement for skuleborna i regionen, det vil seia Sund, Fjell og Øygarden.

Det er to hovudgrunnar til at slike tema som her er nemnde er viktige, og dei heng nøye saman. Den eine grunnen er sjølvsagt Telavåg si dramatiske og tragiske historie. Den andre grunnen er at vi må bruka den (kompetansen og) innsikta som vi har bygd opp omkring brota på menneskerettane i Telavåg, til å kasta lys over liknande brotsverk og overgrep både i fortida og i vår eiga tid.

Telavåg står for seg sjølv i norsk okkupasjonshistorie. Vi må utanfor landet sine grenser for å finna parallellar. (Lidlich i Tsjekkia 2002) Få, om nokon, stader i landet vårt fekk kjenna tysk terror i så høg grad. Frå slutten av april 1942 og nokre veker framover vart heile bygda rasert. Ikkje eit einaste hus stod att då okkupantane var ferdige med brotsverket sitt. Alle innbyggjarane vart arresterte og førte vekk, om lag 350 personar. Kvinner og born vart deporterte i Bergen, og sidan på Framnes i Hardanger. Dei fleste mennene vart deporterte til konsentrasjonsleirane Sachsenhausen og Natzweiler, mange av dei kom ikkje tilbake. Atten unge menn som ikkje hadde noko med Telavåg å gjera, men som sat fengsla fordi dei blei arresterte då dei freista å koma seg til England, vart stilte føre eksekusjonspeletongen og avretta som ein del av terroren.

Massiv terror, deportasjonar, internering, konsentrasjonsleirar og avrettingar. Dette er Telavågtragedien. Det er ikkje vanskeleg å sjå at det her er flere berøringspunkt til det som truleg er det største brotsverket i historia - Holocaust. Det er desse berøringspunkta som gjer at Nordsjøfartmuseet kan (vera eigna til) å ta opp slike vanskelege og kjenslevare tema.

Når perioden frå 1930-talet og fram til krigens slutt har blitt kalla eit europeisk sivilisasjonssamanbrot, er det ikkje minst på grunn av det barbariet som blei slept laus i jakta på jødane (i Europa) i denne tida. Eit av dei landa der tyskarane kom lengst i å nå målsettinga si om eit land som var "Judenrein", var Noreg. Mellom anna fordi det var relativt få jødar her, og at det var lett å få oversikt over kven dei var.

Det har blitt hevda at norske historikarar har gått lett over spørsmål knytte til jødane i Noreg under krigen. Om det er rett eller ikkje skal eg ikkje uttala meg om. Det eg ser, er at haldningane i dag er andre, at det er ei open søking etter sanning om (det som er rett i) det som hende. Og kunnskapen om desse åra og desse hendingane i vår historie må ut til folk slik at dette grufulle ikkje kan hende igjen.

Det var derfor på høg tid, og svært gledeleg, at dette mørke kapitlet i europeisk historie vart løfta fram då Regjeringa i 2002 oppmoda skulane til å markera Holocaustdagen. Det er også svært gledeleg å sjå at 60-årsmarkeringa for frigjeringa av Auschwitz ser ut til å få mykje merksemd, både nasjonalt og internasjonalt.

Til slutt, som nok eit døme på at historia om jødane i Noreg under krigen no blir vurdert på ein annan måte, vil eg nemne monumentet over deportasjonen av norske jødar som i 2000 vart sett opp på Akershusstranda i Oslo. Det er eit fint monument som oppmodar til djup ettertanke.

Eg takkar alle (ansvarlege) her på Nordsjøfartmuseet for det arbeidet de har gjort - og som de gjer - for å fremja forståing mellom folk, eit arbeid som minner oss om at redselshendingane frå tidlegare år ikkje må skje igjen.