Historisk arkiv

Statsrådens tale ved utdelinga av prisen til Årets nynorskbrukar 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Ivar Aasen-tunet 29. juni 2005

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Statsrådens tale ved utdelinga av prisen til Årets nynorskbrukar 2005

Ivar Aasen-tunet, 29. juni 2005

Prisen Årets nynorskbrukar blei første gongen delt ut under opningshøgtida for Ivar Aasen-tunet i 2000. I år er det altså sjette gongen denne prisen blir delt ut, og det er tydeleg at dette er ein pris som heng høgt. På lista over tidlegare vinnarar finn vi både ein høgsterettsdommar, ein hotelldirektør og visepresident i NHO, ein skule i Bærum, Ringstadbekk – og som tidlegare lærar ved den skulen synest eg det er særleg stas, ein avisredaktør og ei hiphop-gruppe.

Styret i Nynorsk kultursentrum trur på dei gode føredøma og dei positive verkemidla. Difor har styret vedtatt å opprettea prisen ”Årets nynorskbrukar”, både for å heidra faktisk utført arbeid og for å stimulera til meir av same slaget. Det er vel for å ha full kontroll at styret har peikt ut seg sjølv som jury for prisen. Prisen ”blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryta med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vera nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk”.

Prisen er på 25 000 kroner pluss eit grafisk trykk av Arne Nøst, og eit diplom. Som ein del av prissummen blir prisvinnaren beden om å halda eit foredrag om sjølvvalt emne i Aasen-tunet, eller på anna høveleg vis følgje opp prisen.

Juryen legg kvart år vekt på at det er ein samanheng mellom prisvinnarens arbeid og det styret ser som dei viktigaste oppgåvene i arbeidet for nynorsk skriftkultur. I år peikar denne samanhengen beint inn mot kjerneoppgåvene til Nynorsk kultursentrum. Ein institusjon som sjølv skal arbeida med blant anna dokumentasjon av situasjonen for nynorsk skriftkultur, veit kor viktig det er at andre også gjer slikt arbeid. Ein institusjon som har sett seg ambisiøse mål om å vera ein dialoginstitusjon som går inn i både viktige og omstridde spørsmål i samtida, gir si støtte til alle andre som gjer det same, anten dei er institusjonar eller enkeltpersonar. Å formidla ny kunnskap på grunnlag av påliteleg forsking og dokumentasjon vil alltid vera ein del av grunnlaget for ein institusjon som Nynorsk kultursentrum, ikkje minst når dette utfordrar makthavarar, etablerte tenkjemåtar og vaklevorne sanningar.

Det finst nokre som gjer slikt ein ikkje utan vidare kunne venta at dei skulle, eller som gjer noko andre burde ha gjort, og som til og med gjer det med trøkk og med kvalitet. Når solid dokumentasjon blir kopla med skarp litterær eleganse, og emnet er ei sak som gjeld mange, er det faktisk enno mogleg å utløyse ein debatt med opnar for nye innsikter og fleire nyansar enn ”ja” og ”nei”. Difor har styret i Nynorsk kultursentrum gjort dette vedtaket:

Prisen Årets nynorskbrukar 2005 går til forfattaren Kjartan Fløgstad for framifrå og verdfull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie og for at han som pamfletten Brennbart dreiv fram ein av dei viktigaste og mest avklarande språkpolitiske debattane i seinare tid.

Det er ei stor glede for meg å be Kjartan Fløgstad koma fram og ta imot synlege bevis på at han er Årets nynorskbrukar 2005!