Historisk arkiv

Tale ved markeringa av Office for Contemporary Art

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Tale ved markeringa av Office for Contemporary Art Norway som permanent stifting. Kunstnernes Hus 27. april 2005.

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Tale ved markeringa av Office for Contemporary Art

Tale ved markeringa av Office for Contemporary Art Norway som permanent stifting. Kunstnernes Hus 27. april 2005.

Dykkar majestet

Kjære venner av OCA

Office for Contemporary Art Norway vart stifta av Kultur- og kyrkjedepartementet og Utanriksdepartementet hausten 2001 for ein prøveperiode på 3 år. OCA er organisert som ei privat stifting med full offentleg finansiering og har som formål å fremja utveksling av internasjonal samtidskunst mellom Noreg og den internasjonale samtidskunstscena. OCA er eit godt døme på kva som kan koma ut av eit nært og godt samarbeid mellom Utanriksdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.

Kontoret er godt i gang med arbeidet med å etablera fleire program. Studioprogrammet for norske kunstnarar og kuratorar tilbyr opphald for både ein kunstnar og kurator på ISCP New York City i samarbeide med American Scandinavian Foundation og for ein kunstnar og ein kurator på Künstlerhaus Bethanien i Berlin. OCA tilbyr opphald for ein kurator i Istanbul og har det siste året hatt ei prøveordning med eit kunstnaratelier i Beijing. Studioprogrammet i Oslo har fire studio og to hyblar.

Mellom hovudoppgåvene er også utdelinga av stipend til norske kunstnarar og kunstnarar som bur og arbeidar i Noreg slik at dei kan halda utstillingar i utlandet. Tilsvarande er det eit besøksprogram for internasjonale kuratorar som vil til Noreg for å gjera førearbeid til utstillingar.

Office for Contemporary art Norway har ansvaret for Noreg sin representasjon på dei store internasjonale biennalane i Venezia og Sao Paulo og fungerer som konsulent og fagleg råd for dei to departementa som var stiftarar. I haust var det naturleg at kontoret laga kulturutvekslingsprogrammet under statsbesøket til Vietnam, der OCA inviterte Vietnamesiske kunstnarar til å møte norske i ein workshop, ei utstilling, filmframvising og konsertar.

Kontoret har arrangert ei rad seminar og kunstnarmøte både i samband med dei gjestande kunstnarane i studioprogrammet, men også som del i eit større program saman med norske nøkkelinstitusjonar som Lofoten International Festival, Momentum Festival, Festspela i Bergen og Riddu Riddu for å nevne nokre. Ein del av programmet har resultert i tidskriftserien ”Verksted” som tar for seg aktuelle tema innanfor samtidskunsten.

Kultur- og kyrkjedepartementet tok i fjor initiativet til ei evaluering av prøveperioden med OCA. Evalueringa vart gjort av professor Odd Are Berkaak, Universitetet i Oslo. Konklusjonane var i all hovudsak positive og i samsvar med både departementets og organisasjonen sitt syn på prøveperioden. Dei kritiske merknadene var eit konstruktivt bidrag til å utvikla organisasjonen.

Office for Contemporary Art Norway vart gjort permanent frå 1. januar 2005 og det nye styret er no i gang med å planleggja ein fast organisasjonsstruktur på grunnlag av evalueringsrapporten og erfaringane frå prøveperioden. OCA har fram til no vore leia av direktør Ute Meta Bauer, som har gjort ein framifrå innsats. Det har vore viktig for kontoret i startfasen at direktøren har hatt det nødvendige internasjonale nettverket og kontaktar til å utvikla og etablera kontoret og opna dører internasjonalt. Ein spesiell takk til henne i dag.

Når vi no gjer Office for Contemporary Art Norway permanent, er det med ein klår ambisjon om auka internasjonalisering av norsk kulturliv. OCA skal vera med på å opna vegar for norske kunstnarar til å delta internasjonalt, og for å få impulsar til norsk kulturliv her heime, slik det er skissert i Kulturmeldinga. Det er mitt ønske for framtida at OCA skal vera ei plattform for norske kunstnarar i det internasjonale nettverket og ein referanse som viser at norske kunstnarar er på høgd med sine internasjonale kollegar.

2005 er året for markeringa av unionsoppløysinga med Sverige. Ein av grunnane til brotet var nettopp norsk ynskje om eigen utanriksrepresentasjon. Det er difor godt i tråd med jubileet at Office for Contemporary Art Norway, som tar vare på internasjonal formidling av norsk kunst, i år vert etablert som permanent stifting.

Det er mi store glede med disse orda å markera starten for Office for Contemporary Art Norway som permanent institusjon.