Historisk arkiv

Gassulykka på Lillestrøm: Staten dekker ekstrakostnadene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet løyver 985 000 kroner til Nedre Romerike Brann- og Redningsvesen til dekning av dei ekstra kostnadane i samband med gassulykka på Lillestrøm stasjon 9. april i fjor.

Pressemelding

Nr.: 184/2001
Dato: 05.12.2001

Gassulykka på Lillestrøm: Staten dekker ekstrakostnadene

Kommunal- og regionaldepartementet løyver 985 000 kroner til Nedre Romerike Brann- og Redningsvesen til dekning av dei ekstra kostnadane i samband med gassulykka på Lillestrøm stasjon 9. april i fjor.

- Det er svært uheldig om ekstraordinær innsats i ein ulykkessituasjon skal føre til at dei kommunane det gjeld kjem i ein vanskeleg økonomisk stilling, og at dette igjen får konsekvensar for framtidig beredskap i krisesituasjonar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Nedre Romerike Brann- og Redningsvesen (NRBR) er eit interkommunalt selskap eid av kommunane Rælingen, Lørenskog og Skedsmo. Selskapet var ansvarleg for å kjøle ned dei brennande tankane på Lillestrøm stasjon. For Nedre Romerike Brann- og Redningsvesen var dette ein kostbar operasjon.

Kommunal- og regionaldepartementet har tidlegare i år løyvd pengar til Åmot kommune til å dekkje ekstraordinære kostnader i samband med ulykka på Åsta stasjon 4. januar 2000.