Historisk arkiv

15 millionar kroner til Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet løyver 15 millionar kroner ekstra til storbykommunen Trondheim. Disse ekstra midlane har bakgrunn i den svært vanskelege økonomiske situasjonen for kommunen.

Pressemelding

Nr.: 13/2002
Dato: 18.02.2002

15 millionar kroner til Trondheim

Kommunal- og regionaldepartementet løyver 15 millionar kroner ekstra til storbykommunen Trondheim. Disse ekstra midlane har bakgrunn i den svært vanskelege økonomiske situasjonen for kommunen.

- Vi vedgår at det er ein del storbyproblem som ikkje speilast i inntektssystemet for kommunane i dag - og at det med rette blir hevda at dette ikkje er eit sjølvforskyldt problem i Trondheim. Derfor er det avgjerande viktig å komme fram til robuste, varige ordningar, seier statssekretær Morten Meyer i Kommunal- og regionaldepartementet.

Departementet vil i samband med Kommuneproposisjonen for 2003 vurdere eit eige storbytilskot til dei større bykommunane.