Historisk arkiv

2,2 millionar kroner til Ørsta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 106/2002
Dato: 17.10.2002

2,2 millionar kroner til Ørsta

Ørsta kommune får 2,2 millionar kroner av Kommunal- og regionaldepartementet til stad- og næringsutvikling.

På tre år er det planlagd tiltak for om lag 31 millionar kroner i Ørsta. Arbeidet første året er kostnadsrekna til 7,5 millionar kroner.

Ørsta kommune er saman med Volda senterkommune i ein av sju økonomiske regionar i Møre og Romsdal. Å styrkje desse regionane til å bli robuste og attraktive senter blir sett på som viktig og er eit satsingsområde i fylkesplanen og den strategiske næringsplanen for fylket.

Eit attraktivt fysisk miljø i sentrum, med gode møteplassar og rom for eit sosialt liv, er viktig både for næringsverksemd og busetjing i ein kommune. Ørsta kommune har gjennom stadanalysen derfor trekt med seg andre i planleggingsarbeidet. Å la ungdom få medverke i planleggingsprosessar, vil gi dei ei kjensle av identitet og truleg skape tilknyting til heimstaden.