2,7 millionar kroner til vassverkutbygging i Ulvik kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 23.05.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 50/2002
Dato: 23.05.2002
2,7 millionar kroner til vassverkutbygging i Ulvik kommune
Kommunal- og regionaldepartementet gir 2,7 millionar kroner til Ulvik kommune i samband med utbetringstiltak ved Osa kommunale vassverk.
Osa kommunale vassverk forsyner om lag 550 abonnentar, fleire institusjonar, turistbedrifter og anna verksemd. Prosjektet er kostnadsrekna til omlag 14,6 millionar kroner.
- Tilfredsstillande vassforsyning til akseptabel pris er ein grunnleggjande føresetnad for folk og lokalt næringsliv. Vassforsyning er i hovudsak eit kommunalt ansvar og det er viktig at det blir arbeidd for at alle skal kunne få vatn som tilfredsstiller drikkevassforskrifta, seier politisk rådgivar Roger Iversen i Kommunal- og regionaldepartementet.