Historisk arkiv

3,7 millionar kroner til Ringebu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 107/2002
Dato: 17.10.2002

3,7 millionar kroner til Ringebu

Ringebu kommune får 3,7 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til utbygging av vass- og avløpsanlegg i samband med næringsutvikling i Kvitfjell vest.

Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 20 millionar kroner og skal i tillegg til framføring av vassforsyning til Kvitfjell vest oppgradere reinseanlegget i Fåvang.
I tillegg til å gi rom for ny reiselivsaktivitet i Kvitfjellområdet, kjem dei planlagde investeringane til å sikre vassforsyninga for etablert næringsliv i Kvitfjell aust.

Vidare tilrettelegging for næringsutvikling i Kvitfjellområdet er avgjerande for ei positiv utvikling i Ringebu og for heile Midt-Gudbrandsdalen. Utviklinga i området vil føre til stor verdiskaping i privat sektor og vere positiv i arbeidet for å oppretthalde folketalet i kommunen.