Historisk arkiv

5,5 millionar kroner til vassverkutbygging i Vik kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 47/2002
Dato: 23.05.2002

5,5 millionar kroner til vassverkutbygging i Vik kommune

Kommunal- og regionaldepartementet gir 5,5 millionar kroner til Vik kommune i samband med utbetringstiltak ved Vik kommunale vassverk.

Vik kommunale vassverk forsyner om lag 1 500 abonnentar, fleire institusjonar, næringsmiddelindustri og anna verksemd. Prosjektet er kostnadsrekna til
om lag 27 millionar kroner.

- Tilfredsstillande vassforsyning til akseptabel pris er ein grunnleggjande føresetnad for folk og lokalt næringsliv. Vassforsyning er i hovudsak eit kommunalt ansvar og det er viktig at det blir arbeidd for at alle skal kunne få vatn som tilfredsstiller drikkevassforskrifta, seier politisk rådgivar Roger Iversen i Kommunal- og regionaldepartementet.