Historisk arkiv

Byggsøk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 93/2002
Dato: 03.10.2002

Byggsøk

Byggsøk legg til rette for elektronisk behandling av byggjesaker og kan takast i bruk neste år.

- Med Byggsøk får vi raskare og ryddigare behandling av plansaker og byggjesøknader, seier kommunalminister Erna Solberg. - Dessutan opnar det for betre effektivitet og kvalitet i sakshandsaminga og høve til betre innsyn.

Statens bygningstekniske etat får ansvaret for drift, vedlikehald og vidareutvikling av Byggsøk etter at prosjektperioden er ute i 2003. Sidan januar i år har prosjektet hatt ein testversjon på Internett som gjer at dei første testkommunane kan bruke Internett til å ta imot byggjesøknader.

Tilbodet om full elektronisk saksbehandling av byggjesaker skal liggje føre neste år.