Juleamnesti for utlendingar i kyrkjeasyl
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.12.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Kommunal- og regionalminister Erna Solberg har gitt juleamnesti til utlendingar som sit i kyrkjeasyl og andre som oppheld seg ulovleg i landet.
Pressemelding
Nr.: 122/2002
Dato: 10.12.2002
Juleamnesti for utlendingar i kyrkjeasyl
Kommunal- og regionalminister Erna Solberg har gitt juleamnesti til utlendingar som sit i kyrkjeasyl og andre som oppheld seg ulovleg i landet.
Det betyr at desse utlendingane ikkje kan pågripast og sendast ut av landet med den grunngjevinga at dei ikkje har lovleg opphald. Juleamnestiet varer frå og med 24. desember til og med 1. januar 2003.